Skip to main content
SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

By Kjetil Fyllingen
SunnhordlandPodden, ein podkast der du får møta spanande personar med ein eller anna tilknyting til Sunnhordland. Me vil heia på dei som står på i næring-, idrett- og kulturliv.
La eldsjeler lysa og tenna nye menneske i brann for regionen vår. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden?
Då er det berre å ta kontakt - kjetil@lekendelett.net
Listen on
Where to listen
Apple Podcasts Logo

Apple Podcasts

Breaker Logo

Breaker

Google Podcasts Logo

Google Podcasts

Overcast Logo

Overcast

Pocket Casts Logo

Pocket Casts

RadioPublic Logo

RadioPublic

Spotify Logo

Spotify

Currently playing episode

Stord-Podden i samarbeid med Sunnhordland - di lokalavis

SunnhordlandPodden

1x
Sindre Vikanes - om arbeidsmarknaden i Sunnhordland
Sindre Vikanes er Marknadsansvarleg for NAV Sunnhordland. I denne episoden får du bli litt betre kjend med Sindre og hans forhold til "mekanisk" doping, makrell i tomat og livet som Arsenal-supportar.  Du får høyra om korleis det går i arbeidslivet i Sunnhordland og ulike tiltak NAV jobbar med for å tilføra rett kompetanse til bedriftene i Sunnhordland.  Vi kjem litt innom «Menn i helse» og arbeidsplassen.no. Sindre deler sine beste tips til arbeidssøkande i Sunnhordland.  Episoden er ein spesialepisode som er laga for Atheno. 
38:06
April 15, 2021
Martin Alvsvåg - Om Rivers.Global og eit reinare hav
Martin Alvsvåg fortel:  Om Rivers.Global og eit reinare hav Om Sjømannskirken Om Bømlo, båtliv, bedehus og bass Om tippen og fotball Då Martin Alvsvåg vaks opp på Rubbestadneset var det ikkje uvanleg at gamle vaskemaskinar vart kasta på havet. No brenn han for oppsamling av plast og eit reinare hav. Ved sida av jobben i Sjømannskirken grunnla Martin i 2018 Rivers.Global. I denne episoden blir du kjent med Martin og Rivers.Global, kva dei jobbar med og korleis du kan bli med på laget. Sjekk ut: https://rivers.global 
37:54
April 8, 2021
Presten Per - Per Hjemdal - om å vera prest på Instagram og sokneprest i Etne
Etter eit seminar om sosiale medier i 2019 tok Per Hjemdal, sokneprest i Etne, steget ut på Instagram.  I dag har han over 2700 følgarar på denne plattforma.  I dagens episode får du høyra meir om historia bak Presten Per, om påska og livet i Etne. 
32:40
April 1, 2021
Jonatan Gniste - om livet som lærar i koronatida
Å jobba i skule og barnehage no i koronatida er krevjande. Og som foreldre kan det vera utfordrande å ha born i skulen, eller heime med undervisning på skjerm. For å prate litt om dette har vi fått med Jonatan Gniste som er hovudtillitsvalgt for Utdanningsforbundet Stord.  Du får og høyra om forskjellar på skule i Noreg og Sverige. Om karriera som handballspelar og kva Utdanningsforbundet jobbar med. 
30:45
March 28, 2021
Mona Vevik og Tove Riise Grastveit - om vegen til ei betre helse
I dag er Mona Vevik og Tove Riise Grastveit gjestar i SunnhordlandPodden.  Mona Vevik var på veg til å bli ufør, men klarte å koma tilbake i full jobb med enkle grep. Denne helsereisa får du høyra om i denne spesialepisoden av SunnhordlandPodden, som er laga for Stord Helhetssenter. 
59:14
March 25, 2021
Torunn Laurhammer - om Stord Folkehøgskule
Ho er pedagog, skuleleiar og samfunnsengasjert lokalpolitikar frå Bømlo. No gler ho seg til å ta fatt på oppgåva som rektor på landets nyaste folkehøgskule på Stord. Bli betre kjend med Torunn Laurhammer i denne spesialepisoden av Sunnhordlandspodden som er laga for Atheno.
36:51
March 18, 2021
Inger Karin Larsen - om sirkus og livet som hotelldirektør for Skånevik Fjordhotell i ei tøff tid
Då hotelldirektør Inger Karin Larsen var ei lita jente, hadde ho ein draum om å reise rundt med sirkuset. Dei siste 16 åra har ho skapt sitt heilt eige sirkus i Skånevik Fjordhotel - der ho balanserer suppeskåler, spreier glede og skapar ei spesiell oppleving for gjestene på Skånevik Fjordhotel. Å vera hotelldirektør er kanskje det nærmaste du kjem eit sirkus? Spesielt no når nesten alle ansatte er permitterte grunna korona - og Inger Karin er både kokk, servitør, reinhaldar og resepsjonist. Ja, i tillegg til ansvaret for sjølve drifta, sjølvsagt. Tidene har aldri vore tøffare, men ho er fast bestemt på å halde fram å sprudle i hotellmanesjen.
38:49
March 11, 2021
Rebekka Hansen Gjerde og Janne Nerheim - om Huldrafjell
