SunnhordlandPodden
By Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPoddenFeb 27, 2020
Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl – om Skag Profilera, Design, Gründerliv og Fusjon
Silvia Karlsen og Anne Grethe Skorpen Dahl har ein lidenskap for design og profilering som er over gjennomsnittet. Sidan 2016 har dei vore på ein spennande reise som gründerar, og hausten 2022 slo dei seg saman med Profilera og skapte design- og profileringsbyrået Skag Profilera.
I denne episoden får du bli betre kjent med Silvia og Anne Grethe, og du vil høyra om både oppturar og nedturar i gründerlivet deira.
Sjekk ut: https://www.skagprofilera.no
Sponsor: Stord Hotell - https://stord-hotell.no
Har du prøvd Sushi frå Stord Hotell?
På Stord Hotell får du servert ferske råvarer av høg kvalitet. Kokken Aleksei har drive med sushi lenge og veit nøyaktig korleis han vil ha det – det handlar om gode råvarer, rett førebuing og presentasjon.
Med lidenskap for faget ønskjer han å by på dei beste sushismakane for lokale og tilreisande gjestar. Du kan ta med heim, eller nyte i Brasserie 59°.
Stor takk til Stord Hotell for at de ville sponse denne episoden.
Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen - om Moster 2024, Jubileumsveka og Logistikk
Det nærmar seg Jubileumsveka på Moster 28. mai – 2. juni 2024. Det er mykje spennande som står på programmet! I denne episoden er Vilde Lundal Santell og Jenny Larsen med og fortel om kva dei ser mest fram til og korleis dette skal bli ei fantastisk oppleving for alle som kjem til Moster.
Du blir også litt betre kjend med Vilde og Jenny, som kan fortelje om alt frå kjøp av Bedehus, DJ-jobb i Los Angeles, bowling på høgt nivå og kunst i ein dusj.
Takk til sponsor: Aker Solutions
Lørdag 18. mai inviterer Aker Solutions deg med på ei heidundrande konsertoppleving i forbindelse med at dei har ferdigstilt produksjonsskipet Johan Castberg FPSO.
Erika Nygård Ormseth - om Nobel, Gründerliv, Mote og Dramatikk
Erika Nygård Ormseth hadde ein draum om ein klesbutikk som var raus, ekte og fin. Det var starten på gründerlivet og oppstarten av Nobel. No har dei lagt bak seg 5 år med drift, og Erika deler om oppturar og utfordringar. Om moter som endrar seg og om dramatikken då søstera Hedda opplevde akutt hjertesvikt.
Familien Jakarian - om Flukta frå Syria, Vegen til Noreg og den krevjande situasjonen dei er i no
I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du møta Tamar Dankarian og Odd Ivar Vik. Dei fortel om Jakarian-familien si flukt frå Syria og deira reise til Noreg.
Du vil høyra om korleis livet var i Syria før 2011 og den dramatiske endringa som skjedde då. Tamar deler historia om korleis dei måtte forlate heimlandet sitt på ein dramatisk måte og korleis det var å kome til Noreg.
Odd Ivar Vik fortel om møtet sitt med Jakarian-familien og kva dei har betydd for Bømlo. Og ikkje minst, du får høyra om korleis livet deira endra seg i 2021 då dei møtte rettssystemet i Noreg.
Vil du støtte Familien Jakarian? Sjekk ut: https://www.spleis.no/project/362662
Vidar Hope – om Kreft, Aktmåling, Redaktørjobben i Sunnhordland og Kulturliv
I februar 2024 gjekk Vidar Hope inn i ein av dei mest spennande mediejobbane på Vestlandet, nemleg som ansvarleg redaktør for avisa Sunnhordland.
I denne episoden skal du få bli litt betre kjent med mannen bak avisa. Vidar deler om reisa han har vore på, ulike kulturprosjekt han har vore med på å dra i gang som Størjevikfestivalen, Bocciafest og Olsen & Jensens viseklubb.
Livet byr på opp- og nedturar. Vidar fortel om utdrikningslag og avskjedskonsert, erfaringar med sjukdom og dødsfall.
Silje Vatne Ersland - om Kattnakken, Pandemien, Mammarollen, Gründerlivet og Jakta på ein ny dagleg leiar
Silje Vatne Ersland fortel om korleis det går med Kattnakken, om oppturar og utfordringar. Korleis er det å kombinere gründerliv og mammarollen? Korleis prega pandemien sal av regntøy? Og kor går vegen vidare for Kattnakken? Styreleiar for Kattnakken, Tor-Olav Sunde, er og med i episoden og fortel om si rolle i Kattnakken. Akkurat no er Kattnakken på jakt etter ein ny dagleg leiar. Vil du vidareutvikle ei av Noregs leiande merkevarear innan regntøy? Då er kanskje denne jobben noko for deg. Høyr meir om stillinga og kva moglegheiter som ventar. Episoden er laga i kommersielt samarbeid med Human AS. Les meir om stillinga her:
Jógvan Brimheim Gunnarsson - Frå Bygda til BI, Standup og Kundereiser
Jógvan Brimheim Gunnarsson har reist frå bygda på Bømlo via BI i Bergen, til Oslo. Han har stått på standup-scener og imponert med imitasjon av blant anna Åge Hareide og Morten Harket. I dag brenn han for gode kundereiser og velferdsteknologi.
Høyr om reisa hans, og du får garantert ein god latter.
