Skip to main content
SeriX

SeriX

By Trond Sätre

I SeriX' podcast prater redaksjonen teikneseriar, både laust og fast og i dybden.
Available on
Apple Podcasts Logo
Google Podcasts Logo
Overcast Logo
Pocket Casts Logo
RadioPublic Logo
Spotify Logo
Currently playing episode

Snakke julehefter - Moderne norske

SeriXNov 28, 2020

00:00
35:43
Eg må skape

Eg må skape

I 2024 er det Arilds 60-årsdag, Donald Ducks 90-årsdag og 20-årsmarkeringen for at Arild Midthun blei offisiell Donald-teiknar. Serix startar jubileumsåret med ¨sende ut eit opptak av Arild Midthun frå Bergen Tekst & Tegning

Jan 16, 202447:57
Vi oppsummerer BTT

Vi oppsummerer BTT

Bergen Tekst & Tegning (BTT) blei arrangert 17. til 19. november på hovudbiblioteket i Bergen. Var det ein festival, eller var det noko anna? Det var i alle fall mykje, og gjevande for både deltakarar og dei som var til stades. To av arrangørane, Arild Wærness og Knut Robert Knutsen oppsummerer hendinga og samanliknar med Arild Wæress rike erfaringar frå tidlegare.

Dec 23, 202330:21
Top of the Crop

Top of the Crop

Matterhorn i teikneseriebunken! Ivrige Arild (Wærness) og kritiske Knut (Robert Knutsen) utpeiker årets aller beste: Jeg Donald Duck, Lunch, Ingeniør Knut Berg, Norsk Donald, Flåklypa og Dunce. Med heiderleg omtale til Fiinbeck og Fia.

Dec 12, 202326:13
Norske klassikarar

Norske klassikarar

Ivrige Arild (Wærness) og litt meir sobre Knut (Robert Knutsen) diskuterer dei gamle, norske travarane: Tuss og Troll, Vangsgutane, 91 Stomperud, Jens von Bustenskjold, og Smørbukk.

Dec 12, 202322:07
Disneys jul

Disneys jul

Ivrige Arild (Wærness) og korrekte Knut (Robert Knutsen) diskuterer Disney-julehefter (med mange artige sidespor): Jul på 80-tallet, Carl Barks Jul, Donald Duck Julehistorier, Donald Duck & Co, Walt Disneys Julehefte pluss nokre nye Donald-publikasjonar som ikkje er ein del av den offisielle julemenyen.



Dec 12, 202321:22
Moderne norske

Moderne norske

Juleheftebandittane Arild Wærness og Knut Robert Knutsen tek for seg Rutetid, Nemi, Storefri og Pondus.

Dec 12, 202330:31
Trangt på pallen

Trangt på pallen

Eit Serix-panel beståande av Kristian, Knut og Trond diskuterer årets  julehefte via kategoriane, "Amerikanske", "Norske klassikarar", "Disney", "Barn og familie" og "Moderne norske  (med eit svensk gjestespel)". Panelet prøver også å velge ut årets tre beste, og så mykje kan vi røpe, at særleg ein kategori er tungt representert både i toppsjiktet og blandt dei som får heiderleg omtale.  

Dec 19, 202251:33
Captainjammer Kids

Captainjammer Kids

I meir enn eit hundreår har det eksistert to ulike utgåver av Knoll og Tott, men skotta mellom desse er ikkje alltid like vasstette som dei juridisk burde vere.

Jan 03, 202226:16
Rettferd for Larris

Rettferd for Larris

Arild Wærness, Knut Robert Knutsen, Trond Sätre og Øystein Nordvik frå Serienett sin redaksjon tek ein laus prat om årets julehefter. Vi tek mellom anna ein nærmare kikk på Flåklypa (på ein god måte) og nyvinnga Larris julehefte (IKKJE på ein god måte).

Dec 02, 202145:08
Kriser, den eine mer uendeleg enn den andre

Kriser, den eine mer uendeleg enn den andre

Vi drøfter DC Comics' multi-crossovers frå "Crisis on Infinite Earths" og utover, i lys av DCs norske publikasjonshistorie.

Apr 18, 202140:26
Årsmøte pr. frimerke

Årsmøte pr. frimerke

I årets andre podcast diskuterer SeriX Norgesgruppen sine nye grep, NTFs årsmøte og høgdepunkt blant årets nyheiter. 