På Stord strevde skreddar Rebekka Hansen Gjerde med å finne sin plass i arbeidslivet grunna ein tøff ryggoperasjon. I Skånevik jobba journalist/designar Janne Nerheim med ein idé om lage ein arbeidsplass for flyktningkvinner som treng å jobbe med fag dei er trygge på i ein sårbar livssituasjon der alt anna er nytt. Saman har dei etablert Huldrafjell - ei bedrift som syr barneklede i ein liten fabrikk i Lønningsåsen på Stord. Dei satsar på gjenbruk og utvidar i desse dagar drifta til å også gjelde utleige av gjenbruksklede til barn, og ei abonnementsordning på kleda dei produserer.
53:32
March 4, 2021
Rune Kvilhaugsvik - om grunnen til at dei flytta til Fitjar, gründerliv, iBalanse og kvifor Fitjar er ein fin stad å bu
Rune Kvilhaugsvik høyrde på P3 - flytta til Fitjar. Eller var det sånn? I denne episoden av SunnhordlandPodden får du heile historien om kvifor Rune og Marte Kvilhaugsvik flytta til Fitjar.  Du får og høyra om gründerliv og korleis det er å bygge kontor i garasjen.  Sjekk ut: https://www.ibalanse.as  Følg iBalanse på YouTube.   
56:33
February 25, 2021
Tine Andrea Torkelsen Bergendahl - om det å miste noen, fotointeressen og livet på Bømlo
17. februar i 1996 ble Tine Andrea storesøster. Etter 2 år og 5 dager døde broren. Da var det godt å kunne ta fram bilder og ta vare på minnene etter broren.  På bloggen sin skrev Tine i i 2019: «Idag, på din bursdag vil jeg «snakke» høyt om deg. For du er ikke glemt, vi savner deg. Hver eneste dag.» I år ble det podcastinnspilling på bursdagen.  I denne episoden får du bli litt bedre kjent med Tine Andrea Torkelsen Bergendahl som står bak de flotte instagram-kontoene:  instagram.com/tineandrea/ instagram.com/tineandreafotografi/ instagram.com/bytineandrea/
28:14
February 18, 2021
Nina Meldahl Olsen og Sindre Larsen - om Moster Amfi og Gullvegen Gardstun
Nina Meldahl Olsen og Sindre Larsen er på besøk i studio og fortel om korleis det er å vere del av reiselivssatsinga i Sunnhordland. Og kva som skal til for å vidareutvikla denne. Du får bli godt kjend med det som skjer på Moster Amfi og Gullvegen Gardstun.  Denne episoden er laget for Atheno og er til alle som er opptatt av å framsnakke næringslivet i Sunnhordland!
01:11:27
February 11, 2021
Silje Helen Fyllingen - om Sunnbok - 40 år som nisjebutikk i Leirvik sentrum
I over 40 år har nisjebutikk SunnBok eksistert i dei same lokala i Leirvik sentrum.  I denne episoden fortel dagleg leira, Silje Helen Fyllingen, om korleis det går med butikken.  Give away: Bli med i trekninga av ei «Sunnhordlandpute». Alt du treng å gjera er å følge SunnhordlandPodden på Instagram, eller på Facebook, og kommentera bilete av Silje og puta med ditt favoritt Sunnhordlanduttrykk. Når vi kjem over 1000 følgjere, enten på Instagram eller på Facebook, så trekker vi ut ein vinnar som kan hente puta på SunnBok (eller vi kan sende den i posten til deg, om du bur langt borte).
24:10
February 4, 2021
Ruben Espeland - om dysleksi, kreative prosjekt og ultraløp
Ruben Espeland er ein kreativ type frå Moster.  Han fortel om ulike kreative prosjekt som det å bygge om ein ambulanse til bobil og kva som skal til for å bygge en laserkutter på loftet. Ruben er også glad i å løpe langt, så vi prater litt om ultraløp.  Sjekk ut: https://www.instagram.com/running_norway/ 
01:09:41
January 28, 2021
Kristine Borgemyr - om livet på koronasentralen og det å bli kåra til årets namn 2020
"Koronalege Kristine Borgemyr er av Sunnhordland sine lesarar kåra til årets namn 2020 for innsatsen ho legg ned i pandemien.!" - Avisa Sunnhordland I denne episoden får du høyre meir om korleis livet er på koronasentralen. Kvifor Kristine synes det er kjekt når det er mye som skjer på jobb. Du får og høyra om kakebaking og korleis det kan gå når legefrakken bytes ut med klippemaskin. 
32:10
January 21, 2021
Alejandro Gómez Villanueva - om nynorsk, livet som lærar på Sundhordland folkehøgskule og Fartein Valen
Alejandro Gómez Villanueva har flytta frå Spania til Sunnhordland. I oktober 2020 busette han seg på Stord og pendlar til Sundhordland folkehøgskule på Halsnøy der ha underviser i musikkproduksjon.  I denne episoden får du bli betre kjend med Alejandro og om reisa frå varmen i Malaga til Vestlandet. Du får historia om kvifor han valde nynorsk framfor bokmål, og korleis det var å jobbe som barista i Bergen.  Du får òg eit glimt av masteravhandlinga der han analyserte Fartein Valens orkesterverk «Ode til ensomheten».  Alejandro deler og eit dikt fra samlinga «Poems of a non-sleeper» som du kan sjekke ut her:  https://aldeana.blog/2019/09/16/poans/  
