Tru og meining i gammal tid
By Eldar Heide
Tru og meining i gammal tidSep 04, 2022
62. Språkmøte på vikingferder. Samtale med språkhistorikar Kristin Bech
Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei landa nordisk? Kunne vikingane andre språk? Eller var det språk som var gjensidig forståelege? Framstiller litteraturen det kanskje som om språkbarrierar ikkje eksisterte?
Andre stikkord: dǫnsk tunga, lingua franca, fransk, latin, frisisk; nordiske vikingtidslånord i engelsk, irsk, fransk og russisk; samisk, Bjarmeland, Ottar frå Hålogaland, kong Alfred, urnordiske lånord i finsk, nordiske stadnamn i England, Kongsspegelen, Kongespeilet, Soga om Gunnlaug Ormstunge, Leiðarvísir, Odd munks soge om Olav Tryggvason, Grágás, fornaldersoger, vendarane, babelfisk, the Hitchikers Guide to the Galaxy, kontrafaktisk historie, slaget ved Edington 878, Stamford Bridge 1066, Harald Hardråde, Matthew Townend.
Innspela i HVLs Medielab 4. januar 2024.
61. Samisk offertradisjon som framleis lever. Intervju med tradisjonsberar Tom Kappfjell
Samane vart offisielt kristna på 16-1700-talet. Men i skjul levde mykje av religionen vidare ei tid, i visse miljø, og visse element i religionen har overlevd til i dag. Det er særleg offertradisjon. Den snakkar vi om i denne episoden, med ein som står i tradisjonen.
Stikkord: Sørsamis religion, levande offertradisjon, landskap, offersteinar, heilage fjell, takkeoffer, samemisjonen, religionsfridom, reindrift, fornorsking.
Innspela på Ås 7. november 2023.
60. Var bygdeborgene kultanlegg? Intervju med arkeolog Jan-Henrik Fallgren
Vi har alltid lært at bygdeborgene var forsvarsanlegg som folk i omlandet kunne søke tilflukt i når det kom ufred - så kunne dei forsvara seg der. Men kanskje var det snarare kultanlegg, samlingsstader for byda, litt som kyrkjene i seinare tid? Her får du høyre eit innlegg for det synet.
Andre stikkord: Öland, Eketorp, Ismantorp, Skedemosse, Hjerteskeppet, Odensala prästgård, Torshälla, hillforts, Irland, England, Kontinentet, Cæsar, Alesia, Delphi, ringforma tunanlegg, Sandtorg, tingstader, hesteløp, skeid, fågelskådning.
Innspela 5. mars 2024.
59. Barneleik før og no. Samtale med kulturhistorikar Audun Kjus
Kva er leik? Kva funksjon og meining har leik, i livet og samfunnet vårt? Korleis blir leikar overførde til nye generasjonar? Korleis oppstår leikar? Kor gamle er dei sentrale leikane våre? Kva skilnad er det på barne- og vaksenleik? Finst det leikforsking? Kva seier i så fall den? Og…korleis går det med tradisjonell leik i dag?
Innspela på Bygdøy 6. mars 2024.
58. Lars Mytting om segner og mytar i Hekne-trilogien
Hekne-trilogien om liv, kjærleik og tragedie i Gudbrandsdalen gjennom tre hundre år trollbind lesarane og er trykt i store opplag. Men kvifor valde Lars Mytting å bygge denne historia på segner og mytar? – Og kvifor skreiv han nokre av dei sjølv? Kvifor meiner han fortida er viktig? Romantiserer han fortida? Her får du nokre svar.
Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein.
Innspela i Oslo 14. februar 2024.
57. Draug, segling, bølgjer og mainnskit. Samtale med historikar Mariann Mathisen
Draugen er ein dauding som seglar i halv båt og varslar uvêr og forlis, eller han prøver å dra deg uti sjøen når du er i fjæra ved naustet ditt. Skal du skremme han bort, så bruk mainnskit. Korleis har førestillingane om draugen oppstått? Kan det vera fysiske og sosiale fenomen på sjøen som ligg bak?
Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein.
56. Seiðr, spinning og ku-lokk
Den viktigaste forma for trolldom i norrøn kultur var seid. Med den kunne ein dra til seg personar eller ressursar, ein kunne skaffe opplysningar, eller spå. Seid var helst for kvinner, og det var perverst på ein eller annan måte, særleg dersom menn dreiv med det. Men korleis ein gjorde det, det seier kjeldene ingen ting om. Då må vi gjera nokre uvanlege metodegrep.
Andre stikkord: seidstav, rokkehovud / distaff, vikingtidskvinnegraver, ekstatisk trolldom, rituelle spesialistar, samiske noaidar, hekser, sopelime, fisken seid, smørkatt, tjuvmjølking, vindtrolldom, gand, folketradisjon, folkloristikk, metode, hyperkritikk.
55. Estetikken i norrøn skaldedikting. Intervju med Bergsveinn Birgisson, norrønfilolog og forfattar
Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant annleis, og den har vi best tilgang til gjennom den norrøne skaldediktinga, som er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Den har eit barokt system av poetiske omskrivingar og eit a-naturalistisk stilideal som heng saman med ein minneteknikk vi kjenner frå mange munnlege kulturar. Bergsveinn Birgisson har doktorgrad på desse temaa.
Innspela i HVLs Medielab 19. oktober 2023.
54. Samisk religion. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen
Kva veit vi om den førkristne religionen til samane? Likna han den norrøne religionen? Tja, han likna på ein del måter, og var ulik på andre måtar, og vi kan sjå at det var kontakt mellom religionane. Kjeldesituasjonen er vanskeleg i begge tilfella, men på ulike måtar. Kanskje er det misvisande å snakke om samisk religion?
Innspela i HVLs Medielab 16.11.2023.
53. Samlivsråd i vikingtida. Samtale med familiepsykolog Frode Thuen
Kva slag samlivsproblem hadde folk i vikingtida? Kva råd kunne vi ha gjeve til folk som stod i sånne problem – ut frå normene i dag, og normene den gongen? Kva var for resten normene den gongen, og korleis skilde dei seg frå dagens?
Andre stikkord: Kjønnsroller, perversjon, utruskap, blodhemn, ære, status, fredløyse, snikmord, islendingsoger, kongesoger, Soga om laksdølane, Soga om Gisle Sursson, Njålssoga, Olav Tryggvason, Sigrid Storråde, Slaget ved Svolder
52. Ståle i Setesdal og Stállu hos samane – greiner av utgammal julebukktradisjon
Over store delar av Nord-Europa har det vore tradisjon for at barn og unge særleg i romjula kler seg ut og går frå hus til hus og gjer spikk og vil ha julemat og drykk. Hos oss no kallar dei fleste dette for å gå julebukk. Men i tradisjonane blir eit slikt følgje òg kalla julesveinar, julegeit og mykje anna, og det er både eit overnaturleg følgje og eit følgje av menneske utkledde som det overnaturlege. I Setesdal kan leiaren for eit slikt følgje kallast for Ståle. Det ser ut til å vera same ord som samisk Stállu, og i så fall viser det eit urgammalt samband i tradisjonane.
51. Mosegrodde forteljingar i dag. Samtale med forteljar Heidi Dahlsveen
Kan mosegrodde forteljingar som eventyr og segner ha nokon viktig plass i dagens samfunn? Ja, det er til og med viktig at dei har det. Men korleis kan dei ha det? Vi spør ein profesjonell forteljar.
Andre stikkord: populærkultur, Hollywood, dataspel / dataspill / gaming, barnehage, barneskule, personleg utvikling, toleranse, kreativitet, fantasi, kunstig intelligens, Oskefisen / Oskeladden / Askeladden, munnleg kultur, forteljetradisjon, folkloristikk.