Sponsor: Norwegian Mooring - https://www.normoor.no/
Norwegian Mooring tilbyr inspeksjonstenester innan olje og gass med særleg fokus på forankringsutstyr over heile verda.
Norwegian Mooring har lang erfaring og høg kompetanse innan inspeksjon og leverer òg sertifiserte NDT-inspektørar.
Norwegian Mooring er lokalisert på Stord med hovudkontor på Heiane og ein avdeling på Hanøytangen.
I fleire år har Norwegian Mooring vore leverandør av fortøyningsanlegg i cruisenæringa og har utført installasjonar i Geiranger, Flåm, Nordfjordeid, Lakselv, Nynäshamn, Stockholm og Jamaica.
Norwegian Mooring har høgt fokus på miljø.
Teknologien Norwegian Mooring brukar til inspeksjon av forankringsutstyr er energieffektiv og kan spare 35 tonn CO2 årleg samanlikna med ein standardisert inspeksjonsmetode.
Dette svarar til 176 000 kjørte kilometer med bensinbil.
Dette hadde Norwegian Mooring aldri oppnådd utan det lokale engasjementet for energieffektivisering som Sunnhordlands-regionen leiar an i, og vi er stolte av vår lokale tilknyting.
Stor takk til Norwegian Mooring for at dei ville sponse denne episoden.
Marte Rykkje Halstensen – om Endometriose, Kvinnehelse, Arbeidsliv og Muligheter
I denne episoden deler Marte Rykkje Halstensen ærleg om livet med endometriose.
Men me pratar òg om bryllup, draumen om høns og sjølvdyrking.
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno.
Nashmia Sandbugt - om å Flytte Fjell, Kreativitet, Poesi og Musikk
Nashmia Sandbugt fortel om si reise gjennom livet, utfordringar og erfaringar. Ho deler korleis død, sjukdom og smerte har endra henne, men òg korleis det har gjeve inspirasjon til poesi og musikk. Nashmia fortel om verdien av å tenke positivt og ikkje la jantelova bestemme.
Nashmia gav ut ein ny song i januar, "Mountains".
Lytt til sangen Mountains her - https://open.spotify.com/track/74TMsCpapooYoLcJdHNbYd?si=2cda402071eb4a3e
Sjekk ut:
- https://www.instagram.com/paautpust/
- https://www.instagram.com/photobynzsandbugt/
- https://www.instagram.com/nashmia_music/
Ingvild Brekke Myhre - om Læraryrket, Mangfald og Rekruttering
Ingvild Brekke Myhre har påteke seg eit viktig oppdrag, ho skal leie Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering. I denne episoden får du høyre litt om historien til Ingvild, vegen til å bli lærar og kvifor det er viktig å få fleire inn i læreryrket.
Sjekk ut:
- https://burdebli.no/
Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Nasjonalt prosjekt for lærerrekruttering. Prosjektet er finansiert av Kunnskapsdepartementet og har som mål at fleire søkjer lærarutdanning og startar i yrket, og at det er eit større mangfald av lærarar i barnehage og skule.
Hilde Susann Hystad Aadland - om Velferdsteknologi, VR-briller og Livskvalitet
Hilde Susann Hystad Aadland er e-helse konsulent i Stord kommune.
Velferdsteknologi handlar om å gi personar med eit hjelpebehov betre livskvalitet, auka tryggleik og større moglegheit til å klare seg på eigenhand.
Fleire vil trenge tenester frå kommunen i tida som kjem, og me vil mangle arbeidskraft i helse- og omsorgstenesta. Me må tenkje alternativt til dagens måte å gje helsetenester på, og meir bruk av velferdsteknologi er eit av verkemidla.
Les meir på: Velferdsteknologi - Stord kommune
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Stord Kommune.
Lisa Hasholt Fosse og Kai Håkon Sunde - om Talentsenter i Realfag og Barn og Unge med Stort Læringspotensial
Talentsenter i realfag er en sosial og realfaglig møteplass for barn og unge med stort læringspotensial. Fra høsten 2024 starter VilVite opp en satellitt av Talentsenter i realfag i regionen Sunnhordland, i lokalene til HVL på Rommetveit.
Kai og Lisa ønsker å samarbeid med skolene, lærerne, foresatte og lokalt næringsliv for å få dette prosjektet til å bli best mulig.
Elever med stort læringspotensial trenger en møteplass der de kan bli utfordret faglig og ikke minst bli kjent med andre barn/unge med samme interesser.
Det langsiktige målet er at elevene skal se mulighetene og få lysten til å venne hjem til regionen for å bo og jobbe der etter endt studiegang.
Lenker:
Talentsenteret: Talentsenter i realfag på Vilvite i Bergen - VilVite
VilVite: VilVite i Bergen - VilVite
Gode prosjekter som nevnes i podden:
Bli med på superbit-kampen! | Super:bit
e-post:
talentsenter@vilvite.no eller direkte til lihf@vilvite.no eller khs@vilvite.no
Sponsor: Atheno - https://atheno.no/
Inga Pedersen Totland - om Drømmejobben, Kvinnefotball og Sportsklubben Brann
Inga Pedersen Totland frå Bømlo har fått drømmejobben for Sportsklubben Brann. I denne episoden får du høyra om vegen fram til jobben som Innholdsansvarleg for Brann og kva det inneber.