37:29
January 14, 2021
Tove Riise Grastveit - om å leva eit liv i balanse
Sykepleier og Biopat Tove Riise Grastveit forteller om kroppen vår, kosthold og helsa.  Korleis kan me leva eit liv i balanse?  Sjekk ut: Stord Helhetssenter https://www.facebook.com/stordlivsstiloghelse 
58:26
January 7, 2021
Godt nytt år
Takk for at du lytta til podden i 2020.  Vonar 2021 blir eit flott år på alle måtar! 
02:43
December 31, 2020
Lars Jacob Tynes Pedersen og Sveinung Jørgensen - om GRØNN 2021 - MEIRVERDI MED BEREKRAFT
NB: Grøn 2021» flytta til 28. – 29. april I denne episoden av «SunnhordlandPodden-spesial» som er laga for Atheno fortel Lars Jacob Tynes Pedersen og Sveinung Jørgensen om:  Når dei byrja å fatte interessa for berekraft og sirkulærøkonomi - og korleis dei fann saman og vart eit team på dette Kva dei legg i orda berekraft og sirkulærøkonomi Korleis Noreg ligg an i løypa i forhold til andre skandinaviske og europeiske land knytt til denne tematikken Korleis bedriftene i Sunnhordland kan gjere tiltak å gå for meir sirkulære forretningsmodellar for å vinne marknadsandelar i framtida Kva innsikt og verktøy deltakarane på «Grøn 2021» vil få  Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen skal leie workshopen GRØN 2021, om berekraft, i Stord kulturhus  28. – 29. april.  Påmelding her: https://atheno.no/stec_event/gronn-2021-meirverdi-med-berekraft/  Sjekk ut:  https://www.jorgensenpedersen.no 
39:49
December 26, 2020
Irina Eidesvik - om jakten på nye eventyr
I dag møter du Irina Eidesvik i SunnhordlandPodden.  Irina jakter stadig på nye eventyr.  Derfor har hun satsa og starta eit eige fotostudio i kjellaren, i tillegg til jobb, studie og livet som mamma.  Høyr litt om historien til Irina, og kanskje du blir inspirert til å jakte nye eventyr?  Sjekk ut Irina på Instagram: https://www.instagram.com/id_studio_irina_e/ https://www.instagram.com/irinaeidesvik/
38:07
December 17, 2020
Elsa Aanensen – om Moster 2024 og livet som scenekunstnar
I 2024 markerar me at det er 1000 år sidan Olav Den Heilage innførte Kristenretten på Moster. Med dette feirar me starten på rettsstaten og demokratiet i Noreg. For å fortelja meir om kva dette handlar om har eg fått med daglig leiar for Moster 2024, Elsa Aanensen, i studio. Elsa fortel og om ei spennende karriere som scenekunstnar med utdanning frå Liverpool Institute for Performing Arts og Lee Strasberg Theatre Institute i New York.   Sjekk ut:  https://moster2024.no
49:27
December 10, 2020
Ruth Johanne Dalland - om Semje Familieterapi og korleis vi kan få livet til å fungera bra på heimebane
Eg har besøk av Ruth Johanne Dalland som har starta Semje Familieterapi på Tysnes.  Kva er familieterapi?  Kvifor starte for seg sjølv?  Korleis skapa godt samspel mellom mennesker?  Dette og mykje meir får du høyre om i denne episoden. 
47:49
December 3, 2020
Ekstraepisode: Major Harald Gåsø - om Sunnhordland HV område og «Uniform på jobben-dagen»
 Major Harald Gåsø er sjef for Sunnhordland HV område (HV-09213). I denne ekstraepisoden snakker vi om kva Heimevernet kan bidra med i Sunnhordland, og kva som skjer den 4. desember når det er «Uniform på jobben-dagen». 
18:30
November 30, 2020
Yvonne Sandgren - om Prikkar og korleis du kan lukkast med ein nisjebutikk
Torsdag 26. november 2015 opna det ein litt spesiell butikk i Etne. Nemlig Prikkar – som  Yvonne Sandgren står bak. I dag har butikken 5 års jubileum og SunnhordlandPodden tok turen til Etne for å sjekke ut butikken.  Yvonne Sandgren fortel historia om korleis butikken blei starta, og kva som har vært det beste og mest utfordrande dei siste fem åra.  Du får også gode tips om korleis du kan lukkast med ein nisjebutikk.  Følg Prikkar på Instagram: https://www.instagram.com/prikkar/ 
38:25
November 26, 2020
Konserndirektør Sturla Magnus om samanslåinga av Kværner og Aker Solutions
I denne utgåva av Sunnhordlandspodden kan du bli betre kjend med konserndirektør Sturla Magnus i Aker Solutions. Magnus er ein av toppleiarane i det nye, fusjonerte Aker Solutions, og leiar for forretningssegmentet Topsides & Facilities, som inkluderer verfta på Stord, i Verdal, Egersund og Sandnessjøen, fleire store milliardprosjekt og over 3000 tilsette. Magnus er ein sentral person for verftet på Stord, og fortel i intervjuet om bakgrunnen for samanslåinga av Kværner og Aker Solutions og kva dette betyr for aktiviteten på Stord.
