Skip to main content
SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

By Kjetil Fyllingen

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - post@sunnhordlandpodden.no Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor
Available on
Apple Podcasts Logo
Google Podcasts Logo
Overcast Logo
Pocket Casts Logo
RadioPublic Logo
Spotify Logo
Currently playing episode

Jan Kåre Pedersen - Sunnhordland Naturgass

SunnhordlandPoddenFeb 27, 2020

00:00
42:59
Hilde Susann Hystad Aadland - om Velferdsteknologi, VR-briller og Livskvalitet
Mar 25, 202436:05
Lisa Hasholt Fosse og Kai Håkon Sunde - om Talentsenter i Realfag og Barn og Unge med Stort Læringspotensial
Mar 18, 202401:05:32
Inga Pedersen Totland - om Drømmejobben, Kvinnefotball og Sportsklubben Brann
Mar 11, 202436:21
Aleksander Günther - om Gatekunst, Galleri, Sommerfugl i Vinterland og “Hope For A New Spring”

Aleksander Günther - om Gatekunst, Galleri, Sommerfugl i Vinterland og “Hope For A New Spring”

Torsdag 7. mars kl. 12:00 lanserte Aleksander Günther med sitt nye trykk “Hope For A New Spring”. I denne episoden får du bli litt betre kjent med Aleksander og hans reise som kunstnar. Du får høyra historia om Sommerfugl i Vinterland, ei reise til Afrika og mykje meir.

Sjekk ut:


Sponsor: Leirvik - https://leirvik.com/


Leirvik vert anerkjent som ein verdskjend leverandør innan ingeniørverksemd, innkjøp og konstruksjon, òg kalla EPC, av store aluminiumskonstruksjonar og tilknytte tenester for kundar både til lands og til havs. Selskapet vart grunnlagt i 1946 og har sidan den gong bygd seg opp som ein påliteleg aktør i bransjen gjennom åra. Med hovudkontor på Stord og ein arbeidsstokk på 330 tilsette, leverer Leirvik innovative og berekraftige løysingar innanfor tre marknadsområde: Energi (olje og gass og vindkraft), Havbruk og Infrastruktur. Deira ekspertise strekkjer seg til design, produksjon, installasjon og vedlikehald av aluminiumsprosjekt av ulik storleik og kompleksitet. Leirvik har eit sterkt fokus på kundetilfredshet, kontinuerleg forbetring og ikkje minst tryggleik og trivsel på arbeidsplassen.

Slå gjerne følgje med Leirvik på LinkedIn og Facebook.

Mar 07, 202401:12:21
Dag Jørund Lønning – om Jordboka for hagen, vårfest i Litlabø samfunnshus og ein tur til Kina

Dag Jørund Lønning – om Jordboka for hagen, vårfest i Litlabø samfunnshus og ein tur til Kina

Dag Jørund Lønning er aktuell med ei ny bok «Jordboka for hagen», og laurdag 9. mars inviterer han til Lanseringsfest og Temadag: Naturbygging i hagen, i Litlabø samfunnshus på Stord.

Det blir ei stor vårfest for natur- og hageinteresserte. Kva som skjer der, og kva boka handlar om, får du høyre om i denne episoden, pluss nokre glimt frå Kina.


Sponsor: Hageland Stord


Hageland Stord finn du på Heiane på Stord. Dei har alt du kan tenkje deg av planter og blomster til hus og hage. Leiter du etter potteblomster, hageplanter eller jord og utstyr, finn du det hos Hageland. Dei har òg trær, prydbuskar og hekkplanter, eller kva med nokre nye bringebærbuskar? Kanskje du skulle hatt nokre nye utemøblar? Det finn du òg hos Hageland. Om det er noko du lurar på angåande beplanting og hage, berre spør hos Hageland – dei hjelper deg meir enn gjerne.

Stor takk til Hageland Stord for at de ville vere med som sponsor for denne episoden.