Innspela i Oslo 14. oktober 2023
50. Indoeuropeisk religion. Intervju med religionshistorikar Peter Jackson Rova
Dei fleste språk i Europa stammar frå eit indoeuropeisk urspråk som truleg vart snakka på steppene nord for Svartehavet 3-4 tusen før Kristus. Ganske mykje av det urspråket kan vi rekonstruere. Men kva kan vi rekonstruere av religionen eller ideologien til dei som snakka det språket?
Andre stikkord: Vedisk religion, Rigveda, sanskrit, Homer, Illiaden, Odysseen, iransk religion, gammalgresk, Håvamål, steppefolk, Ukraina, Sør-Russland, indoeuropeisk språk, komparativ historisk språkvitskap, rekonstruksjon, Dumézil, Kurgan, jamnakulturen (yamnakulturen), Zevs / Zeus, Ty / Týr, Dievas, Dievs, Perkunas, Fjǫrgyn / Fjǫrgyn, hirdskald.
Innspela i Stockholm 29.09.2023.
49. Kunne Danmark gjeninnført heidendomen i 1864? Samtale om åsatru, shinto og Japan 1868 med historikar Mark Teeuwen
På 1800-talet var Japan gjennomgripande buddhistisk. Så vart nasjonen audmjuka av USA i 1868. Då bestemde japanarane seg for å gjeninnføre religionen dei hadde hatt før verdsreligionen kom, i eit patriotisk krafttak – og klarte det, på eit vis. I 1864 opplevde danskane ei liknande nasjonal audmjuking i krigen mot Preussen. Korleis ville Danmark og Norden vore i dag dersom danskane hadde gått same vegen som japanarane?
Tankeeksperimentet med Danmark 1864 mest frå 1:22:20.
Innspela på Blindern 10. oktober 2023.
48. Førmoderne, folkeleg pedagogikk. Samtale med Jon Bojer Godal, nestor i tradisjonshandverk
I dag er pedagogikk eit kjempestort fag med mange teoriar og retningar og tusenvis av fagstillingar verda over. Men opplæring og kunnskapsoverføring har folk drive med til alle tider. Korleis gjorde folk det på grasrota i førmoderne tid? Kva prinsipp følgde dei? Det skal vi prøve å seia litt om her, ut frå nokre eldgamle handverk som har ubroten tradisjon fram til vår tid. Sentralt stod eit prinsipp om pedagogisk hemmeleghald, i rak motsetnad til dagens idé om læringstrykk.
Innspela ved Sillongen på Toten vinternatt 2023.
47. Offersjø i jarnalderen og nøkk-tradisjon på 1800-talet - kan det ha samanheng? Samtale med arkeolog Torun Zachrisson
Finst det tilfelle der folketradisjon frå moderne tid formidlar minne om offerstader i førkristen tid? Tja, det finst i alle fall tilfelle der det er rimeleg å tru. Dagens tema er ein innsjø i Uppland der tradisjon om nøkken frå 1800-talet høver slåande med ofring av dyr og menneske i jarnalderen.
Andre stikkord: Bokaren i Uppland, Menneskeoffer, hesteoffer, folketradisjon, Långbacka-Jan, meisterspelmann, hundare, Odin, Frøya, landskapsminne, grense, liminalsone, fossegrimen, näcken, strömkarlen.
Innspela i Uppsala 2. oktober 2023.
46. Slavic religion. Interview with historian of religion Jiři Dynda
Our knowledge of Slavic pre-Christian religion is quite limited. This episode gives an overview of what we think we do know – and how.
45. Kva historiesyn hadde Snorre? Samtale med historikar Sverre Bagge
Skal du skrive lesverdig historie, så må du ha ein ide om kva historie er, som strukturerer dei lausrivne dataa du sit med, til meiningsfulle samanhengar. I vår tid kan ein meine at naturgrunnlaget set avgjerande rammer, eller at alt følgjer av økonomi og produksjonssystem, eller av ideologi, eller av viljen og evnene til enkeltpersonar. Kva var den strukturerande ideen til Snorre og dei andre mellomalderhistorikarane?