Inga fortel òg om si fotballkarriere, studier på Hawai og korleis det er å svømme med delfinar.
Du får høyra om Kvinnefotball og Jenter vil meir-kampanjen.
Sponsor: OneSource - https://onesource.as/
Aleksander Günther - om Gatekunst, Galleri, Sommerfugl i Vinterland og “Hope For A New Spring”
Torsdag 7. mars kl. 12:00 lanserte Aleksander Günther med sitt nye trykk “Hope For A New Spring”. I denne episoden får du bli litt betre kjent med Aleksander og hans reise som kunstnar. Du får høyra historia om Sommerfugl i Vinterland, ei reise til Afrika og mykje meir.
Sjekk ut:
- https://gallerigunther.com/
- https://www.instagram.com/gallerigunther/
- https://www.facebook.com/gallerigunther/
Sponsor: Leirvik - https://leirvik.com/
Leirvik vert anerkjent som ein verdskjend leverandør innan ingeniørverksemd, innkjøp og konstruksjon, òg kalla EPC, av store aluminiumskonstruksjonar og tilknytte tenester for kundar både til lands og til havs. Selskapet vart grunnlagt i 1946 og har sidan den gong bygd seg opp som ein påliteleg aktør i bransjen gjennom åra. Med hovudkontor på Stord og ein arbeidsstokk på 330 tilsette, leverer Leirvik innovative og berekraftige løysingar innanfor tre marknadsområde: Energi (olje og gass og vindkraft), Havbruk og Infrastruktur. Deira ekspertise strekkjer seg til design, produksjon, installasjon og vedlikehald av aluminiumsprosjekt av ulik storleik og kompleksitet. Leirvik har eit sterkt fokus på kundetilfredshet, kontinuerleg forbetring og ikkje minst tryggleik og trivsel på arbeidsplassen.
Slå gjerne følgje med Leirvik på LinkedIn og Facebook.
Dag Jørund Lønning – om Jordboka for hagen, vårfest i Litlabø samfunnshus og ein tur til Kina
Dag Jørund Lønning er aktuell med ei ny bok «Jordboka for hagen», og laurdag 9. mars inviterer han til Lanseringsfest og Temadag: Naturbygging i hagen, i Litlabø samfunnshus på Stord.
Det blir ei stor vårfest for natur- og hageinteresserte. Kva som skjer der, og kva boka handlar om, får du høyre om i denne episoden, pluss nokre glimt frå Kina.
Sponsor: Hageland Stord
Hageland Stord finn du på Heiane på Stord. Dei har alt du kan tenkje deg av planter og blomster til hus og hage. Leiter du etter potteblomster, hageplanter eller jord og utstyr, finn du det hos Hageland. Dei har òg trær, prydbuskar og hekkplanter, eller kva med nokre nye bringebærbuskar? Kanskje du skulle hatt nokre nye utemøblar? Det finn du òg hos Hageland. Om det er noko du lurar på angåande beplanting og hage, berre spør hos Hageland – dei hjelper deg meir enn gjerne.
Stor takk til Hageland Stord for at de ville vere med som sponsor for denne episoden.
Nina Ingvaldsen - om Heimflytting, Næringsliv og sånne ting
Nina Ingvaldsen er dagleg leiar for Bømlo Næringsråd. I denne episoden vert du betre kjend med reisa til Nina, korleis det var å flytte heim og kva Bømlo Næringsråd held på med.
Sponsor: Finnås Kraftlag
Willie Wågen – om Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre, Bærekraftig Energiteknologi og Pizzabaking
Willie Wågen leiar Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre på Stord.
I denne episoden vert du betre kjend med historia hans og kva Sustainable Energy jobbar med.
Du får svar på:
- Kvifor kastar dei politikarar på sjøen?
- Korleis bidrar Sustainable Energy til det grøne skiftet?
- Kva er ein katapult?
- Kvifor er testfasilitetene på Stord i verdastoppen?
- Kvifor er det viktig med bærekraftig energiteknologi?
Og mykje meir...
Stian Tønder - om ein Dramatisk Fødsel, Kreativitet, Kaizers og TikTok
Stian Tønder jobbar fulltid som rockestjerne, skodespelar og er lærar "på si". Han er ein stille og roleg type, men når han kjem på scena eller framfor eit kamera, då skjer det noko...
I denne episoden blir du litt betre kjend med Stian Tønder, og du får høyra om ein dramatisk fødsel, kreativitet, Kaizers, TikTok + mykje meir.
Reidun Hagenes - om Musikken som Former Menneske
Ho blir omtala som «The Grand Old Lady» når det kjem til kor på Stord, men ho har òg markert seg nasjonalt og internasjonalt.
I denne episoden blir du litt betre kjend med Reidun Hagenes, og høyra om korleis musikken kan utvikla heile mennesket.
Du får høyra om ballett i barndommen, jobben som telegrafist og livet på sjøen, musikkpedagogisk utdanning ved Bergen Musikkonservatorium og oppstart av kor på Stord. Pluss mykje meir!
Atle Wigum - Del 2 - Straumkrisa, Havneområde og den Politiske Situasjonen
Dersom Atle var diktator, korleis ville han ha handtert straumkrisa, kommunens bruk av havneområde og mykje meir. Atle deler òg tankar om inflasjon og den politiske situasjonen på Stord. Trur du Atle kjem til å engasjere seg politisk og stilla til val? Svaret får du i denne episoden.