Mar 06, 202446:13
Nina Ingvaldsen - om Heimflytting, Næringsliv og sånne ting

Nina Ingvaldsen - om Heimflytting, Næringsliv og sånne ting

Nina Ingvaldsen er dagleg leiar for Bømlo Næringsråd. I denne episoden vert du betre kjend med reisa til Nina, korleis det var å flytte heim og kva Bømlo Næringsråd held på med.


Sponsor: Finnås Kraftlag 

Mar 04, 202425:48
Willie Wågen – om Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre, Bærekraftig Energiteknologi og Pizzabaking

Willie Wågen – om Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre, Bærekraftig Energiteknologi og Pizzabaking

Willie Wågen leiar Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre på Stord.

I denne episoden vert du betre kjend med historia hans og kva Sustainable Energy jobbar med.

Du får svar på:

  • Kvifor kastar dei politikarar på sjøen?
  • Korleis bidrar Sustainable Energy til det grøne skiftet?
  • Kva er ein katapult?
  • Kvifor er testfasilitetene på Stord i verdastoppen?
  • Kvifor er det viktig med bærekraftig energiteknologi?

Og mykje meir...


Feb 26, 202439:54
Stian Tønder - om ein Dramatisk Fødsel, Kreativitet, Kaizers og TikTok

Stian Tønder - om ein Dramatisk Fødsel, Kreativitet, Kaizers og TikTok

Stian Tønder jobbar fulltid som rockestjerne, skodespelar og er lærar "på si". Han er ein stille og roleg type, men når han kjem på scena eller framfor eit kamera, då skjer det noko...

I denne episoden blir du litt betre kjend med Stian Tønder, og du får høyra om ein dramatisk fødsel, kreativitet, Kaizers, TikTok + mykje meir.


Feb 19, 202401:03:17
Reidun Hagenes - om Musikken som Former Menneske

Reidun Hagenes - om Musikken som Former Menneske

Ho blir omtala som «The Grand Old Lady» når det kjem til kor på Stord, men ho har òg markert seg nasjonalt og internasjonalt.

I denne episoden blir du litt betre kjend med Reidun Hagenes, og høyra om korleis musikken kan utvikla heile mennesket.


Du får høyra om ballett i barndommen, jobben som telegrafist og livet på sjøen, musikkpedagogisk utdanning ved Bergen Musikkonservatorium og oppstart av kor på Stord. Pluss mykje meir!

Feb 11, 202458:37
Atle Wigum - Del 2 - Straumkrisa, Havneområde og den Politiske Situasjonen

Atle Wigum - Del 2 - Straumkrisa, Havneområde og den Politiske Situasjonen

Dersom Atle var diktator, korleis ville han ha handtert straumkrisa, kommunens bruk av havneområde og mykje meir. Atle deler òg tankar om inflasjon og den politiske situasjonen på Stord. Trur du Atle kjem til å engasjere seg politisk og stilla til val? Svaret får du i denne episoden.


Atle skriv om podden:


«Når du sliter med å sove, kan jeg anbefale noe som hjelper. Meg på podcast er iallfall billigere en både reseptfrie og reseptbelagte sovemedisiner. Og du får med en tilnærmet garanti for at søvnen kommer raskere enn det Warholm bruker på å hoppe over 10 hekker. Er du fremdeles våken har du seriøst en utfordring. Men kanskje noen nye tanker i bagasjen også.» 


Dette er ein episode som i første omgang berre vert sendt til dei som er betalande abonnentar.


Her kan du bli med på laget:

https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe

Feb 09, 202401:37:60
Lars Jostein Rørvik - om Spelejobbar, Rock- og popband i Kvinnherad og Interessa for Historie
Feb 05, 202455:32
Vanja Storetvedt og Vegar Lønnheim – Frå Ynskje til Vilje - Motivasjon for Meir Fysisk Aktivitet
Jan 29, 202446:44
Jo Marius Bøyum Bøyabreen – om å Flytte til Bømlo, Brevann og Sprenging av Rundballer
Jan 22, 202438:60
Tone Nordtun – om Long Covid og Usynleg Sjukdom

Tone Nordtun – om Long Covid og Usynleg Sjukdom

Dei fleste av oss har kome i kontakt med Covid 19-viruset, men for nokon får det større konsekvensar enn for andre. I denne episoden får du eit glimt inn i historien til Tone Nordtun og korleis tilværet kan endre seg for dei som opplever long covid.