30:43
November 19, 2020
John-Inge Rolfsnes - om å gi ut musikk, livet, og Lykte
John-Inge Rolfsnes har gitt ut musikk i mange år.  Han har fått prisen for Sunnhordlandslåten, laga Lovsongsmesse og arrangert lovsongskonsert på Arena.  I denne episoden kan du bli litt betre kjend med John-Inge. Han fortel om oppveksten, om rock på bedehuset og kvifor han spelar gitar i plassen for orgel.  Nylig lanserte han ein ny singel.  Du kan lytte til den her:  https://open.spotify.com/album/1osvA9vgBTY4hpX1u6YHyv?si=uiFhVsNYTLSJjRJCNUHkPw
43:19
November 12, 2020
Fitjar Bart – om movember, menns helse og innsamling
Ørjan Søreide Nordvang og Jonas Monsrud fra Fitjar Bart fortel om kvifor dei no gror bart og er med i movember-bevegelsen.  Movember: Siden 2003 har Movember finansiert mer enn 1250 prosjekter for menns helse verden over, utfordret status quo, fått fart på forskningen rundt menns helse og forvandlet måten helsetjenestene når ut til og støtter menn på. Følg Fitjar Bart: http://instagram.com/fitjarbart https://www.facebook.com/FitjarBart
34:04
November 5, 2020
Karl Joachim Svendsen - tall.guy.runs - om løping og veien ut av depresjon
Karl Joachim Svendsen deler av sin historie om korleis han løp ut av depresjon.   Du får og høyra om korleis det er å løpe rundt øya, og kva du kan gjera om du løper deg vil på Stord.  Slå følge med Karl Joachim Svendsen på: Instagram Bloggen Sportsmanden  
45:58
October 29, 2020
Ekstraepisode: Ein liten oppdatering om SunnhordlandPodden
I dag bikket vi 30 000 avspillinger av podden, og det må jo feires med en liten ekstraepisode til dere som lytter. Å lage SunnhordlandPodden er en festreise. Det er veldig stas med alle de gode folkene som har kommet på besøk i studio og jeg har fått pratet med. Det er kjekt med tilbakemeldinger som jeg får fra dere som lytter, men enda kjekkere er det å høre den responsen som gjester i podden har fått.
02:00
October 25, 2020
Tora Haslum Myklebust - om Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Kva er Samarbeidsrådet for Sunnhordland?  1. juni 2020 fekk samarbeidsrådet for Sunnhorldland ny dagleg leiar. Gro Jensen Gjerde gjekk av med pensjon etter 23 år i stillinga, og inn kom  Tora Haslum Myklebust.  I denne episoden får du høyra litt om historia til Tora og du får eit innblikk i kva Samarbeidsrådet for Sunnhordland er, og kva dei jobbar med. Episoden er sponsa av:  stordanlegg.no
39:35
October 22, 2020
Bodil Haga - om Visit Sunnhordland og korleis du kan lukkast i sosiale medier
Bodil Haga er fungerande leiar for Visit Sunnhordland.  Bodil har lang erfaring som fotograf, designar og bloggar.  Ho veit kor viktig det er med dei gode bileta.  I denne episoden deler ho sine beste tips om korleis du som bedrift eller privatperson kan lukkast i sosiale medier.  Som leiar for Visit Sunnhordland er ho ei av dei som kjenner regionen vår best, og kan gi deg gode tips om kva du bør sjå og oppleva i Sunnhordland.  Sjekk ut: https://www.visitsunnhordland.no https://www.instagram.com/visitsunnhordland/ https://www.facebook.com/visitsunnhordland/ https://www.youtube.com/channel/UCkvYRC-S2NxQw_j_i4-Ap_Q
56:54
October 15, 2020
Kjersti Østang Valvatne - Draumen om eit småbruk i Sunnhordland
Har du ein draum om eit småbruk i Sunnhordland?  Då bør du få med deg denne episoden av SunnhordlandPodden, der Kjersti Østang Valvatne fortel om Valvatne gard.   Korleis er livet på eit småbruk?  Kva gjer du når grisen er så sjuk at den nesten dør?  Kvifor har hanen fått namnet «Generalen»?  Kva bør du tenkja på om du vil starte eit småbruk?  Alt dette og meir til får du svar på i dagens episode.   Sjekk ut:  https://www.instagram.com/valvatnegard/
27:36
October 8, 2020
Espen Brask Nordfonn og Tor Harald Rysjedal - om tv-serien «Culinary Vikings»
Karane i Abstrakt Media har laga eit matprogram utanom det vanlege – «Culinary Vikings».  Kortreist, bærekraftig, folkelig og enkelt.  Espen Brask Nordfonn og Tor Harald Rysjedal oppmodar folk til å komme seg ut å bruke regionen og råvarene me har i Sunnhordland.  «Culinary Vikings» har premiere på Matkanalen laurdag 3. oktober.  Sjekk ut:  https://matkanalen.tv  https://www.abstraktmedia.no https://www.instagram.com/abstrakt__media/ https://www.instagram.com/eraelements/ https://www.sunnhordland.no/kultur/mottest-pa-fisketur-no-lanserer-dei-tv-program/