Atle skriv om podden:
«Når du sliter med å sove, kan jeg anbefale noe som hjelper. Meg på podcast er iallfall billigere en både reseptfrie og reseptbelagte sovemedisiner. Og du får med en tilnærmet garanti for at søvnen kommer raskere enn det Warholm bruker på å hoppe over 10 hekker. Er du fremdeles våken har du seriøst en utfordring. Men kanskje noen nye tanker i bagasjen også.»
Dette er ein episode som i første omgang berre vert sendt til dei som er betalande abonnentar.
Her kan du bli med på laget:
https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe
Lars Jostein Rørvik - om Spelejobbar, Rock- og popband i Kvinnherad og Interessa for Historie
Lars Jostein Rørvik har hatt meir enn 300 spelejobbar i Sunnhordland og Hardanger. Han er litt over snittet interessert i historie og har gitt ut fleire bøker. I denne episoden får du høyre om interessa for fotball, kvifor han heier på Leicester, om å spela opp til dans og mykje meir.
Me pratar om bøkene:
- Jens i Dalen
- Det illegale Sunnhordland: - motstand og etterretning 1940-1945
- Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år
Og ein ny bok som er på gang.
Sponsor: Gaa Paa
Episoden er sponsa av kulturprodusenten Gaa Paa. Gaa Paa arbeidar gjennom sine prosjekt for den levande, ekte og lokale scenekulturen i Kvinnherad. Den 24. februar kjem Gaa Paa til Stord kulturhus og presenterer gigantprosjektet «Pink Floyd Prosjekt 3» som er ein fullskala Pink Floyd-konsert, framført av 20 av dei beste artistane frå Kvinnherad. Frå ein enorm scene, som nett så vidt får plass i kulturhuset, skal publikum bli dratt med inn i Pink Floyd sitt univers gjennom storkonserten, som er bada i godlyd, lys og effektar! Her blir musikk frå ulike album og epokar – låtar me veit Pink Floyd-fans vil setja pris på! Billettar får ein kjøpt hos Stord Kulturhus, på nett og i billettluka. Konserten startar kl. 20:00
Vanja Storetvedt og Vegar Lønnheim – Frå Ynskje til Vilje - Motivasjon for Meir Fysisk Aktivitet
80% av folket i Noreg er ikkje så fysisk aktive som FHI tilrår. Nokre som ynskjer å bidra til å endre dette er coach Vanja Storetvedt og fysioterapeut Vegar Lønnheim. I februar 2024 startar dei opp med motivasjonsretta kurs. Der kan du lære korleis du går frå ynskje til vilje, og får på plass gode treningsrutinar. Kva dette inneber og korleis det kan bidra til betre folkehelse, får du høyre om i denne episoden. Du får gode tips til korleis du kan kome i gang med meir fysisk aktivitet og du får høyre kvifor kognitiv forankring er viktig!
Sjekk ut: https://www.b3helse.no/
Jo Marius Bøyum Bøyabreen – om å Flytte til Bømlo, Brevann og Sprenging av Rundballer
Jo Marius Bøyum Bøyabreen er ein mangesidig kar. Han har ein over gjennomsnittet interesse for Bøyabreen, men er òg glad i Bømlo. Høyr litt om historia hans og kvifor han no har flytta frå Sogn til Bømlo.
Sjekk ut sprenging av rundball her - https://m.youtube.com/watch?si=80FI0uLCVRyYATj0&v=OZaJx5fQRMA&feature=youtu.be
Sponsor: Martech Marine & Industriservice AS
Bli med på konkurransen:
Alle nye følgere på Instagram profilen https://www.instagram.com/martechmarine/ er med i konkurransen om å vinna ein Dewalt-koffert med Bore og Skrumaskin. Trekning 1.juni!
Treng du hjelp med ditt neste prosjekt ta kontakt på 47906868 eller svein@martechmarine.no
Tone Nordtun – om Long Covid og Usynleg Sjukdom
Dei fleste av oss har kome i kontakt med Covid 19-viruset, men for nokon får det større konsekvensar enn for andre. I denne episoden får du eit glimt inn i historien til Tone Nordtun og korleis tilværet kan endre seg for dei som opplever long covid.
Vilde Stokke - om Bømlo teater, zombie-komedien "De Gjenvendte" og Livet i Filmbransjen
Den 26. januar har filmen "De Gjenvendte" premiere. I ei sentral rolle i filmen og i distribusjonsteamet er ein Bømling, nemleg Vilde Stokke!
I denne episoden får du høyre historia til Vilde. Om Bømlo teater, kulturskulen og vegen vidare inn i filmbransjen.
Du får og høyre meir om filmen "De Gjenvendte - Re:Human" og kvifor du kanskje bør sjå den filmen på kino.
Vilde er forresten veldig stor i Kina. Korleis det gjekk til får du og høyra om.
Så lytt, lik og del!
Fortell gjerne ein ven om denne episoden.
Sponsor: Martech Marine & Industriservice AS
Martech har brei kompetanse på kompositt, dei byggjer og reparerer det meste i glas og karbonfiber. Kundane til Martech brukar dei til reparasjon og ombygging av blant anna vindmølleblad, oppdretsbåtar, matfiskproduksjon og større kommersielle fartøy.
Martech sel også glasfiber, polyester og industrimaling rett frå lager.
Treng du hjelp til eit prosjekt kan dei bistå med både materiale utrekning og prosjektplanlegging.
