Serienett

Julehefter 2019 - Disneys Ender

An episode of Serienett

By Trond Sätre
About
I Serienetts nyoppstarta podcast prater redaksjonen teikneseriar, både laust og fast og i dybden.
More places to listen
I Serienetts nyoppstarta podcast prater redaksjonen teikneseriar, både laust og fast og i dybden.
serienett.no

More places to listen

Klassisk Amerikana - Ei utdjupning
Med den på nær komplette gjennomgangen av julehefta fullført, har me også produsert ein bonussending der Kristian Hellesund tetter eit av hola i bunken, nemlig Kapteines Jul, og gir meir kontekst til dei andre seriane som går inn under nemninga «Klassisk Amerikana».  Me kjem inn på den nye dokumentarfilmen om Knoll og Totts far, Rudolph Dirks, og Kristian greier ut om eit av sine spesialfelt, Knoll og Totts historie. Med mykje reprisar både i Kapteinens Jul og Knoll Og Tott blir vinnaren det heftet der reprisane ikkje er brukt fullt så mange gonger før. Vidare blir det analyse av fargemønsteret i Fiinbeck og Fia, hundreåringen Barney Google saknast i Snøfte Smiths julehefte, og eit Skipper’n julehefte med Bobby London blir etterlyst, ikkje for første gong.
37:30
November 27, 2019
Julehefter 2019 - Nyare Amerikana
I Serienetts siste regulære julepodcastsending ser panelet vårt mest på amerikanske seriar frå etter 1949. Arild bruker samlenemninga «Sånne hefter som er der heile tida, men som du ikkje er så opptatt av» mens Knut Robert oppsummerar det som «hefter som du kjøper etter du har kjøpt alt som er bra». Men i praksis betyr det amerikanske teikneseriar. Etter å ha vurdert Hårek gjer panelet gjer seg nokre betraktningar om komplettisme før dei går vidare Tommy & Tiger’n – Eit meisterverk, sjølve serien, men kva nytte gjer juleheftet? Tom & Jerry har alltids den dyktige Oscar Martin, men i år har heftet i tillegg nokre serieskaparar som er vanskelegare å identifisere. Pusur overlever framleis som julehefte – «For Førtiåringar som føler seg som femtenåringar» meiner Knut Robert. Til slutt har Billy, overraskande nok, heilt nytt og spesiallaga materiale, av Sam Klein. Særleg bra er det jo ikkje, men Klein og forlaget skal ha for forsøket. Vil Raptus vurdere Sam Klein som Raptusgjest neste år?
19:09
November 25, 2019
Julehefter 2019 - Disneys Ender
I Serienetts sjuande julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen tar for seg det meste uunngåelege av alt (kanskje ved sida av Knoll Og Tott) - Disney Høgdepunktet i denne bunken er allereie omtalt i første sendinga. Å overgå det norske Donald-teamets «Jul På Hjul» blir vanskeleg. Men ennå gjeld regelen om at du får ikkje betre Donald enn Carl Barks, , Donalds Julehistorier (altså den årlege Donaldpocket julespesial) får for ein gongs skuld litt fokus. Ein diskuterer teikneseriemarknaden for Disney generelt, og pocketbøkene sin rolle spesielt, før dei held fram med Walt Disneys Julehefte, God Gammel Årgang, Donald Duck & Co. og naturlegvis Carl Barks’ Jul.
26:34
November 25, 2019
Julehefter 2019 - Moderne norske
I Serienetts  sjette julepodcastsending ser panelet vårt på det som alle(?) har venta på, nemlig dei moderne norske seriane. Denne gjennomgangen er ikkje tematisk komplett. Tidlegare har panelet sett på Kollektivet (veldig bra), Rutetid (bra, men overflødig) og Nemi (ikkje fullt så bra). Då sit ein igjen med Pondus, Snøfall, Lunch, Ruter, Radio Gaga, og Storefri. Nye striper og nye karakterar høgnar nivået for Pondus, mens Snøfall gir assosiasjonar til forsøket med Stompa julehefte. Og kva skjer med Ruter når Rutetid går tilbake til Egmont i 2020? Det spørsmålet er kanskje meir interessant enn julehefta deira. Høgdepunkter: Pondus, Lunch og Radio Gaga er alle anbefalte i år. Men til neste år forlangar panelet noko nytt frå heimefronten, nærmare bestemt eit julehefte frå Therese G. Eide.
24:54
November 25, 2019
Julehefter 2019 - Klassisk Amerikana