35:50
October 1, 2020
Anita Hellen Morlandstø - Om Marinaden, merkelige ord og Bouillabaisse
Anita Hellen Morlandstø driv Marinaden på Bømlo.  Marinaden leverer mat til hele distriktet, og er viden kjent for den flotte kvaliteten og dei gode smakane.  I denne episoden får du høyra om kvifor Anita er så opptatt av mat, lukt rare ord og gamle krus.  Korleis Korona-krisa har prega den siste tida, og om det spenstige konseptet #marinadenutegym  Du blir også muligens inspirert til å teste ut ei oppskrift på Bouillabaisse! Sjekk ut https://www.marinaden.no
32:56
September 24, 2020
Brynjar Stautland – om Geopark Sunnhordland
Kva er ein geopark?  Kor finn du Geopark Sunnhordland?  Kvifor er det viktig for Sunnhordland at geoparken får innpass i UNESCO Global Geopark Network?  Alt dette og meir svarar Brynjar Stautland i denne episoden av SunnhordlandPodden.  
38:02
September 17, 2020
Andrea Mikalsen - om dysmeli, gaming og draumejobben
Andrea Mikalsen blei født utan venstre arm. I denne episoden fortel Andrea om oppveksten på Stord, vegen til draumejobben og korleis hu spelar PlayStation-spill. Og ikkje minst kva som er planen den dagen zombie apokalypsen kjem. Du kan følgje Andrea på:  https://www.instagram.com/einarmabanditt/
46:22
September 10, 2020
Åmund Korneliussen - om livet som MekkeMikkel, birøkt og 3D printing
Åmund Korneliussen er ein kreativ type frå Moster på Bømlo.  I denne episoden får du høyra om korleis du kan bli ein birøktar og korleis du kan bygga din eigen 3D printar. 
37:31
September 3, 2020
Nina Østensjø - om «Frå krise til vekst» og Ungt Entreprenørskap
I denne episoden blir du litt betre kjend med Nina Østensjø som jobbar i Atheno.  Her kan du høyra meir om det digitale kompetanseprogrammet «Frå krise til vekst» med Morten William Knutsen, som Atheno inviterer små og mellomstore bedrifter til.  Du får og høyra om Ungt Entreprenørskap. Kva det går ut på og kvifor det er viktig. 
33:04
August 27, 2020
John Martin Mjånes - om SKL, grøn omstilling og livet i kraftbransjen
I denne episoden fortel John Martin Mjånes om korleis det er å vera Administrerande direktør i SKL og om kvifor vannkraft er viktig for grøn omstilling. 
38:20
August 20, 2020
Kari Einarsen - om korleis leiarar kan handtera og førebyggja mobbing og trakassering på arbeidsplassen
I denne podsendinga har me Kari Einarsen på vitjing. Kari kjem frå Jensaneset og har tatt doktorgrad i leiing.  I doktorgradsprosjektet studerte ho korleis me kan rusta organisasjonen gjennom etiske infrastrukturar for å best mogeleg til å kunne handtera og førebyggja mobbing og trakassering på arbeidsplassen.  No for tida jobbar Kari på Institutt for samfunnspsykologi (ISP) ved Universitetet i Bergen, og på Handelsskulen BI. På ISP jobbar ho no med eit prosjekt der dei skal finna ut korleis kollega som er tilskodarar til mobbesituasjonar kan gripa inn og avverja utvikling av mobbing, og slik bidra til organisasjonar si handtering og førebygging av mobbing på arbeidsplassen.
46:27
August 13, 2020
Solveig Meyer Eide - Frå kontorstol til vevstol
I Sunnhordlandpodden denne veka får du møte Solveig Meyer Eide som er aktuell med ny nettbutikk for vevarar og garnentusiastar.  I episoden får du høyre om kvifor Solveig våga å følgje draumane, om lidenskapen for handverkstradisjonar, og om korleis gründerlivet er gjennom augo til ein bedriftsøkonom.   Solveig vil gjere det enkelt for folk å komme i gong med veving. Sjekk ut:  https://vevnad.no  https://www.instagram.com/vevnad/ https://www.facebook.com/vevnad.no/
43:09
July 30, 2020
Simon Nesse Økland - om Salma, Vesters og «Det norske måltid»
Simon Nesse Økland er styreleiar for Bømlo Næringsråd og leiar for utviklingsavdelinga til Bremnes Seashore.  Fire gongar har han vore på podiet og henta premie som vinnar av «Det norske måltid». Du får høyra om korleis han vart interessert i fiske og havbruk, og du får ei god oppskrift på Salma-burgaren. Simon deler også tips om kva du kan utforska på Bømlo.
44:33
July 23, 2020
Sinnamekker´n Ståle Eskeland - om bilar, musikk og anna moro
Ståle Eskeland, kjend som Sinnamekker´n, fortel om oppvekst, hestar og kvifor han elskar bilar med sjel.   Du får og høyra om musikken, pirat-show og andre morosame prosjekt han har på gang. 
21:56
July 16, 2020
Spesialepisode: Den norske filmfestivalen i Haugesund - Festivaldirektør Tonje Hardersen og administrativ leiar Nina Samdal