44. Menneskeofring. Samtale med religionshistorikar Klas Wikström af Edholm
Var det menneskeofring i førkristen tid i Norden? Det har forskarane diskutert lenge, og mange har meint at det ikkje kan vera sant. Men i ei fersk doktoravhandling svarar religionshistorikaren Klas Wikström af Edholm "ja", basert på gransking av alt tilgjengeleg skriftleg og arkeologisk materiale, og han er det vi snakkar med her. Ei popularisert utgåve av avhandlinga, "Vikingatidens människooffer", kjem 1. september.
Andre stikkord: Norrøn litteratur, Kjalnesinga saga, Jómsvikinga saga, Håvamål 138, Helge Trauste, Orkneyinga saga, Kristni saga, Íslendingabók, Adam av Bremen, kalendariske offer, kongeoffer, våpenofring, blodørn, hlunnrǫð, Øverland: Du må ikke sove, Skedemosse, Uppåkra, Bokaren, Hederviken, krigslykke, Håkon jarl, jomsvikingane, Hjørungavåg, biletstein Stora Hammars, terminologi, kjeldekritikk, forskingshistorie.
Innspela i Stockholm 3. mai 2023.
43. Dødsrikefjell. Samisk saajve, norrønt Helgafell - og Siggjo, Lyderhorn, Hornelen og Romsdalshorn?
Dei fleste kjenner Hel og Valhall som dødsrike i norrøn religion. I tillegg var det førestillingar om at slekta hadde eit felles dødsrikefjell i det lokale landskapet. Den tradisjonen ser det ut til at vi langt på veg delte med samane. Ein del slike fjell kan vi framleis peike ut på Island og langs den norske vestkysten, ikkje minst i samiske strøk. Den som døydde inn i eit slikt fjell, slo i ein viss forstand lag med huldrefolket, kan det sjå ut til, i alle fall hos samane.
Andre stikkord: Torolv Mostrarskjegg, Moster, Sunnhordland, Soga om øyrbyggene / Eyrbyggja saga, Landnåmabok, Kaldbakshorn, Mælifell, Heilhornet, Torghatten, Lekamøya, samisk religion, sjøsamar, folkloristikk, tuftekallen / tomten / rudkallen, vitterfolket, alvane, gufihtarat, uldat, gadniha, saajve / sáiva, aemiehaajmoe, saaraahkaaajmoe, kjeldediskusjon, metode.
42. Ragnarok-myten: Nordisk, kristen eller iransk-nordisk? Samtale med religionshistorikar Anders Hultgård
I norrøn mytologi er endetidsmyten blant dei mektigaste. Gudar og jotnar barkar saman, sola sloknar, verda går opp i logar før jorda søkk i havet. Så stig ei ny jord opp og nokre av gudane kjem att til den nye verda. Mange meiner denne myten i stor grad kjem av kristen påverknad. Kva er grunnlaget for det synet, kva er motargumenta, og kva er alternativa? Den som har grave djupast i dette er den svenske religionshistorikaren Anders Hultgård, og han peikar på at gammaliransk mytologi har dei næraste parallellane.
Andre stikkord: Forskingshistorie, kulturkontakt, manikeismen, apokalypse, Voluspå, Johannes openberring, sibyllinske orakel, syklisk tid.
Innspela 28.4.2023 i Uppsala
41. Lågteknologisk navigasjon. Til Vinland og Miklagard utan kart og kompass. Samtale med seglar Lena Lisdotter Börjesson
I vikingtida og mellomalderen segla forfedrane våre til Istanbul og Amerika – utan kart og kompass, for ikkje å snakke om GPS og kartplottar. Korleis fann dei fram, og kva slag modell av landskapet hadde dei i hovudet? Lena Lisdotter Börjesson har gjort mange praktiske forsøk som tyder på at med konsentrasjon og erfaring, så kan ein krysse Atlanteren med rimeleg presisjon utan noko slag navigasjonsinstrument.