Jan 15, 202430:28
Vilde Stokke - om Bømlo teater, zombie-komedien "De Gjenvendte" og Livet i Filmbransjen
Jan 08, 202446:21
Aina Thunem – om Mental trening, Livsvisdom og Livet utan Snop

Aina Thunem – om Mental trening, Livsvisdom og Livet utan Snop

Lurar du på kva Mental trening er for noko og kven det kan vere aktuelt for? Det får du svar på i denne episoden med Aina Thunem - Thunem Talks.

Me tar opp spørsmål som:

  • Korleis utdannar ein seg til mental trenar?
  • Kven er det som kan ha nytte av mental trening?
  • Korleis starte med mental trening?
  • Kan ein få treningsverk av mental trening?
  • Korleis kan eg bli betre på å takle stress og press gjennom mental trening?
  • Korleis kan eg integrere mental trening i kvardagen?


Sponsor: B3 HELSE - https://www.b3helse.no/

B3 HELSE finn du på Heiane på Stord. B3 HELSE er stolt over å kunne tilby eit breitt spekter av helsetenester og rettleiing for å hjelpe deg på vegen til eit sunnare og meir balansert liv. Hos B3 HELSE finn du erfarne fysioterapeutar, muskelterapeut, hudpleie og coaching. Dei har enkel tilgang og parkering i Rundehaugen 19.

Følg med B3 HELSE på Facebook og Instagram.

Jan 01, 202452:12
Takk for 2023 og Godt Nytt År

Takk for 2023 og Godt Nytt År

Ein stor takk til alle gjester, sponsorar og lyttarar i 2023!

Vonar 2024 blir eit flott podkastår!

Dec 31, 202303:08
Ulvar Akselsen - om Politikk, Samfunnsdeltaking, Helse og Døden

Ulvar Akselsen - om Politikk, Samfunnsdeltaking, Helse og Døden

Korleis er det å vere ung, engasjert politikar i Sunnhordland? Kva saker engasjerer mest? I denne episoden blir du betre kjend med Ulvar Akselsen, som er med i Kommunestyret på Stord. Han er medlem av utvalet for Rehabilitering, helse og omsorg. Ulvar har sjølv erfart kor viktig det er å bli møtt på ein god måte når sjukdom rammar. I episoden deler Ulvar korleis det var då faren, Olav Akselsen, vart ramma av hjernesvulst.

Dec 25, 202341:13
Borghild Gullberg Bakka – om Inkludering, Tilflytting og Folk som møter Folk
Dec 17, 202328:59
Håkon Espeland - om Muybridge, Kamera-teknologi og Gründerskap
Dec 10, 202349:25
Monika Gåsland – om Mat på Fat, Lutefisklag og SALMA®-Ambassadør

Monika Gåsland – om Mat på Fat, Lutefisklag og SALMA®-Ambassadør

Monika Gåsland, matentusiasten som deler matglede på Instagram og blant venner, er hovudpersonen i dagens podkastepisode. Bli betre kjent med Monika Gåsland, også kjend som @matpaafat_monika på Instagram. Velkommen til ein smaksrik prat!

Sponsor: Bremnes Seashore AS

Dec 03, 202336:10
Hans-Petter Nesse - om Wärtsilä Norway, 120 års jubileum og om å Skapa Industrihistorie

Hans-Petter Nesse - om Wärtsilä Norway, 120 års jubileum og om å Skapa Industrihistorie

Hans-Petter Nesse er både Administrerende direktør for Wärtsilä Norge og Director Field Service North Europe for Wärtsilä.

Wärtsilä Norway feirar 120 års jubileum i år og har vore ein teknologipioner i alle desse åra. No skapar dei på ny industrihistorie i Sunnhordland.