Har du vurdert å ta turen på Den norske filmfestivalen i Haugesund? Her kan du høyra litt om historia bak festivalen og korleis festivalen blir i år. 
46:04
July 13, 2020
Linda Øen om Sunnhordland museum og «Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes».
I denne episoden blir du betre kjend med Linda Øen, som er direktør for Sunnhordland museum.  Du vil kanskje oppdaga at Sunnhordland museum er større enn du trur! Linda fortel og om utstillinga «Doktor Proktors sensasjonelle samling av dyr du skulle ønske ikke fantes», som du kan sjå på Sunnhordlandstunet i sommar.   
35:06
July 9, 2020
Arnhild Myklebust - om Brilleriet, solbriller og kvifor du bør sjekka synet jamleg
Her fortel Arnhild Myklebust historia bak Brilleriet.  Du får også høyra litt om kvifor solbriller er kult og lurt å bruka i sommar og kvifor det er viktig å sjekka synet jamleg.  Me ser og kor mange ordspel på syn det er mogeleg å få inn i ein episode. 
37:20
July 2, 2020
Elen Gjøsæter - om livet dei siste 100 åra
I dag, den 25. juni 2020 blir Elen Gjøsæter 100 år.  I denne episoden av SunnhordlandPodden deler Elen litt av sin historie.  Du får høyra om raidet på Litlabø, og dramatikk som dagmamma.  Elen kan og avsløra kva som er lurt å gjera for å halda kropp og hode i form. 
27:35
June 25, 2020
Hanne Presthaug og Cathrine Olseth - mammasnappen Kald Kaffi - "Bli kjent gruppa – Stord"
I dag prøver me å ha med to gjester i podkasten.Hanne Presthaug og Cathrine Olseth er engasjert i mammasnappen Kald Kaffi, og har vore med å starta gruppa  «Bli kjent gruppa – Stord».  Sjekk ut:  kald.kaffi on Snapchat Facebookgruppa "Bli kjent gruppa – Stord"  Facebooksida Cokreativ
29:27
June 18, 2020
Elisabeth Aadland Liodden - om Elie Verkstad, gründerliv og kva du kan gjera i hagen no
Elisabeth Aadland Liodden elskar blomar.   Her får du høyra om reisa hennar frå Oslo til Stord, om det å starta eiga bedrift og du får nokre tips om kva du kan gjera i hagen no.   
30:13
June 11, 2020
Rolf Martin Haldorsen - om Tubesnakes og livet som musikar
Rolf Martin Haldorsen frå Tubesnakes er dagens gjest i SunnhordlandPodden.  Du får høyra om korleis interessa for musikk vaks fram og mykje, mykje meir.  
01:03:34
June 5, 2020
Nina Haara Matre om Rørsle og Base Camp Ålfjorden
Nina Haara Matre fortel om reisa frå petroleumsingeniør for Statoil ASA til rørsletrenar i Sveio. Du får også høyra om Base Camp Ålfjorden, du får turtips og høyra kvifor me bør bevega oss meir i kvardagen.
30:44
May 29, 2020
Seminar - Framtida for leverandørindustrien - Stord Næringsråd og Atheno AS
Stord Næringsråd og Atheno AS inviterte onsdag 20. mai til miniseminar om framtida for leverandørindustrien.  Etter avtale med dei har vi fått lov til å dele opptaket på podcasten.  Her får du lytte til de innlegg frå hovudtillitsvalt Atle Tranøy i Aker ASA, Terje Johansen i Kværner, Leif-Ståle Lidal i Leirvik AS, ordførar Jakob Bjelland,  Atle Wigum i Subshore AS, Sylvi Listhaug - FRP,  Martin Tveita i Stord hotell og Henriette Thorsen i Montørjentene med fleire. 
01:15:60
May 22, 2020
Prost Svein Arne Theodorsen - Kyrkja i Korona-krisa og Kristi Himmelfartsdag
Prost Svein Arne Theodorsen fortel om korleis kyrkja har takla Korona-krisa.  Du får og høyra om korleis han havna i Sunnhordland og kva Kristi Himmelfartsdag eigentleg handlar om. 
28:27
May 21, 2020
Hordfast - SunnhordlandPodden
StordPodden har bytta namn til SunnhordlandPodden. I den anledning passar det bra med ein episode med fokus på eit veldig stort og omdiskutert prosjekt for regionen vår. Nemlig Hordfast. Du får møta 4 personar som har eit stort engasjement og sterke mengingar knytt til Hordfast. Lars Solberg – Styreleder for Hordfast As. Magne Misje - Ein flittig debattant på lesarbrevplass i Sunnhordland. Jakob Bjelland - Fungerande Ordfører på Stord Kåre Martin Kleppe - Ordfører på Tysnes.
01:03:04
May 14, 2020
Korleis påverkar koronakrisa handelsstanden på Stord?
Stordpodden tek turen innom nokre butikkar på Stord for å høyra om korleis det går, og om kva dei har gjort for å møta endringar i folk sine handlemønster.  Nina Lovise Langeland i Galleri Giga sel kunst på Instagram.  Odd Gunnar Larsen hos Sport 1 har aldri seld så mange kompass som no.  Øystein Vik hos Kiwi i Sagvåg kan melda om auka omsetnad.  Hedda Pedersen og Malene Grov Almås på Noble har flotte sommarklede klare til trufaste kundar.  Tor Helge Valvatne fortel om korleis Valvatne-gruppa møter utfordringar i byggebransjen.