Fleire stikkord: Himmelretningar, orienteringssystem, mentalt kart, terminologi, roing, distanseeiningar på land og sjø, vika sjóvar / veke sjøs, rǫst / rast, sjømil, nautisk mil, solstein / sólarsteinn / leiðarsteinn, solkompass, "solskuggefjøl", tidsrekning, sjudagarsveka,
Innspela 30.6.2023
40. Stadnamna rundt oss – tidskapslar frå folk før oss. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft
Namna på stadene rundt oss er tidskapslar som fortel kva folk la merke til og korleis dei tenkte for 200 eller 2000 år sidan. Og namna vi lagar i dag fortel mykje om vår tid og vår kultur. Episoden er ein presentasjon av kva (stad)namn er, grunnleggjande sett, og korleis dei oppstår, korleis dei kan gå tapt og kva namn som lever lengst. Utgangspunktet er namn som uttrykk for korleis mennesket tenkjer, kva vi festar oss ved, kva vi oppfattar som vesentleg. Namn fortel mykje mentalitetshistorie. - Peder Gammeltoft er fagleg leiar av Språksamlingane ved Universitetet i Bergen.
Andre stikkord: Orienteringspunkt, språkskifte, språkkontakt, sjølvgrodde namn : vedtekne namn / bottom - up : top - down, oppkallingsnamn, vedtekne namn, gatenamn, uoffisielle namn, stadnamn, personnamn, oppkallingsnamn, sanselege namn, kommunegrå namn, namnedød.
Innspela i HVLs Medielab 6.6.2023
39. Jonsokbål og danseplassar – stader gjenbrukte sidan førhistorisk tid
Jonsok / sankthans / midtsommar er ei stor feiring. Men kor gammal er ho, og kva var innhaldet i feiringa i gammal tid? Det får du høyre om her – og om at mange av stadene folk har feira jonsok på i moderne tid, ofte har minne om kult og folkeliv frå førkristen tid.
38. Med skriftkultur på Europa-reise i mellomalderen. Samtale med Åslaug Ommundsen og Synnøve Midtbø Myking
Fleire stikkord: Tospråkleg skriftkultur, snakke latin, studere i Paris, internasjonale nettverk, utferdstrong, væringgarden i Miklagard / Konstantinopel / Istanbul, Gamalnorsk homiliebok, preikesamlingar, kristen litteratur, omsett litteratur, fransk litteratur, norrøn litteratur, norrøne handskrifter, tap av handskrifter, reformasjonen, kloster, boktrykkekunsten, Æsops fablar, kongsgarden på Holmen i Bergen, kongskanselliet, Riksarkivet, Nonneseter, Winchester i England, læremiddel.
37. Kva var opphavet til Loke? Eit forslag
Den seint nedskrivne tradisjonen om Loke kan sjå ut til å ha lite felles med Loke i dei norrøne mytane. Kan dei likevel ha samanheng? Ja, her får du eit forslag.
36. Det enorme gravfeltet: Hæreid i Hardanger. Samtale med arkeolog Anne Drageset
35. Den seine tradisjonen om Loke - lite kjend, fascinerande og utfordrande
34. Korleis manipulere dvergar? Lynkurs ved filolog Ugnius Vizgirda Mikučionis
33. Våpenet til Tor – blåseinstrument og vindkule?
Episoden bygger på denne artikkelen: https://eldar-heide.net/onewebmedia/PDFer/Kultur-%20og%20religionshistorie/Heide%202004,%20V%C3%A5penet%20til%20Tor%20jamf%C3%B8rt%20med%20gand%28r%29.pdf.
32. Einar Selvik om gammal kultur, musikk og meining
Stikkord: Djup reserach, fossegrimen, folkemusikk, tidleg musikk, lyre, fidle, bronselur, bukkehorn, naturtoneskala, verdsmusikk, eigen sjanger, runer, suksess.