I Serienetts  femte julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for seg dei eldste amerikanske seriane. Fleire av seriane som går under det vi kallar klassisk amerikana er nær (eller over) hundre år gamle, men likevel er det mykje reprisar som du ikkje treng å vere eldgammal for å ha lest i eit tidlegare julehefte. Tilgangen på opptrykkbart materiale står dessverre ikkje alltid i forhold til seriane sin alder. Titlane er derfor kjapt gjennomgåtte, sjølv om mange av dei fell i smak.  Panelet tek for seg Snøfte Smith, Skipper’n,  Fiinbeck Og Fia, Knoll Og Tott og  Blondie. Serien Snøfte Smiths 100 års jubileum blir i alle fall markert i forordet, men ein må sjå langt etter noko ikkje tidlegare utgjeve. Høgdepunkt: Knoll Og Tott og Fiinbeck Og Fia er alltid ein favoritt, så lenge det er seriar av henholdsvis Knerr og McManus – Sjølv om det er snakk om reprisar som går i hyppig sirkulasjon.  Elles får Blondie meir rosande omtale enn vanleg i år; det hjelper at årets hefte inneheld stoff frå seriens meir livelege periode, 50-talet.
21:41
November 25, 2019
Julehefter 2019 – Utvalde norske
I Serienetts fjerde julepodcastsending ser Arild Wærness og Knut Robert Knutsen på Rutetid, Kollektivet og Flåklypa. Av svært ulike grunnar fell innhaldet i smak hos panelet vårt. Frode Øverli stadfester sitt omdøme som ein stor humorist med «Rutetid»-heftet. Når så mykje er sagt, treng me eit julehefte til desse teikningane aleine? Særleg når mange av dei enkeltvis blir klistra over ei heil side? Også Kollektivets julehefte får mild kritikk for ein teknisk detalj ved plassutnyttinga, men elles er det snakk om uforbeholdent skryt for Torbjørn Liens lågmælte science fiction-juleforteljing. Flåklypa pleier alltid å vere godt likt av Arild Wærness, uansett i kva slags forum han snakkar om julehefter, og dette året er ikkje eit unntak. Men årets hefte kjem med ein svært bitter bismak, då ein ny Flåklypa-historie som beviseleg var ferdig, likevel ikkje blir utgjeve. I stadet får me ein reprise frå 2007, på ein historie som me i mangel på ein offisiell tittel kan kalle «Mord på Rørosbanen» . Panelet vårt nytter høvet til å oppsummere teikneserien og Juleheftet Flålypas historie.
26:44
November 25, 2019
Julehefter 2019 - For barn
Panelet ser på Snekker Andersen Og Julenissen (og) Den Vesle Bygda Som Glømte At Det Var Jul (puh!), Detektivbyrå Nr. 2 – Jakten På Snøkrystallene, Brillebjørn Og Julenissen og  Barnas Juleroser. Juletre, som allereie er omtala, men som høyrer til i denne gruppa, blir også så vidt trekt fram igjen. Nokre av desse er reine bildebøker, men fordelen med slike julehefter er at det jo er mykje billigare enn ein tilsvarande hardback i bokhandelen. Arild fester seg ved at «alle» jenteheltinner har raudt går, og definisjonen av «barneserie» blir drøfta. Og Brillebjørn har to mammaer. Er det eit progressivt poeng som er verdt å trekke fram? Høgdepunkt: Ved sida av det før omtalte Juletre blir Barnas Juleroser rost opp i skyene, ikkje minst norske serieskaparar sine bidrag til dette heftet. Bygda Som Glømte At Det Var Jul får også klar toppkarakter.
26:59
November 25, 2019
Julehefter 2019 - Norsk nostalgi
Denne gongen går panelet vårt litt i detalj på Ingeniør Knut Berg – Er det på tide å gjere eit nytt forsøk på å revitalisere den norske science fiction-klassikaren, og kven er serieskaparane til å gjere det? Deretter Tuss Og Troll, 91 Stomperud, Vangsgutane og Smørbukk. Sistnemnte må hanskast med hipstarar som kjem for å feire ein mest mogeleg «autentisk» tradisjonell jul på eit nedlagt småbruk. Vossaguten Arild deler på sine eigne erfaringar med slike bygderomantikarar frå byen. Og kva skjedde med kjærleikslivet til Smørbukk, forresten?
41:18
November 25, 2019
Julehefter 2019 – Ymse
I denne første runden ser Arild og Knut på Jul På Skaugum, Arild Midthuns Donald: Jul På Hjul, Nemi, Frost, Juletre, Donalds Glade Jul, Asterix: Gallerhøvdingens Datter (såkalla julehefte), Willy På Eventyr, Hercule Poirot: Mord På Orientekspressen og Donald Duck & Co.: Jul På 50-tallet. Dei drøfter også om forlaga kjem til å gi ut fleire og fleire ikkje julerelevante teikneseriealbum som «julehefter» for å få dei til å selge. Og sjølvsagt det store spørsmålet (som alle eigentleg veit svaret på?): Les ungar teikneseriar lenger? Spoiler: Arild Midthuns Donald og Juletre får suverent høgast karakter av vårt panel i denne runden. Heiderleg omtale går også til Jul På 50-tallet og Hercule Poirot.
1:01:29
November 25, 2019
Make your own podcast for free with Anchor!