27:18
May 7, 2020
Hilde Vormedal Nybø - Om det å vera ansvarleg redaktør i Sunnhordland og gode tips til deg som vil bli journalist
Sunnhordland har bursdag i dag den 1. mai. Avisa er 118 år, og då passar det godt å ta ein prat med Hilde Vormedal Nybø, som er ny ansvarleg redaktør i Sunnhordland. Du får også nokre gode tips til korleis du kan bli ein god journalist.
34:07
May 1, 2020
Svein Olav Langåker - Framtida.no, Stord Filmklubb og Miljøagentane
Svein Olav Langåker fortel om oppveksten på Stord, oppstarten av Framtida.no og gode opplevingar med Stord Filmklubb.  Du får også høyra korleis det gjekk då Miljøagentane planta poteter på torget. 
37:00
April 23, 2020
Barbro Høyland Andersen – Preg Design - 7 viktige steg på vegen mot god kommunikasjon
I 2019 startaBarbro Høyland Andersen Preg Design på Stord. Me tek ein prat om kvifor ho sa opp jobben og satsa på eige selskap, og om korleis korona-krisa påverkar Barbro, som har ein lungeskade og er i risikogruppa. Du får også høyra om 7 viktige steg på vegen mot god kommunikasjon. Følg Barbro og Preg Design på: https://www.facebook.com/pregdesign.no/ https://www.instagram.com/pregdesign.no/  https://www.preg-design.no
31:40
April 16, 2020
Kim Rønningstad - om livet som fotballtrenar for Stord sitt A-lag
I desember 2019 tok Kim Rønningstad over som fotballtrenar for Stord sitt A-lag.  I denne episoden av StordPodden blir du litt betre kjend med Kim som faktisk er Norgesmester i  Pro Evolution Soccer. Kim har også ein ganske spesiell uoffisiell verdsrekord og han har testa livet som uteliggar i New York.  NB: Denne episoden vart tatt opp før Korona-krisa. 
38:55
April 9, 2020
Marie Leiknes - om LEIK Knitwear og livet som gründer og strikkedesigner
Marie Leiknes starta LEIK Knitwear på Fitjar i 2017.  Her får du høyra om vegen inn i gründerlivet og korleis det går med bedrifta.  Besøk gjerne: https://leiknitwear.no https://www.instagram.com/leiknitwear/  https://www.facebook.com/pg/leiknitwear/
34:36
April 2, 2020
Hilde Skaar - om musikk, ME og Mars
I denne episoden får du høyra om korleis Hilde Skaar starta på vegen mot popstjernelivet, og om korleis tida med ME og naturen på Stord har påverka musikken.  Du får også svar på store spørsmål, som kven Hilde ville tatt med på ei reise til Mars.
01:01:59
March 26, 2020
Ekstraepisode - Korona-krisen
Du får høyra korleis det er å vera ordførar og kvifor Gaute Epland er i frivilleg karantene.    Astrid Kjellevold fortel om korleis Atheno arbeidar med å hjelpa næringslivet, som no har store utfordringar.    Odd Naustdal fortel om korleis situasjonen er på Kværner.   Rune Ask deler litt om livet som rektor når skulen er tom for elevar.    Og til slutt fortel Reidar Ådnanes om korleis krisa påverkar arbeidet i kyrkja.    NB: Alle intervju er gjort via nett, så lydkavliteten er ikkje på topp.
44:58
March 22, 2020
Terese Fadnes - Makrofotografering og Stord fotoklubb
Her møter du Terese Fadnes som er hobbyfotograf med spesiell interesse for insekt, blomster og naturens detaljar. Sjå bileta ho tek på: https://www.instagram.com/teresefadnes/ 
25:30
March 19, 2020
Stein Eldøy Rosland - Sykkel & Kaffi, stisykling på Stord og vegen vidare
Høyr historia til Stein Eldøy Rosland. Om kvifor han starta Sykkel & Kaffi og kvifor han avvikla drifta.  Du får og høyra om gruppa Stisykling på Stord og kvifor han meiner fleire burde nytta sykkel i kvardagen. 
01:00:53
March 12, 2020
Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt - Flyktningkrisa, reisa til Moria og eit hjarte som blir svart
Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt fortel om korleis det står til i flyktningeleiren i Moria. Dette er ein vond, men viktig episode. Vonar at du vil lytta og del den gjerne med nokon du kjenner. 
51:50
March 5, 2020
Jan Kåre Pedersen - Sunnhordland Naturgass
Jan Kåre Pedersen er ein profilert person på Stord.  I denne episoden får du høyra historia vegen frå telemontør til bedriftsleiar og kvifor han er så engasjert for Sunnhordland Naturgass.  Vi er også innom Stord Handball, turen til Shetland og kvifor han har slutta å drikka øl. 
42:59
February 27, 2020
Berit Hovstad - Bakeri Roleghaugen
Berit Hovstad er bakaren i Roleghaugen.  Her kan du høyra historia om kvifor Berit elskar å baka, og kvifor ho starta eit bakeri i kjellaren. 