31. Kokegroper i arkeologi og filologi. Samtale med arkeolog Marie Ødegaard
I kokegrop, norrønt seyðir, kan ein baka mat med glovarme steinar. Denne tillagingsmåten var i Noreg særleg brukt i romartida og folkevandringstida. På somme stader finst det store felt med kokegroper frå gammal tid. Dette er særleg tingstader, kultstader og andre samlingsstader, og ein teori er at kokegroper særleg vart brukte til rituelle måltid. I denne episoden ser vi på kva arkeologisk materiale, gammalgermanske tekstar og stadnamn kan fortelja om kokegroper. - Innspela i Oslo 17.10.2022.
30. Samisk magisk fiske på 1100-talet
Dreiv samane med trolldom? Tja, det meinte i alle fall nordmannen som skreiv den eldste Noregs-historia, på 1100-talet. Dagens episode er ein metodestudie, der vi ser på korleis folketradisjon nedskriven i moderne tid kan vera til hjelp i tolking av tekstar frå mellomalderen. Sentrale ingrediensar er tørrfisk, blodpølse og samisk trolldom. Andre stikkord: Seid / seiðr, gand, skrei / skreið, Historia Norwegie, negativ haldning til samane.
29. Why are myths so weird? Interview with historian of religion Jan Kozák
Keywords: Old Norse mythology, theories about mythology, poetry, beyond the horizon, mead of poetry, Kvasir, creation of the world, Ymir, the binding of Fenrir, the unconscious, Jung. - Recorded in Prague 25. November 2022.
28. Fyrste sikre norske kultbygning. Samtale med arkeolog Søren Diinhoff
Fleire stikkord: Uppåkra, Gudme, Tissø, Lejre, Borg i Lofoten, Soga om øyrbyggene / Eyrbyggja saga, arkeologisk metode, kjeldekritikk, hyperkritikk, tverrfagleg samspel.
27. Heimdall, nordstjerna og verdspålen. Ein nygammal teori
Stikkord: Verdspålen, himmelkvelven, Nordstjerna, rammegud, opphavstid, endetid, grensegud, far til alle, samisk mytologi, Raedie, finsk mytologi, sibirsk mytologi, stålampe.
26. Fantasy-litteratur. Samtale med litteraturvetar Lykke Guanio-Uluru
Stikkord: Harry Potter, J. K. Rowling, Tolkien, Ringdrotten, ChatGPT, minnekultur, kollektive forteljingar, dikteprosess, resirkulering, arketypar, Jung, tidleg psykologi, Oskeladden.
25. Kosmosmodellar under stjernehimmelen
Stikkord: Stjernehimmelen, naturleg lys, himmelstolpe, verdspåle, kosmisk kvern, kosmisk telt; kosmisk kvelvd kjel, jordskive, rund jord og segling, finsk tradisjon, samisk tradisjon, sibirske tradisjonar, norrøn og nordisk tradisjon.
24. Herskarideologi. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist
Fleire stikkord: Sakralt kongedøme, uår, arveleg kongedøme, legitimitet, tyranni, allmøte og flat struktur på 70-talet, USAs grunnlov, rett til opprør, evolusjonisme, Frazers "The Golden Bough". Innspela 17.11.2022
23. Tabuspråk
Stikkord: Tabu, noa, godnemne, overtru, fiske, haill, banning, nestenbanning, norrøne tabu, ved Jupiter!, Beforeigners, dei underjordiske, alvane, diskriminering, likestilling.
22. Eddic poems performed as drama? Interview with Terry Gunnell
21. Kropp og sjel i førkristen tid
Frå kristen tradisjon kjenner vi todelinga i kropp og sjel, altså at mennesket består av ein materiell og ein ikkje-materiell del. Naturvitskapen seier at berre den materielle delen finst. Korleis tenkte folk seg dette i førkristen tid i Norden? Det snakkar vi om i denne episoden, med utgangspunkt i myten om Ask og Embla.