Apr 11, 202126:47
Poste Annus Horribilis

Poste Annus Horribilis

I årets første podcast ser Serix-panelet fram mot det nye året, men plukkar også favorittar frå det spesielle året som vi nå prøver å legge bak oss. Panelet sine anbefalingar omfatter "Mitt liv som tegning", "Sapiens", "Solruns Saga", "Tidevann", "Floke" og "Sprint i Sovjet". 


Feb 10, 202145:32
Snakke julehefter - Dei fem (seks) beste

Snakke julehefter - Dei fem (seks) beste

Vi pratar litt om Stjernestøv, Dragevokterens Jul og Detektivbyrå Nr. 2 - alle norske franchiser,  eller potensielle franchiser - av nyare dato før vi oppsummerer. Kva er dei aller beste av alle årets julehefter?

Dec 01, 202010:07
Snakke julehefter - Disney (m.m.)

Snakke julehefter - Disney (m.m.)

Sel julehefter uansett - særleg dersom dei er Donald Duck - eller kan forsida vere briste eller bære? Panelet fokuserer på Disney.

Men først: Nokre av julehefta med amerikanske post-krigsteikneseriar er enten forseinka (Hårek) eller kansellerte (Pusur) i år, så derfor går Billy  og Tommy & Tigern inn i kategorien for diverse saman med Asterix og  Tom & Jerry.  Øystein i panelet finner ikkje Asterix' julehefte salgbart i år grunna forsida, men alle er einige om at heftet inneheld godt stoff.

Vidare blir det sjølvsagt ikkje teikneseriejul utan Disney, og i år er det Frost II som skil seg positivt ut på det reint estetiske planet. For øvrig går det mykje på rutinen i Carl Barks' Jul, Donald Duck & Co (som også får ein smekk for forsidedesignet), Donald Duck - God Gammel Årgang og Walt Disneys Julehefte.

Nov 30, 202022:00
Snakke julehefter - Norsk tradisjon

Snakke julehefter - Norsk tradisjon

Panelet pratar om dei norske klassikararne, pluss eit hefte, eller rettare sagt ei bok, som neppe får ein oppfølgar neste år.

Dei "gode gamle" er ikkje alltid dei mest interessante, og panelet er ikkje imponert over Norsk Barneblad sine hefter i år. Ikkje så veldig over Fonna sine heller, men her kan det komme endringar. Titlane er: Aukrust i Hundre, Fjøsnissens Jul, Smørbukk, Tuss og Troll, 91 Stomperud, Ingeniør Knut berg, Vangsgutane. 

Her må det straks leggast til at det innbundne hyllestalbumet Aukrust i Hundre ikkje berre er eit sidespor i juleheftehylla, men panelet er eigentleg inhabile ettersom Arild Wærness har bidrege til ei av historiane. Boka er likevel for god til å ignorere.

Nov 29, 202021:47
Snakke julehefter - Moderne norske

Snakke julehefter - Moderne norske

Panelet består i år av Arild Wærness, Trond Sätre, Øystein Nordvik og Knut Robert Knutsen. Og det panelet kan vere stort einige om, er at ein tek dei jamt over beste først når ein begynner med den moderne, norske hefta: Donald (Duck) sitt norske julealbum, Flåklypa (Aukrusts Jul), Jul På Hjemmefronten, Lunch, Pondus Storefri, Rutetid og Jul På Skaugum

Det ville vere ei grov forenkling å seie at panelet liker hefta i den rekkefølga, frå best til verst, men det er ikkje så langt frå sanninga, heller. Panelet er ganske samstemte i si hylling av juleheftekunstarar som Arild Midthun og Thierry Cappezzone, til ei viss grad også Haakon W. Isachsen, Therese G. Eide, Frode Øverli og  Børge Lund.  Meiningane er meir delte om Storefri, men panelets fast tilsette lærar kan kanskje hjelpe oss til å forstå seriens popularitet. I Rutetid er det serien om partiet "Fritt" som fascinerer mest, mens Jul På Skaugum er nådelaust raskt oppsummert...

Nov 28, 202035:43
Slik fekk eg Domino til Norge

Slik fekk eg Domino til Norge

Eit panel beståande av Kristian Hellesund, Arild Wærness og Trond Sätre følgjer  opp samtalen om Raptus-gjestene med ein diskusjon om Torunn Grønbekk. Arild Wærness fortel om korleis han fekk ei Marvel-heltinne som han ikkje ein gong kjente til Norge.

Vi minnest Therese G. Eide sine koronateikningar nå som dei er samla, og drøfter kva som gjer dei så mykje betre enn Maja Lundes tilsvarande bok. Kva gjer Therese så god? Alle panelemedlemmer har svara klar.