32:33
February 20, 2020
Ingvild Hjellestad Johannesen – om Kongens fortenestemedalje, «Ulven og geitekillingene» og Stord Teaterlag
Sidan 1979 har Ingvild Hjellestad Johannesen vore engasjert i Stord Teaterlag. I denne episoden får du høyra litt meir om historia til Ingvild og korleis det kjendest då ho fekk Kongens fortenestemedalje.
38:01
February 13, 2020
Jan Roar Hovland – om Stord Apparatturn og korleis foreldre kan leggja til rette for at born skal oppleva meistring i idrett
Jan Roar Hovland er kanskje Stord sitt svar på Gjert Ingebrigtsen. 6 dagar i veka trener han unge turnarar for Stord Turn.I denne episoden får du høyra kvifor han er så engasjert i turnmiljøet, og korleis me kan legga til rette for at born skal oppleva meistring i idrett.
54:11
February 6, 2020
Christin Kalve – om korleis du kan endra livsstil, trening, kosthald og livet med ADHD
I denne episoden deler Christin Kalve mange gode tips om korleis du kan lukkast med å endra livsstil.
56:01
January 30, 2020
Aase Lilleskare Lund - Om hjelpesending til Haiti og korleis ein god ide kan bli verkeleg
 Aase Lilleskare Lund jobbar for Atheno.  I denne episoden får du høyra om ein dramatisk tur til Haiti, om jobben i Atheno og du får nokre gode tips om korleis ein god ide kan bli verkeleg. 
20:01
January 23, 2020
Magdalena From Delis – om oppveksten, dansen og kva som må til for å lukkast som kunstnar
Når byrja Magdalena From Delis å dansa? Korleis var oppveksten i Sverige? Og blir ho nokon gong redd? Det og mykje meir får du svar på i denne episoden av Stordpodden!
41:42
January 16, 2020
Silje Vatne Ersland – om historia til Kattnakken og korleis du kan lukkast som gründer
Silje Vatne Ersland satsa alt, pantsette leilegheita og investerte i millionklassen for å realisera draumen sin.  Høyr om korleis klesmerket Kattnakken blei til og kvifor det å flytta bedrifta til Stord er det beste ho har gjort. Du får også med deg Silje sine beste tips om korleis du kan lukkast som gründer.
24:05
January 9, 2020
Martha Steinsland Leivestad - Om oppveksten, magen og jobben i NRK 4ETG
Intervju med Martha Steinsland Leivestad. Høyr om oppveksten og vegen til jobben som programleiar i NRK 4ETG. Sjekk ut:  https://www.youtube.com/channel/UCDefjtjdoSkLQxHkc1FBw_Q https://framtida.no/2015/10/29/martha-far-massiv-stotte-etter-a-ha-laga-film-om-magen-sin https://www.sunnhordland.no/nyhende/martha-far-betalt-for-a-tulla-pa-jobben/ 
55:24
January 2, 2020
Gaute Straume Epland - Om livet som ordførar på Stord
Intervju med Gaute Straume Epland.  Hør om oppveksten, veien inn i politikken og den dramatiske hendelsen som førte til at han ble ordfører. 
36:23
December 26, 2019
Gerda Malene Øen - Stord-Fitjar Turlag, Songlaget Stordabuen og livet som pensjonist
Intervju med Gerda Malene Øen om oppveksten på Leirvik, Stord-Fitjar Turlag, Songlaget Stordabuen og livet som pensjonist.  Sjekk ut:  https://www.facebook.com/Stord-Fitjar-Turlag-219085181608775/ https://www.facebook.com/stordabuen/ 
45:41
December 19, 2019
Nuen og kortreist møbelproduksjon - Kristian Harnes
Intervju med Kristian Harnes om Nuen og kortreist møbelproduksjon på Huglo. I dette intervjuet får du høyra meir om historia bak oppstarten av Nuen. Sjekk ut: https://www.nuen.no https://www.instagram.com/nuen.no/  https://www.facebook.com/nuendesign/ Stord-podden er sponsa av Valvatne Bygg, din lokale Blinkhus leverandør 120 år i 2020 .
20:48
December 12, 2019
Stord-Podden i samarbeid med Sunnhordland - di lokalavis
Podcasten blir produsert av Kjetil Fyllingen, i samarbeid med Sunnhordland - di lokalavis. I denne episoden får du høyra ein samtale med Magne Kydland, ansvarleg redaktør for Sunnhordland, om kvifor Sunnhordland no satsar på podkast. Bli abonnent https://www.sunnhordland.no/kundesenter/bli-abonnent/  *Tilboda gjeld husstandar som ikkje har abonnert siste månad. Ungdomstilbodet er berre for nye abonnentar i alderen 18-31 år. For spørsmål, kontakt Kundesenter på tlf. 53 45 00 00, eller kundeservice@sunnhordland.no.
10:42
December 11, 2019
Introduksjon til Stord-Podden
I denne episoden vil du få høyra litt meir om meg og kvifor eg har starta denne podkasten. Bakgrunnen for OpplevStord.no, og litt om planane framover. Ta kontakt med meg via post@visitstord.no om du har innspel! Slå følgje: https://www.facebook.com/OpplevStord/  https://www.instagram.com/opplevstord.no/
04:44
October 16, 2019