Versjon 2, 16.01.2023
20. Oseberg- og Gokstad-gravene. Samtale med arkeolog Unn Pedersen
Oseberg- og Gokstad-funna er mest kjende for dei godt bevarte skipa. Men det var òg eit fantastisk rikt gjenstandsinventar og i Oseberg dessutan eit biletteppe som truleg viser m.a. gravprosesjonen. Dermed gjev desse gravfunna eit einståande innblikk i liv og tanke på 800-talet. I denne episoden snakkar eg med arkeolog Unn Pedersen ved Universitetet i Oslo om dette. Kvifor la folk så mykje arbeid i desse gravene? Kva meining skapte det? Korleis fungerte dette i lokalsamfunnet? Kva slag sosial kontrakt kan ha lege bak? Innspela i Oslo 17. oktober 2022.
19. Loke og Oskeladden - tvillingar, men motsett vinkla
Loke i norrøn mytologi og Oskeladden / Oskefisen i eventyra er svært like. Men historiene om dei har motsett synsvinkel, og derfor oppfattar vi dei to som svært ulike. Korleis heng dette henge saman? Kva funksjon har dei to i sine univers? Og kva er nøkkelen til suksessen deira?
18. Alvedronninga som reiste heim til jul
Alvane er nemnde mange gonger i dei norrøne kjeldene, ofte i samanheng med æsene (gudane). Men vi får dårleg med opplysningar om dei. Derfor er det ekstra gledeleg å kunne argumentere for at ei alvesegn nedskriven på Island på 1840-talet ganske sikkert eksisterte på 1200-talet òg, og kanskje i førkristen tid. Segna fortel om ei alvedronning som måtte vera hos menneska, men fekk reise heim til sine eigne julenatta og få med seg feiringa der.
17. På førjulsblot hos ny-heidningar
Åsatru finst som levande religion i Noreg i dag. Trur dei då at det blir torevêr fordi ein kraftkar køyrer med bukkar over himmelen og slår med hammaren sin? Er det mogeleg å blåse liv i ein religion som har vore daud i 1000 år? Eller er det kanskje ikkje det dei prøver på? Slike spørsmål får du svar på i denne samtalen med høvdingen i Åsatrufellesskapet Bifrost, spela inn i samband med førjulsblotet dei nyleg hadde i Trysil. Dei fleste vil truleg bli overraska over korleis folk i dette miljøet ser på seg sjølve og religionsprosjektet sitt. - Innspela 10.12.2022.
16. Ski og norrøn mytologi - Ull og Skade
I norrøn mytologi er det to som er knytte til skigåing: guden Ull og jotunkvinna eller gudinna Skade. Kva er bakgrunnen for at akkurat dei to er knytte til skigåing? Det snakkar eg med ein skimakar om i denne episoden. Då blir det òg mykje om ski og skikultur generelt i gammal tid. Stikkord: Ski og jakt, jotunkvinne, samlivsproblem, den mest gåtefulle guden, himmelgud, saueull, aking for langt lin, sakrale stadnamn, 7000 år gammalt skifunn, skikultur i Altai, skileik, nasjonsbygging. - Innspela i Valdres 3.12.2022.
15. Are the Eddic poems really pre-Christian? Interview with Haukur Þorgeirsson
Recorded in Helsinki 8 August 2022.
14. Trekantdrama og trolldom i 1324
To gamle dokument fortel om eit trekantdrama med trolldom og rettssak i Fusa ved Bergen i 1324. Kva opplysningar har vi, og korleis kan vi tolke dei? Stikkord: Forbanning, pakt med djevelen, åndeutsendingar, impotens; sverd, brød og erter i senga, fengselsstraff, tvungen pilgrimsreise.
13. Kristninga. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist
Innspela 28.10.2022 i HVLs Medielab