Til liks med Jens K. Styve har Therese gjort stort comeback innan teikneseriane, og skapt noko som «alle « vil ha. Styve vann som kjent Sproingprisen for beste norske teikneserie, og det er fortent, men panelet etterlyser likevel nye nominasjonsregler for prisen.

Outlands minifestival blir gjennomgått, før det er på tide å sjå litt til haustens mange nye publikasjonar, både dei som allereie er ute, og dei kommande. Panelet er innom Sidequest, Pondus - Hey Nineteen, Solruns Saga, Kollektivet - Fulle Mugger, Lars Fiskes Mitt Liv Som Tegning, Jenny Jordahls Hva Skjedde Egentlig Med Deg, Miso, antologien Troll i Ord, Sigbjørn Lilleengs Inntrenger, Aukrust i 100, Knøttene - Det beste fra 1960-1969 med ny omsetjing av Knut Nærum, Anja Dahles Marbakken, Elastico og omsider den etterlengta Gulosten del 2.

Sep 17, 202041:47
Raptusvorspiel

Raptusvorspiel

Vi veit det ikkje er meininga at Raptusfestivalen skal vere så liten, men under forholda er det vel ikkje til å unngå. Men er det meininga at dei engelskspråklege utgåvene av"Skorpionen" skal vere så små?

Kristian Hellesund har motteke sine engelskspråklege utgåver av Desberg og Marinis "Skorpionen", men er skuffa over formatet. Er dette typisk for Cinebook, UKs største utgjevar av europeisk albumseriar?

Resten av denne vorpsielpocasten er sett av til meir dagsaktuelle tema, inkludert Raptusfestivalen, sjølvsagt. Norges lengstlevande teikneseriefestival var allereie redusert til nokre laurdagstimar på Bergen hovudbibliotek i år, og med ytterlegare koronarestriksjonar i Bergen kommune, spør vi om det i det heile tatt kjem til å vere publikum i salen i morgon, og om strømmeforholda er gode nok.

Ein av gjestene som i alle fall kjem uansett, er Odin Helgheim. Vi drøfter første bindet av "Ragnarok", og snakkar om norrøn mytologi i teikneseriar generelt.

Sep 11, 202017:52
Krüger og Krogh til Bergen?

Krüger og Krogh til Bergen?

I andre del av SeriX’ sommarferiepodcast ser Kristian Hellesund, Arild Wærness og Trond Sätre m.a. på nytt om Tex Willer og Krüger & Krogh.

Disclaimer: Overskrifta er basert på vill gjetting.

Jul 21, 202023:01
Så elegant og så tøft, og så dødt

Så elegant og så tøft, og så dødt

I første del av SeriX’ sommarferiepodcast ser Kristian Hellesund, Arild Wærness og Trond Sätre særleg på aktuelle fransk-belgiske teikneseriealbum.

Jul 19, 202017:49
Brynjer, sverd og slott

Brynjer, sverd og slott

I årets andre SeriX-podcast ser vi tilbake til Raptus 2014 og eit intervju som Knut Robert Knutsen gjorde med Prins Valiant-teiknar Thomas Yeates. 

Mar 15, 202055:43
Krypto-valuta (eller: Debutantar og store forventingar)

Krypto-valuta (eller: Debutantar og store forventingar)

I årets første SeriX-podcast ser Arild Wærness og Trond Sätre fram mot nye, norske teikneseriar.

Mar 03, 202037:58
Klassisk Amerikana - Ei utdjupning

Klassisk Amerikana - Ei utdjupning

Med den på nær komplette gjennomgangen av julehefta fullført, har me også produsert ein bonussending der Kristian Hellesund tetter eit av hola i bunken, nemlig Kapteines Jul, og gir meir kontekst til dei andre seriane som går inn under nemninga «Klassisk Amerikana».  Me kjem inn på den nye dokumentarfilmen om Knoll og Totts far, Rudolph Dirks, og Kristian greier ut om eit av sine spesialfelt, Knoll og Totts historie. Med mykje reprisar både i Kapteinens Jul og Knoll Og Tott blir vinnaren det heftet der reprisane ikkje er brukt fullt så mange gonger før. Vidare blir det analyse av fargemønsteret i Fiinbeck og Fia, hundreåringen Barney Google saknast i Snøfte Smiths julehefte, og eit Skipper’n julehefte med Bobby London blir etterlyst, ikkje for første gong.