I denne episoden får du høyra om historia til både Wärtsilä og Hans-Petter Nesse.

Episoden er lag i eit kommersielt samarbeid med Wärtsilä Norge.

Nov 27, 202349:53
Linda Litlekalsøy Aase – om å Våge å Feile, BÖMLO, SALMA og Jobben som Ny Konsernsjef i Bremnes Seashore

Linda Litlekalsøy Aase – om å Våge å Feile, BÖMLO, SALMA og Jobben som Ny Konsernsjef i Bremnes Seashore

LivePod frå Bømlakonferansen 2023. I denne episoden blir du betre kjent med Linda Litlekalsøy Aase, som er Ny Konsernsjef i Bremnes Seashore.


Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Bømlo Næringsråd.

Nov 27, 202328:24
Mingel - årets aller viktigaste møteplass?
Nov 19, 202342:08
Bente Kari Sletten Taranger – om Austevoll, Ordførarvervet, og Jakta på ny Kommunedirektør
Nov 14, 202340:13
Morten Helland - om Ordførar-vervet på Bømlo, Dødsing og Framsnakking

Morten Helland - om Ordførar-vervet på Bømlo, Dødsing og Framsnakking

Bli betre kjent med den nye ordføraren på Bømlo - Morten Helland. Høyr om hans historie og kvifor han har engasjert seg politisk. Morten deler og tankar om livet på Bømlo og korleis det vil sjå ut framover. Han fortel om dødsing og kvifor framsnakk er så viktig!


Sponsor: Trafikkskulen Din - https://trafikkskulen-din.no/


Trafikkskulen Din held til i trivelige lokale på Svortland og Leirvik. 


Trafikkskulen Din - tilbyr trafikalt grunnkurs og opplæring på moped og mopedbil, alle motorsykkelklassar, bil, både automat og manuell og tilhengaropplæring. 

Til våren kan du som har mc førarkort bli med oss på rustløysarkurs  der det bl.a. blir køyring på go cart banen i Haugesund. 

Skal du på campingtur til sommaren eller kjøpa ny båt? Ta tilhengarførarkortet i vinter så er du klar.

Bli ein trygg og sikker trafikant!

Du er velkommen til  Trafikkskulen Din
Trafikkskulen Din er tilgjengelege på e-post og telefon kvar dag. Så ring gjerne på 534 11 222. Eller ta kontakt via post@trafikkskulen-din.no

Nov 12, 202339:06
Ståle og Helge - om Verdig Gravferd, Gründerliv og Gjenbruk
Nov 05, 202358:45
Kristi Pedersen Madsen – om Brannen for Tysnes, Politikken og Mammarollen
Oct 29, 202350:44
Kristine Bakken Ottesen - om Bryllupsfoto, Ottesen foto og Tips til Bryllupsbilder

Kristine Bakken Ottesen - om Bryllupsfoto, Ottesen foto og Tips til Bryllupsbilder

Kristine Bakken Ottesen står bak Ottesen foto, https://ottesenfoto.no, og har lang fartstid som Portrettfotograf og Bryllupsfotograf. I denne episoden fortel Kristine om si reise som fotograf, og deler sine beste tips om korleis ein kan ta flotte bryllupsbilder.

Sjekk ut:


Sponsor: Pepper hårstudio

Frisørane på Pepper vil at du som kunde skal få eit avbrekk i kvardagen, ein plass å slappe heilt av. Frisørane på salongen har sine faglige områder som dei har spesialisert seg på. Alt fra brudestyling, brynslaminering, fargeteknikker, føning, klipp og dei tek også hol i øyrene. Dei har også eigen fargespesialist. Pepper er medlem i NFVB, Norske frisør og velværebedrinfter og organistert med tariffavtale. 