Følg Martech på Facebook, og sjekk i biletearkiv kva oppdrag Martech har gjort for andre.
Ta kontakt på telefon 47 90 68 68 eller send ein e-post til svein@msafe.no.
Aina Thunem – om Mental trening, Livsvisdom og Livet utan Snop
Lurar du på kva Mental trening er for noko og kven det kan vere aktuelt for? Det får du svar på i denne episoden med Aina Thunem - Thunem Talks.
Me tar opp spørsmål som:
- Korleis utdannar ein seg til mental trenar?
- Kven er det som kan ha nytte av mental trening?
- Korleis starte med mental trening?
- Kan ein få treningsverk av mental trening?
- Korleis kan eg bli betre på å takle stress og press gjennom mental trening?
- Korleis kan eg integrere mental trening i kvardagen?
Sponsor: B3 HELSE - https://www.b3helse.no/
B3 HELSE finn du på Heiane på Stord. B3 HELSE er stolt over å kunne tilby eit breitt spekter av helsetenester og rettleiing for å hjelpe deg på vegen til eit sunnare og meir balansert liv. Hos B3 HELSE finn du erfarne fysioterapeutar, muskelterapeut, hudpleie og coaching. Dei har enkel tilgang og parkering i Rundehaugen 19.
Takk for 2023 og Godt Nytt År
Ein stor takk til alle gjester, sponsorar og lyttarar i 2023!
Vonar 2024 blir eit flott podkastår!
Ulvar Akselsen - om Politikk, Samfunnsdeltaking, Helse og Døden
Korleis er det å vere ung, engasjert politikar i Sunnhordland? Kva saker engasjerer mest? I denne episoden blir du betre kjend med Ulvar Akselsen, som er med i Kommunestyret på Stord. Han er medlem av utvalet for Rehabilitering, helse og omsorg. Ulvar har sjølv erfart kor viktig det er å bli møtt på ein god måte når sjukdom rammar. I episoden deler Ulvar korleis det var då faren, Olav Akselsen, vart ramma av hjernesvulst.
Borghild Gullberg Bakka – om Inkludering, Tilflytting og Folk som møter Folk
Borghild Gullberg Bakka har jobba som minoritetsspråkleg rådgjevar i Stord Kommune. I denne episoden deler ho nokre tankar om korleis lokalsamfunnet vårt kan ta imot og ta vare på dei som flyttar til regionen. Du får høyra om arrangement som «Folk møter folk» og korleis ein sjølv kan ta grep for å bli kjent med nye.
Håkon Espeland - om Muybridge, Kamera-teknologi og Gründerskap
Håkon Espeland er Medgrunnleggar og administrerande direktør for Muybridge. I denne episoden deler han litt frå gründerreisa deira, med oppstart i korona-tida. Dei har fått med seg store investorar og har vore ein del av inkubatoren til Atheno.
Muybridge AS er eit teknologiselskap som utviklar nyskapande kamerateknologi som kan nyttast i ulike bransjar – frå videokonferansar, tv-produksjon og sport, til telemedisin, industrielle applikasjonar, tryggleik og overvaking. Teknologien byggjer på multisystem-kamera, bilebrikkar på strips, som kan samanliknast med ein LED-strip.
Sjekk ut: https://www.muybridge.com/
Håkon - https://www.linkedin.com/in/h%C3%A5kon-espeland-291341107/
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno - https://atheno.no/
Monika Gåsland – om Mat på Fat, Lutefisklag og SALMA®-Ambassadør
Monika Gåsland, matentusiasten som deler matglede på Instagram og blant venner, er hovudpersonen i dagens podkastepisode. Bli betre kjent med Monika Gåsland, også kjend som @matpaafat_monika på Instagram. Velkommen til ein smaksrik prat!
Sponsor: Bremnes Seashore AS
Hans-Petter Nesse - om Wärtsilä Norway, 120 års jubileum og om å Skapa Industrihistorie
Hans-Petter Nesse er både Administrerende direktør for Wärtsilä Norge og Director Field Service North Europe for Wärtsilä.
Wärtsilä Norway feirar 120 års jubileum i år og har vore ein teknologipioner i alle desse åra. No skapar dei på ny industrihistorie i Sunnhordland.
I denne episoden får du høyra om historia til både Wärtsilä og Hans-Petter Nesse.
Episoden er lag i eit kommersielt samarbeid med Wärtsilä Norge.
Linda Litlekalsøy Aase – om å Våge å Feile, BÖMLO, SALMA og Jobben som Ny Konsernsjef i Bremnes Seashore
LivePod frå Bømlakonferansen 2023. I denne episoden blir du betre kjent med Linda Litlekalsøy Aase, som er Ny Konsernsjef i Bremnes Seashore.
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Bømlo Næringsråd.
Mingel - årets aller viktigaste møteplass?
Har du høyrt om Mingel?
Mingel er ein ny møteplass for unge som har valt å bu og arbeida i Sunnhordland, og som har eit ynskje om å bli betre kjent med andre fine folk og det som skjer her.
Kanskje årets aller viktigaste møteplass?
Bli betre kjent med Mingel-konseptet i denne episoden!