Nov 27, 201937:30
Julehefter 2019 - Nyare Amerikana

Julehefter 2019 - Nyare Amerikana

I Serienetts siste regulære julepodcastsending ser panelet vårt mest på amerikanske seriar frå etter 1949.

Arild bruker samlenemninga «Sånne hefter som er der heile tida, men som du ikkje er så opptatt av» mens Knut Robert oppsummerar det som «hefter som du kjøper etter du har kjøpt alt som er bra». Men i praksis betyr det amerikanske teikneseriar.

Etter å ha vurdert Hårek gjer panelet gjer seg nokre betraktningar om komplettisme før dei går vidare Tommy & Tiger’n – Eit meisterverk, sjølve serien, men kva nytte gjer juleheftet? Tom & Jerry har alltids den dyktige Oscar Martin, men i år har heftet i tillegg nokre serieskaparar som er vanskelegare å identifisere. Pusur overlever framleis som julehefte – «For Førtiåringar som føler seg som femtenåringar» meiner Knut Robert. Til slutt har Billy, overraskande nok, heilt nytt og spesiallaga materiale, av Sam Klein. Særleg bra er det jo ikkje, men Klein og forlaget skal ha for forsøket. Vil Raptus vurdere Sam Klein som Raptusgjest neste år?

Nov 25, 201919:09
Julehefter 2019 - Disneys Ender

Julehefter 2019 - Disneys Ender

I Serienetts sjuande julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen tar for seg det meste uunngåelege av alt (kanskje ved sida av Knoll Og Tott) - Disney

Høgdepunktet i denne bunken er allereie omtalt i første sendinga. Å overgå det norske Donald-teamets «Jul På Hjul» blir vanskeleg. Men ennå gjeld regelen om at du får ikkje betre Donald enn Carl Barks, , Donalds Julehistorier (altså den årlege Donaldpocket julespesial) får for ein gongs skuld litt fokus. Ein diskuterer teikneseriemarknaden for Disney generelt, og pocketbøkene sin rolle spesielt, før dei held fram med Walt Disneys Julehefte, God Gammel Årgang, Donald Duck & Co. og naturlegvis Carl Barks’ Jul.

Nov 25, 201926:34
Julehefter 2019 - Moderne norske

Julehefter 2019 - Moderne norske

I Serienetts  sjette julepodcastsending ser panelet vårt på det som alle(?) har venta på, nemlig dei moderne norske seriane.

Denne gjennomgangen er ikkje tematisk komplett. Tidlegare har panelet sett på Kollektivet (veldig bra), Rutetid (bra, men overflødig) og Nemi (ikkje fullt så bra). Då sit ein igjen med Pondus, Snøfall, Lunch, Ruter, Radio Gaga, og Storefri.

Nye striper og nye karakterar høgnar nivået for Pondus, mens Snøfall gir assosiasjonar til forsøket med Stompa julehefte. Og kva skjer med Ruter når Rutetid går tilbake til Egmont i 2020? Det spørsmålet er kanskje meir interessant enn julehefta deira.

Høgdepunkter: Pondus, Lunch og Radio Gaga er alle anbefalte i år. Men til neste år forlangar panelet noko nytt frå heimefronten, nærmare bestemt eit julehefte frå Therese G. Eide.

Nov 25, 201924:55
Julehefter 2019 - Klassisk Amerikana

Julehefter 2019 - Klassisk Amerikana

I Serienetts  femte julepodcastsending tek Arild Wærness og Knut Robert Knutsen for seg dei eldste amerikanske seriane.

Fleire av seriane som går under det vi kallar klassisk amerikana er nær (eller over) hundre år gamle, men likevel er det mykje reprisar som du ikkje treng å vere eldgammal for å ha lest i eit tidlegare julehefte. Tilgangen på opptrykkbart materiale står dessverre ikkje alltid i forhold til seriane sin alder. Titlane er derfor kjapt gjennomgåtte, sjølv om mange av dei fell i smak.  Panelet tek for seg Snøfte Smith, Skipper’nFiinbeck Og Fia, Knoll Og Tott og  Blondie. Serien Snøfte Smiths 100 års jubileum blir i alle fall markert i forordet, men ein må sjå langt etter noko ikkje tidlegare utgjeve.

Høgdepunkt: Knoll Og Tott og Fiinbeck Og Fia er alltid ein favoritt, så lenge det er seriar av henholdsvis Knerr og McManus – Sjølv om det er snakk om reprisar som går i hyppig sirkulasjon.  Elles får Blondie meir rosande omtale enn vanleg i år; det hjelper at årets hefte inneheld stoff frå seriens meir livelege periode, 50-talet.

