Skip to main content
Tru og meining i gammal tid

Tru og meining i gammal tid

By Eldar Heide
Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi skal særleg snakke om førkristen norrøn religion, samisk religion og det som blir kalla folketru, gjerne med ei eksistensiell vinkling. Eg som står bak er Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. Det blir samtalar mellom meg og lekperson Gry Offernes og intervju med forskarar frå dei ulike faga som dekker feltet. Vi vinklar det mot forsking og held oss tett på kjeldene.
Tor - macho, latterleggjort og tvitydig
Tor ser ut til å ha vore den viktigaste guden i sluttfasen av heidendomen. Tor med hammaren, kraftkar og macho, det veit vi. Bondegud og trygg forsvarar av det etablerte samfunnet, guden som nær sagt åleine heldt jotnane i sjakk. Men så vart han latterleggjort? Hm. Og tvitydig? Altså meir komplisert enn vi oppfattar med det same? Ja, slik kan det sjå ut. - På slutten nærare om opphavet til Tor og korleis forskarane har resonnert til ulike tider. 
29:26
October 02, 2022
Finnish-Karelian and Old Norse mythology. Interview with Joonas Ahola
In this episode Joonas Ahola presents the central gods / heroes and ritual practices known from Finnish-Karelian mythology and popular traditions, and we discuss differences and similarities with Old Norse mythology. Joonas is a Finnish folklorist and Old Norse scholar at the University of Helsinki.
37:16
September 25, 2022
Vardøger - tanken din som varsel og drone
Eg skisserer ein flik av komplekset ikring vardøger og hug. Det dreiar seg om at vi har ei følgjeånd attmed oss, som ein variant av oss sjølve, som vi ufrivillig sender i veg til andre når vi tenkjer på dei og som dei kan merke fysisk når det skjer. Dette kan fungere som varsel, og rituelle spesialistar kan sende denne følgjeånda i veg medvete, for å skaffe opplysningar eller ressursar.  Framstillinga bygger på doktoravhandlinga mi frå 2006, Gand, seid og åndevind  
18:26
September 17, 2022
Var dei norrøne gudane på stjernehimmelen? Intervju med Gísli Sigurðsson
Slår ein opp i innføringsbøker i norrøn mytologi, så står det lite eller ingen ting om at gudane eller mytologiske strukturar kan ha samanheng med stjernehimmelen. Dersom dette stemmer, så er det overraskande, for ser ein på etniske religionar kringom i verda, er normalen at himmel-lekamane har ei viktig rolle. I dette intervjuet fortel Gísli Sigurðsson ved det islandske Árni Magnússon-instituttet om kva han er komen fram til om gudane og stjernehimmelen. Det er ein god del gode og uavhengige argument som knyter også dei norrøne gudane til stjernehimmelen. Mellom desse er truene om ulvane som jagar sola over himmelen; det har bakgrunn i eit atmosfærinsk fenomen, og vi er innom eit mogeleg samband mellom Guden Heimdall og Nordstjerna - som blir hovudtema i ein seinare podkast. Intervjuet er gjort 9. august 2022 på The International Saga Conference i Helsingfors / Tallinn.
22:49
September 04, 2022
Kjernen i norrøn religion: Det finst ikkje gratis lunsj
I denne episoden pratar Eldar med Gry om det som ser ut til å vera kjernetanken i norrøn religion, basert på forsking av Preben Meulengracht Sørensen, Gro Steinsland, Else Mundal, Margaret Clunies Ross og Jens Peter Schjødt frå 1970-talet til 1990-talet. 
17:35
September 04, 2022
Velkomen til Tru og meining i gammal tid!
Vi presenterer oss og skisserer ideane bak podkasten og ein del om innhaldet.
10:19
September 04, 2022