Dei er opptatt av eit godt arbeidsmiljø som også bidrar til ein god opplevelse for kunden. Pepper Hårstudio held til øverst i borggata og der har dei vert i 23 år.

https://www.ledigtime.no/pepper/p/hjem



Oct 22, 202342:24
Vanja Storetvedt – Frå Kaos til Indre Ro med Coaching
Oct 15, 202358:08
Sigbjørn Framnes – om Miniski, Bryllup, Forhandlingar og Ordførarjobben på Stord
Oct 08, 202344:52
Grethe Hopland Ravn - om Livet som Lokalavisjournalist og Oppstart av ny Podkast

Grethe Hopland Ravn - om Livet som Lokalavisjournalist og Oppstart av ny Podkast

I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Grethe Hopland Ravn, ein erfaren journalist frå Etne. Ho deler sin historie og lidenskap for journalistikk og lokalt samfunnsengasjement. Grethe fortel om alt frå å spela klarinett i Etne musikklag, til sitt arbeid som leiar i Norsk journalistlag Haugesund, og om kvifor Grannar no skal starta sin eigen podkast. Høyr på denne episoden for å bli betre kjent med Grethe! Eit spennande møte med ein dedikert journalist i Etne.

Oct 05, 202327:41
Mari Ersland – Om Gründerdraumen og Vegen til å bli Gullsmed

Mari Ersland – Om Gründerdraumen og Vegen til å bli Gullsmed

I dag skal du få høyre om Mari Erslands reise som gullsmed. Om handlaga kjærleik og korleis det er å selja smykker til Hollywood.


Sjekk ut:


Sponsor: Sunnhordland Trafikkopplæring AS - https://su-tra.no


Sunnhordland Trafikkopplæring AS vart etablert i 1981 og driv opplæring i klassane A, A1, A2, B, BE, B96, moped og kurs for bedriftar.
Me er etablert med hovedkontor på Stord, men kjører også i Fitjar, Bømlo og Kvinnherad.
Sunnhordland Trafikkopplæring AS er den største trafikkskulen i vår region med 9 tilsette. 
Hos oss er eleven i fokus, og i saman når me målet om å bli ein trygg og god sjåfør. Me er tilgjengelige og behjelpelige...Naturlegvis.

Oct 01, 202330:49
Atle Wigum - Om å Bry Seg, Gründerskap, Lederfilosofi og Subshore

Atle Wigum - Om å Bry Seg, Gründerskap, Lederfilosofi og Subshore

Atle Wigum er ein engasjert næringslivsleiar med mange jern i elden. I denne episoden får du høyre historia til Atle, om opp- og nedturar i gründerlivet og kvifor det er viktig å bry seg. Du blir kjend med Subshore (https://subshore.no/), eitt av selskapa Atle styrer, og du får eit innblikk i leiarfilosofien til Atle. Dette er del 1 av intervjuet.


Sponsor: Tysnes Sparebank - https://www.tysnes-sparebank.no/


Tysnes Sparebank er din lokale sparebank i Sunnhordland.

Banken har ei lang og rik historie i regionen vår, og feier i år 160 år som sjølvstendig bank.

Med eit urolig verdsbilete, inflasjon og stigande renter, kan det vera godt å ha ein levande bank å søka råd hjå.

Hos Tysnes Sparebank finn du lokale rådgjevarar som ynskjer å vera ein aktiv medspelar for å finna gode og langsiktige løysingar for kundane sine.

Velkommen til Verdast mest personlege bank!

Sep 28, 202301:34:45
Mari Pedersen Totland – om Tilfeldigheitar, Vekkflytting, Heimflytting og Konferansen Bømlab(r)u?
Sep 24, 202338:48
Olve Akselsen - om Foreininga Ståve, Døden og Nytt Perspektiv på Livet
Sep 21, 202345:35
Oddmund Roalkvam – om idrett, konfliktar og eigedomsforhold
Sep 17, 202350:04
Tommy Johansen - om å Stå i Stormen, Jobben som Kommunedirektør og utfordringar for Stord Kommune

Tommy Johansen - om å Stå i Stormen, Jobben som Kommunedirektør og utfordringar for Stord Kommune

I denne episoden får du eit personleg og nært møte med den nye kommunedirektøren i Stord kommune – Tommy Johansen. Høyr korleis det var å søkja på 200 jobbar, utan å få napp. Om å stå i ulike stormar som toppleiar, og korleis det var å gå av som kommunaldirektør i Bergen. Du får òg ei betre forståing for kva jobben som kommunedirektør inneber, og kva utfordringar Stord kommune står overfor dei komande åra.


Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Stord Kommune.

Sep 10, 202301:06:58
Litt For Ærlig Samtale med Gro Aina Skauge og Nina Østensjø

Litt For Ærlig Samtale med Gro Aina Skauge og Nina Østensjø

Kva får to vaksne damer til å starta ein podkast? Og korleis har reaksjonane vore på at dei deler sin livsvisdom i ein "Litt For Ærleg" podkast?

Gro Aina Skauge og Nina Østensjø deler om sin erfaring med å starte podkast.

Korleis være ærleg og klok samtidig?

Lytt til podkasten "Litt For Ærleg" på Spotify: https://open.spotify.com/show/1JQg8Qcl8zW1KGxGDUFH9g?si=3e2621ed00304160


Sponsor: Haugesund Gulvservice - https://www.haugesundgulvservice.no/

Det er Tom Gaard Langøen som driv Haugesund Gulvservice, og han har utført miljøvennleg fornying av parkett, heiltregolv, trapper og benkeplater på heile Haugalandet sidan 1994! Eg har følgt Haugesund Gulvservice på Instagram og synest det er fascinerande å sjå før- og etterbilete som blir publisert der. Eg anbefalar at du sjekkar ut Haugesund Gulvservice på Instagram eller Facebook! Og har du ein overflate som treng fornying, bør du vere ute i god tid med å booke hjelp frå Haugesund Gulvservice! Husk at det er meir miljøvennleg å fornye gamle golv enn å bytte dei ut! Stor takk til vekas sponsor!

Sep 07, 202351:43
Bjørg Thorhallsdottir og Christin Kalve - om Håp, Destinasjon Glede, Fryd og Energi på Stord
Sep 03, 202331:18
Ida Kleppe – om Lundemannsverk, Draumen om eit Småbruk, Lokalmat og Markedshage
Aug 27, 202350:42
Linda Bøthun – om å Skapa Glade Arbeidsdagar, Coaching og Endring
Aug 20, 202346:22
Ole Martin Djupvik – om Opning av ny Klatrehall på Nysæter og Stord Tinde- og Klatreklubb

Ole Martin Djupvik – om Opning av ny Klatrehall på Nysæter og Stord Tinde- og Klatreklubb

Den 19. august kl. 12.00 inviterer Stord Tinde- og Klatreklubb til offisiell opning av den nye klatrehallen på Nysæter. Ole Martin Djupvik, leiar i Stord Tinde- og Klatreklubb, fortel om byggeprosessen og kva du finn i den nye hallen. Om klatremiljøet på Stord og kva som er draumen klubben i tida som kjem. Er du interessert i klatring? Då bør du sjekke ut klatrehallen på Nysæter! For meir info:


Sponsor: Falk Sport - https://falksport.no/falk-sport-stord/


Falk Sport er en sportsbutikk på Heiane Storsenter som leverer alt du trenger for å gjøre deg klar til en aktiv hverdag -enten det er til uteleik, friluftsliv, trening eller om du skal løpe maraton. Når du handler hos Falk Sport kan du være trygg på at du møter ei betjening med spisskompetanse innenfor ulike områder, god lokalkunnskap og som gjør alt de kan for finne rett utstyr for deg og dine behov.

 

Falk Sport er stolt samarbeidspartner til Stord- Tinde og Klatreklubb og har i samarbeid med klubben fått inn et godt varesortiment til klatring. Medlemmer av klatresenteret får 25% rabatt på alt av klatreutstyr i butikken. Velkommen til en hyggelig faghandel hos Falk Sport på Heiane Storsenter!