I denne episoden møter du:
- Ida Solheim Eide
- Carlos Tardon - https://www.linkedin.com/in/carlos-tardon-perez/
- Jørgen Fosse
- Hilde Askvik
- Ole Jacob Eide
- Nina Matre
Sjekk ut: https://www.mingel-event.no/
Episoden er laga i et kommersielt samarbeid med Bu i Sunnhordland - https://www.buisunnhordland.no/
Bente Kari Sletten Taranger – om Austevoll, Ordførarvervet, og Jakta på ny Kommunedirektør
I oktober vart Bente Kari Sletten Taranger den nye ordføraren i Austevoll kommune. I denne episoden blir du litt betre kjent med Bente Kari, Austevoll, og ikkje minst får du høyra om ei viktig stilling som no er ledig - nemlig jobben som kommunedirektør.
Les meir om stillinga her: https://human-as.no/ledig-stilling/351714/kommunedirektf8r/r
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med: Human AS
Morten Helland - om Ordførar-vervet på Bømlo, Dødsing og Framsnakking
Bli betre kjent med den nye ordføraren på Bømlo - Morten Helland. Høyr om hans historie og kvifor han har engasjert seg politisk. Morten deler og tankar om livet på Bømlo og korleis det vil sjå ut framover. Han fortel om dødsing og kvifor framsnakk er så viktig!
Sponsor: Trafikkskulen Din - https://trafikkskulen-din.no/
Trafikkskulen Din held til i trivelige lokale på Svortland og Leirvik.
Trafikkskulen Din - tilbyr trafikalt grunnkurs og opplæring på moped og mopedbil, alle motorsykkelklassar, bil, både automat og manuell og tilhengaropplæring.
Til våren kan du som har mc førarkort bli med oss på rustløysarkurs der det bl.a. blir køyring på go cart banen i Haugesund.
Skal du på campingtur til sommaren eller kjøpa ny båt? Ta tilhengarførarkortet i vinter så er du klar.
Bli ein trygg og sikker trafikant!
Du er velkommen til Trafikkskulen Din
Trafikkskulen Din er tilgjengelege på e-post og telefon kvar dag. Så ring gjerne på 534 11 222.
Eller ta kontakt via post@trafikkskulen-din.no
Ståle og Helge - om Verdig Gravferd, Gründerliv og Gjenbruk
Ståle Mæland og Helge Mæland driv Verdig Gravferd. I denne episoden får du høyra kvifor dei endra livskurs og korleis gründerreisa har vore til no.
Du får og gode tips til kva ein bør tenkja på når ein opplever dødsfall i familien og korleis ein set saman ei gravferdsseremoni. Korleis er livet som gravferdskonsulent og korleis endrar det synet på døden? Kor mykje kostar ei gravferd, og er det grønne skiftet og gjenbruk aktuelt i denne bransjen?
Sjekk ut:
Sponsor: Eide Stein AS - https://eidestein.no/
Eide Stein er Norges største bedrift innen bearbeiding av stein og har over hundre års lang håndverkserfaring i steinfaget, ein moderne maskinpark og effektiv produksjon - noko som gir kundene god faglig trygghet. Dei har levert gravminner i Sunnhordland i mange år, og i tillegg til gravminner leverer dei og benkeplater og interiør. Sjekk ut eidestein.no for meir informasjon, eller kontakt Verdig gravferd.
Kristi Pedersen Madsen – om Brannen for Tysnes, Politikken og Mammarollen
Kristi Pedersen Madsen brenn for Tysnes, jobben og lokalpolitikken. Men og for mammarollen og balanse mellom jobb og fritid. I denne episoden deler Kristi litt av sin historie og erfaringar på godt og vondt i politikken og om kvifor hu vil jobbe for at Tysnes skal bli verdas beste plass å bu, arbeide og leve. Her er det mykje bra framsnakk av fellesskapet på Tysnes og Sunnhordland som region. Del gjerne episoden med nokon som kan ha glede av den!
Følg Kristi på Facebook - https://www.facebook.com/kristisandvik.pedersen
Kristine Bakken Ottesen - om Bryllupsfoto, Ottesen foto og Tips til Bryllupsbilder
Kristine Bakken Ottesen står bak Ottesen foto, https://ottesenfoto.no, og har lang fartstid som Portrettfotograf og Bryllupsfotograf. I denne episoden fortel Kristine om si reise som fotograf, og deler sine beste tips om korleis ein kan ta flotte bryllupsbilder.
Sjekk ut:
Sponsor: Pepper hårstudio
Frisørane på Pepper vil at du som kunde skal få eit avbrekk i kvardagen, ein plass å slappe heilt av. Frisørane på salongen har sine faglige områder som dei har spesialisert seg på. Alt fra brudestyling, brynslaminering, fargeteknikker, føning, klipp og dei tek også hol i øyrene. Dei har også eigen fargespesialist. Pepper er medlem i NFVB, Norske frisør og velværebedrinfter og organistert med tariffavtale.
Dei er opptatt av eit godt arbeidsmiljø som også bidrar til ein god opplevelse for kunden. Pepper Hårstudio held til øverst i borggata og der har dei vert i 23 år.
https://www.ledigtime.no/pepper/p/hjem
Vanja Storetvedt – Frå Kaos til Indre Ro med Coaching
Vanja Storetvedt deler si historie. Høyr om ei inspirerande reise frå kaos og usikkerheit til å finna indre ro og retning. Me dykkar inn i coaching-verda, korleis det skil seg frå terapi, og kva du kan vente når du jobbar med ein coach. Høyr korleis coaching kan hjelpa deg med alt frå å handtera stress til å ta betre avgjerder.