Nov 25, 201921:42
Julehefter 2019 – Utvalde norske

Julehefter 2019 – Utvalde norske

I Serienetts fjerde julepodcastsending ser Arild Wærness og Knut Robert Knutsen på Rutetid, Kollektivet og Flåklypa.

Av svært ulike grunnar fell innhaldet i smak hos panelet vårt. Frode Øverli stadfester sitt omdøme som ein stor humorist med «Rutetid»-heftet. Når så mykje er sagt, treng me eit julehefte til desse teikningane aleine? Særleg når mange av dei enkeltvis blir klistra over ei heil side? Også Kollektivets julehefte får mild kritikk for ein teknisk detalj ved plassutnyttinga, men elles er det snakk om uforbeholdent skryt for Torbjørn Liens lågmælte science fiction-juleforteljing.

Flåklypa pleier alltid å vere godt likt av Arild Wærness, uansett i kva slags forum han snakkar om julehefter, og dette året er ikkje eit unntak. Men årets hefte kjem med ein svært bitter bismak, då ein ny Flåklypa-historie som beviseleg var ferdig, likevel ikkje blir utgjeve. I stadet får me ein reprise frå 2007, på ein historie som me i mangel på ein offisiell tittel kan kalle «Mord på Rørosbanen» . Panelet vårt nytter høvet til å oppsummere teikneserien og Juleheftet Flålypas historie.

Nov 25, 201926:45
Julehefter 2019 - For barn

Julehefter 2019 - For barn

Panelet ser på Snekker Andersen Og Julenissen (og) Den Vesle Bygda Som Glømte At Det Var Jul (puh!), Detektivbyrå Nr. 2 – Jakten På Snøkrystallene, Brillebjørn Og Julenissen og  Barnas Juleroser. Juletre, som allereie er omtala, men som høyrer til i denne gruppa, blir også så vidt trekt fram igjen.

Nokre av desse er reine bildebøker, men fordelen med slike julehefter er at det jo er mykje billigare enn ein tilsvarande hardback i bokhandelen. Arild fester seg ved at «alle» jenteheltinner har raudt går, og definisjonen av «barneserie» blir drøfta. Og Brillebjørn har to mammaer. Er det eit progressivt poeng som er verdt å trekke fram?

Høgdepunkt: Ved sida av det før omtalte Juletre blir Barnas Juleroser rost opp i skyene, ikkje minst norske serieskaparar sine bidrag til dette heftet. Bygda Som Glømte At Det Var Jul får også klar toppkarakter.

Nov 25, 201926:59
Julehefter 2019 - Norsk nostalgi

Julehefter 2019 - Norsk nostalgi

Denne gongen går panelet vårt litt i detalj på Ingeniør Knut Berg – Er det på tide å gjere eit nytt forsøk på å revitalisere den norske science fiction-klassikaren, og kven er serieskaparane til å gjere det?

Deretter Tuss Og Troll, 91 Stomperud, Vangsgutane og Smørbukk. Sistnemnte må hanskast med hipstarar som kjem for å feire ein mest mogeleg «autentisk» tradisjonell jul på eit nedlagt småbruk. Vossaguten Arild deler på sine eigne erfaringar med slike bygderomantikarar frå byen. Og kva skjedde med kjærleikslivet til Smørbukk, forresten?

Nov 25, 201941:18
Julehefter 2019 – Ymse

Julehefter 2019 – Ymse

I denne første runden ser Arild og Knut på Jul På Skaugum, Arild Midthuns Donald: Jul På Hjul, Nemi, Frost, Juletre, Donalds Glade Jul, Asterix: Gallerhøvdingens Datter (såkalla julehefte), Willy På Eventyr, Hercule Poirot: Mord På Orientekspressen og Donald Duck & Co.: Jul På 50-tallet.

Dei drøfter også om forlaga kjem til å gi ut fleire og fleire ikkje julerelevante teikneseriealbum som «julehefter» for å få dei til å selge. Og sjølvsagt det store spørsmålet (som alle eigentleg veit svaret på?): Les ungar teikneseriar lenger?

Spoiler: Arild Midthuns Donald og Juletre får suverent høgast karakter av vårt panel i denne runden. Heiderleg omtale går også til Jul På 50-tallet og Hercule Poirot.
Nov 25, 201901:01:30