Aug 17, 202343:29
Kristian Lunde – om Turn, Ein Sprek Alderdom og Fisk på Kroken
Aug 13, 202355:37
Øyvind Kyvik - om Tapet av Faren, Besøk av Kronprinsen og Draumen om å bli Ordførar
Aug 06, 202346:57
Amalie Lepsøy Hansen og Lillianne Drønen Jæger - om Speidaren i Fitjar, Frivilligarbeid og Haugaland KFUK-KFUM

Amalie Lepsøy Hansen og Lillianne Drønen Jæger - om Speidaren i Fitjar, Frivilligarbeid og Haugaland KFUK-KFUM

Speidaren i Fitjar har ventelister med born som vil bli speidarar. Høyr historia om korleis det var å starta opp att med Speidaren i Fitjar. Kva som motiverer leiarane som står på, og kvifor born og unge har det så kjekt på speidaren.

Amalie Lepsøy Hansen og Lillianne Drønen Jæger er gjestar i studio og har eit stort engasjement for friluftsliv, speiding og verdien av speidaren.


Sjekk ut:


Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Haugaland KFUK-KFUM-speidere.


Om Haugaland KFUK-KFUM:

Haugaland KFUK-KFUM-speidarar er speidarkrets frå Fitjar i nord til Bokn i sør, Bømlo og Karmøy i vest og Ullensvang i aust. Kretsen hadde ved siste årsskifte 1201 betalande medlemmar, og har plass til mange fleire. 

Mange grupper driv svært godt, og på grunn av Fitjar sin oppstart i 2020 hadde kretsen auke i medlemstalet gjennom koronaen.

Speidarkretsen har erfarne leiarar på alle område, som meir enn gjerne gir kurs til nye leiarar, ut i frå kva nye leiarar ønskjer seg eller ser behov for. 

Speidarkretsen har leiarsamling tre gongar i året, og 5. november i haust har vi invitert Alexander Read, kjent som «meg» i TV-serien «Mina og meg». På det nye bedehuset i Vats, Arken,  vil han snakke om friluftsliv med barn.  Han er ein svært inspirerande foredragshaldar. 

I februar har kretsen kretsting og i august Kickoff med besøk frå forbundskontoret, for å inspirere til eit nytt speidarår. 

Kvart år i juni arrangerer kretsen Blikshavnleir på Karmøy, for speidarar til og med fjerde klasse. Mange barn og vaksne har hatt sitt første møte med speidartur her. Her er roverane, ungdom som er gått ut 10. klasse og opp til 25 år, med som stab. 

I slutten av juli 2024, har vi kretsleir i Vats, med stort innslag av ungdom frå Europa. I 2025 er det landsleir på Gjøvik. 

---

Speidararbeid er viktig for barn og unge og inspirerande for vaksne som er med.

Jul 30, 202338:19
Elisabeth Moberg og Espen Hana – om Kristina frå Duvemåla, Bømlo Teater og Usannsynleg Mykje Meir
Jul 27, 202301:04:47
Silje Røksund Johannessen - om Mentalt Overskot, Bevegelse og Tips for ein Gladare Kropp
Jul 23, 202301:28:09
Lars K. Vik - om Revy, Idrett, Humor, Musikk og Livet på Fitjar
Jul 16, 202301:05:43
Christin Kalve - om Nedlegging av Livsverket Sport-Treff og Vegen Vidare

Christin Kalve - om Nedlegging av Livsverket Sport-Treff og Vegen Vidare

I mars 2023 måtte Christin Kalve kaste inn handkle. Sport-Treff måtte begjære oppbud. I denne episoden deler Christin om den tøffe tida før og etter denne vonde opplevinga.

SunnhordlandPodden heier på dei som står på i næringslivet, som gründerar, også når det ikkje går slik som ein skulle ønskje.

Denne episoden er kanskje ekstra aktuell for alle gründerkvinner som står på! Del gjerne episoden med nokon du trur kan ha nytte av den.

NB: Få med deg slutten av episoden!

Jul 09, 202354:04