Sjekk ut: https://www.instagram.com/mylcoaching/
Eller ta kontakt via: vanja@mylcoaching.no
Sponsor: Verdig gravferd - https://verdiggravferd.no/
Verdig gravferd har si verksemd i heile Sunnhordland med samtalerom på Stord, Fitjar og Bømlo.
Vårt oppdrag er å tilretteleggja slik at de får ta avskjed med den avdøde på ein verdig måte, der alt det formelle blir ivaretatt.
Sigbjørn Framnes – om Miniski, Bryllup, Forhandlingar og Ordførarjobben på Stord
Sigbjørn Framnes er den første frå FrP som kan smykka seg med tittelen Ordførar på Stord. I denne episoden vert du betre kjend med historia til Sigbjørn Framnes. Høyr om korleis han brakk beine på miniski, om hemmeleg bryllup i Spania og kvifor han har engasjert seg politisk. Og korleis vil den nye koalisjonen prega Stordsamfunnet framover?
Alt dette og mykje meir får du i denne episoden av Sunnhordlandpodden der Sigbjørn Framnes er gjest.
Sponsor: Stord Dekkservice - https://stord-dekkservice.no/
Stord Dekkservice, den største i Sunnhordland innan dekk og felgar. Dei tilsette på Stord Dekkservice går ikkje heim i dekksesongen, før kundane er nøgde. Dei har òg vakttelefon 24/7. Treng du dekkhotell? Stord Dekkservice kan hjelpa deg med det. Dei tilbyr òg andre tenester som bremsebytte, antirustbehandling (Fluid Film), Tysse-hengarar, sjølvvaskehall og gasslevering. Besøk gjerne https://stord-dekkservice.no/ for meir info.
Grethe Hopland Ravn - om Livet som Lokalavisjournalist og Oppstart av ny Podkast
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Grethe Hopland Ravn, ein erfaren journalist frå Etne. Ho deler sin historie og lidenskap for journalistikk og lokalt samfunnsengasjement. Grethe fortel om alt frå å spela klarinett i Etne musikklag, til sitt arbeid som leiar i Norsk journalistlag Haugesund, og om kvifor Grannar no skal starta sin eigen podkast. Høyr på denne episoden for å bli betre kjent med Grethe! Eit spennande møte med ein dedikert journalist i Etne.
Mari Ersland – Om Gründerdraumen og Vegen til å bli Gullsmed
I dag skal du få høyre om Mari Erslands reise som gullsmed. Om handlaga kjærleik og korleis det er å selja smykker til Hollywood.
Sjekk ut:
Sponsor: Sunnhordland Trafikkopplæring AS - https://su-tra.no
Sunnhordland Trafikkopplæring AS vart etablert i 1981 og driv opplæring i klassane A, A1, A2, B, BE, B96, moped og kurs for bedriftar.
Me er etablert med hovedkontor på Stord, men kjører også i Fitjar, Bømlo og Kvinnherad.
Sunnhordland Trafikkopplæring AS er den største trafikkskulen i vår region med 9 tilsette.
Hos oss er eleven i fokus, og i saman når me målet om å bli ein trygg og god sjåfør. Me er tilgjengelige og behjelpelige...Naturlegvis.
Atle Wigum - Om å Bry Seg, Gründerskap, Lederfilosofi og Subshore
Atle Wigum er ein engasjert næringslivsleiar med mange jern i elden. I denne episoden får du høyre historia til Atle, om opp- og nedturar i gründerlivet og kvifor det er viktig å bry seg. Du blir kjend med Subshore (https://subshore.no/), eitt av selskapa Atle styrer, og du får eit innblikk i leiarfilosofien til Atle. Dette er del 1 av intervjuet.
Sponsor: Tysnes Sparebank - https://www.tysnes-sparebank.no/
Tysnes Sparebank er din lokale sparebank i Sunnhordland.
Banken har ei lang og rik historie i regionen vår, og feier i år 160 år som sjølvstendig bank.
Med eit urolig verdsbilete, inflasjon og stigande renter, kan det vera godt å ha ein levande bank å søka råd hjå.
Hos Tysnes Sparebank finn du lokale rådgjevarar som ynskjer å vera ein aktiv medspelar for å finna gode og langsiktige løysingar for kundane sine.
Velkommen til Verdast mest personlege bank!
Mari Pedersen Totland – om Tilfeldigheitar, Vekkflytting, Heimflytting og Konferansen Bømlab(r)u?
Her får du høyre om spontane val og uventa hendingar som har ført Mari Pedersen Totland halve verda rundt, og etter kvart heim igjen. No jobbar ho med å skaffe kompetanse til næringslivet gjennom å få fleire til å flytte til Bømlo og Sunnhordland. Tilflytting er eitt av hovudtema på konferansen til næringsrådet 8. november – ikkje gå glipp av denne!
I dag er episoden laga i eit kommersielt samarbeid med Bømlo Næringsråd.
Bømlo Næringsråd tel om lag 200 medlemsbedrifter frå 24 ulike næringsområde, og er ein sterk interesseorganisasjon og støttespelar i næringsutviklingsprosjekt på Bømlo.
Næringsrådet har som formål å fremja næringslivet sine interesser, skape møteplassar for bedrifter i kommunen, deltar i regionale samarbeidsfora, og koordinere samarbeid mellom skule og næringsliv.
Dei marknadsfører næringslivet og Bømlo som stad å bu, og arbeider aktivt med å tiltrekke og halde på kompetanse til næringslivet gjennom målretta nettverksaktivitetar, særleg retta mot unge og tilflyttarar i arbeidslivet.
8. november inviterer dei til konferansen Bømlab(ru) – ein konferanse om tilflytting, og det å byggje bruer mellom generasjonar, næringar og regionar – ein konferanse der alle bedrifter i Sunnhordland er velkomne.
Sjekk ut: https://www.bomlonr.no/
Olve Akselsen - om Foreininga Ståve, Døden og Nytt Perspektiv på Livet
17.08.2021 gjekk Olve sin far, Olav Akselsen, bort i ein alder av 55 år. Korleis dette påverka livet til Olve, vil du få høyra meir om i denne episoden. Du vil òg bli kjend med den nye foreininga Ståve, som Olve har vore med på å starta opp.
STÅVE – Der Smaker, Minner og Hjertevarme Forenes.
Sjekk ut: https://www.facebook.com/staaav.e
Bli med på veldedighetsmiddag og støtt kampen mot hjernekreft!
Sponsor: URT & UGRAS
Trenger du hjelp med julebordet? Vi tilbyr deilige retter som pinnekjøtt med rikelig kålrotstappe, ribbe med klassisk tilbehør, eller hvorfor ikke prøve vår juletapas? Vi har også utleie av lokaler for 10-60 personer. Bestill catering hos oss i dag!
Oddmund Roalkvam – om idrett, konfliktar og eigedomsforhold
Oddmund Roalkvam er Jordskifteleiar Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett og ein ivrig idrettsmann. I denne episoden får du høyra om idrett, konfliktar og eigedomsforhold. Du får bli betre kjend med korleis jordskifteretten fungerar i praksis.
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med:
Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett.
Aktuelle lenker: www.jordskifte.no og www.domstol.no
Spørsmål me tar opp er blant anna:
- Kva er jordskifteretten?
- Kven kan bringe ei sak inn for jordskifteretten?
- Kva kostar ei jordskiftesak?
Oddmund Roalkvam deler og gode råd til deg som eventuelt har ei konflikt med naboen.
Tommy Johansen - om å Stå i Stormen, Jobben som Kommunedirektør og utfordringar for Stord Kommune
I denne episoden får du eit personleg og nært møte med den nye kommunedirektøren i Stord kommune – Tommy Johansen. Høyr korleis det var å søkja på 200 jobbar, utan å få napp. Om å stå i ulike stormar som toppleiar, og korleis det var å gå av som kommunaldirektør i Bergen. Du får òg ei betre forståing for kva jobben som kommunedirektør inneber, og kva utfordringar Stord kommune står overfor dei komande åra.
Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Stord Kommune.
Litt For Ærlig Samtale med Gro Aina Skauge og Nina Østensjø
Kva får to vaksne damer til å starta ein podkast? Og korleis har reaksjonane vore på at dei deler sin livsvisdom i ein "Litt For Ærleg" podkast?
Gro Aina Skauge og Nina Østensjø deler om sin erfaring med å starte podkast.
Korleis være ærleg og klok samtidig?
Lytt til podkasten "Litt For Ærleg" på Spotify: https://open.spotify.com/show/1JQg8Qcl8zW1KGxGDUFH9g?si=3e2621ed00304160
Sponsor: Haugesund Gulvservice - https://www.haugesundgulvservice.no/
Det er Tom Gaard Langøen som driv Haugesund Gulvservice, og han har utført miljøvennleg fornying av parkett, heiltregolv, trapper og benkeplater på heile Haugalandet sidan 1994! Eg har følgt Haugesund Gulvservice på Instagram og synest det er fascinerande å sjå før- og etterbilete som blir publisert der. Eg anbefalar at du sjekkar ut Haugesund Gulvservice på Instagram eller Facebook! Og har du ein overflate som treng fornying, bør du vere ute i god tid med å booke hjelp frå Haugesund Gulvservice! Husk at det er meir miljøvennleg å fornye gamle golv enn å bytte dei ut! Stor takk til vekas sponsor!
Bjørg Thorhallsdottir og Christin Kalve - om Håp, Destinasjon Glede, Fryd og Energi på Stord
Helga 25.-27. august var ei stor gjeng med damer frå heile landet samla til "Fryd & Energi Retreat" på Stord Hotell. Christin Kalve stod bak arrangementet, og med på laget var Bjørg Thorhallsdottir. I denne episoden fortel dei litt om korleis dette samarbeidet vart til. Du får òg høyre litt om historia til Bjørg Thorhallsdottir, kvifor håp er viktig, og kva grep ein kan ta i livet for å fylle det med glede.
Sunnhordlandpodden gratulerer Christin Kalve med eit flott arrangement! Et glimrende "comeback" på heimebane. Dei fekk vist fram mykje av det flotte som er å oppleve på Stord.
Sponsor: Åtgaum - https://www.aatgaum.no/
Åtgaum er ein bistro og vinbar med deilege lunsjar, fingermat og Pizza! Åtgaum ligg i hjartet av Leirvik sentrum i Torgbakken 7.
Åtgaum heier på god lokalprodusert mat og det vert gjenspegla i menyen. Heile september har Åtgaum 20% på pizza!
Stor takk til Åtgaum for at de ville sponse dagens episode!