Skip to main content
VossaBib

VossaBib

By Voss Bibliotek

Ein podcast frå Voss bibliotek

Ofte ein lett drøs om bøker og det me elles har i samlingane i biblioteket. Nokre episodar har me gjestar andre gongar er det me som jobbar i biblioteket som drøsar.

Jingle: Christian Wallevik
Available on
Apple Podcasts Logo
Google Podcasts Logo
Pocket Casts Logo
RadioPublic Logo
Spotify Logo
Currently playing episode

Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett, Palestina og Ukraina

VossaBibJan 16, 2024

00:00
01:13:37
Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett, Palestina og Ukraina

Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett, Palestina og Ukraina

Opptak av føredrag om krigens reglar i høve hendingane i Palestina og Ukraina. Voss bibliotek 10.01.2024.

Kva er lovleg sjølvforsvar etter FN-pakten, og når er eit angrep som rammar sivile folkerettsstridig? Og kva reglar gjeld eigentleg på bakken i ein krig?
Med folkeretten som bakgrunn vil Cecilie Hellestveit fortelje om dei juridiske utgangspunkta for den forferdelege situasjonen på Gaza og krigen i Ukraina.
Cecilie Hellestveit er jurist og konfliktforskar med doktorgrad i internasjonal humanitærrett frå Universitetet i Oslo. Ho er forfattar av fleire bøker, mellom anna om Krigens folkerett (2020) og om krigane i Jemen og Syria. Hennar siste bok, Dårlig nytt frå Østfronten - krigen som endrer alt (2023) handlar om krigen i Ukraina.

Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.

Jan 16, 202401:13:37
Utsyn mot verda: Odd Karsten Tveit om Palestina

Utsyn mot verda: Odd Karsten Tveit om Palestina

Høyr Odd Karsten Tveit i samtale med journalist Nils Kvamsdal om boka "Palestina. Israels ran, vårt svik"

Tidlegare NRK-korrespondent Odd Karsten Tveit har arbeidd i og med Midtausten i snart 50 år. I sin nye bok fortel han den konfliktfylte historia frå danninga av staten Israel i 1948 og fram til i dag. I ei personleg bok, prega av historier og notat frå eit langt reporterliv, tar Tveit eit oppgjer ikkje berre med Israelsk okkupasjonspolitikk, men også med norsk og vestleg veikleik. Dette er eit opptak frå biblioteket 3. oktober.


Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.

Oct 09, 202354:12
Spenningsbøker til påskekosen

Spenningsbøker til påskekosen

I denne episoden av Vossabib - drøs får du tips til spenningslitteratur til både born, ungdom og vaksne.

Me pratar om bøkene "Til jord skal du bli" av Anders Totland, "Berge" av Jan Kjærstad, "Havets kirkegård" av Aslak Nore, "Jente 17 ikke savnet" av Camilla Sandmo og "Natteravnen" av Johan Rundberg. Lesetipsa om desse bøkene vil snart også vera tilgjengelege på våre heimesider vossbibliotek.no.

God påske til alle våre lyttarar.

Mar 25, 202321:38
Kvinnedag

Kvinnedag

Neste veka er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Me gjev tips til bøker som kan passa i anledninga kvinnedagen, og fortel også om ulike arrangement som skal skje på Voss neste veka. 

Me snakkar om bøkene Norsk kvinnehistorie på 200 sider av Hege Duckert, Kvinner i kamp og 60 damer du skulle ha møtt av Marta Breen og Jenny Jordal, Rebell av Pénélope Pagieu, F-ordet av Schultz, Breen og Jordahl, Hvem sa hva? av Helene Uri og novellesamlinga Furies av Margaret Atwood og andre tøffe kvinnelege forfattarar.

Mar 02, 202313:49
Nye digitale tenester

Nye digitale tenester

Me drøser om bibliotekets digitale tenester - nye og gamle. Lytt for å få vita meir om våre straumetenester for film, digitale aviser og tidsskrift og digitale bøker og lydbøker. Du får også gode tips til innhald bør sjekke ut i dei forskjellige tenestene.

Tenestene som vert nemnt er Filmoteket, Filmbib, Flipp, PressReader, Bookbites og Verdensbiblioteket.

Jan 18, 202322:51
Frå granitol til nobelprisvinnar og livet med litteraturen
Nov 09, 202253:39
Adaptasjonar - meir enn frå bok til film

Adaptasjonar - meir enn frå bok til film

I denne episoden ser me nærare på fenomenet adaptasjon. Ordet adapsjon eller adaptasjon kjem frå det latinske ordet adaptatio, som betyr "god tilpassing".

På wikipedia kan me lese at "Adaptasjon innan litteratur er ei tilpassing eller ny produksjon av eit litterært verk som eksempelvis ein roman, novelle eller dikt til ein ny sjanger eller til eit nytt medium som film, teater, tegneserie eller videospill. Ein adaptasjon kan haldast innan same sjanger eller medium og endrast i volum som ved tilpassing av eit stykke til eit mindre teater, eller som ved omskriving til ei alternativ demografisk gruppe (eksempelvis ved ei utgåve tilpassa barn)"

Du kan mellom anna høyre om kva tankar me gjer oss om nokre nye og gamle adaptasjonar frå bok til film eller tv-serie. Me er innom ulike sjangrar og forfattarar, i frå J.R.R.Tolkien, til Astrid Lindgren og J.K.Rowling. 

Medvirkande i episoden er Lene, Kirsten, Elli og Ritha

Oct 13, 202246:44
Tilrettelagt litteratur og lesetimen 8. september

Tilrettelagt litteratur og lesetimen 8. september

8. september vert FNs internasjonale dag for lese- og skriveferdighet markert med Lesetimen: Me oppmuntrar alle til å sette seg ned og lese ein time mellom kl. 19-20! Me drøser også om Leser søker bok og om litteratur som er tilrettelagt for lesarar med spesielle behov. Alle kan vera med på lesetimen, sjølv dei som "leser i motvind"!

Sep 07, 202225:18
Bibliotekets litteraturpris

Bibliotekets litteraturpris

Me innleder dagens episode med ein liten drøs om Neil Gaimans teikneserie The Sandman, før me går vidare til alle dei fine bøkene som er nominert til Bibliotekets litteraturpris i år. Sjå bøkene som er nominert og stem på din favoritt på www.biblioteketslitteraturpris.no!

Aug 19, 202230:13
Lesetips til ferien

Lesetips til ferien

I dagens episode av podkasten tipsar Ritha om nokon av dei flotte novellesamlingene me har her på biblioteket, og Elli og Lene drøser om kva bøker dei har tenkt å lesa i sommar. Me ynskjer alle ein god sommar full av gode lesaropplevingar!


Bøker denne episoden:

Endelig sommer, Vennskapets pris av Kjell Askildsen, Historien om Fru Berg av Ingvild H. Rishøi, Menn som ingen treng og Vente på fuglen av Frode Grytten, Noveller i utvalg av Tove Ditlevsen, No fær huset av Laura Djupvik, Et lite liv av Hanya Yanagihara, Extra Virgin av Annie Hawes, Hesteguttene av John Evo, Evelyn Hugos syv ektemenn av Taylor Jenkins Reid, Sommerboken av Tove Jansson, Tiggerne av Kristin Hauge, Det ender med oss av Colleen Hoover.

Jun 23, 202225:16
Vår og sommar på biblioteket

Vår og sommar på biblioteket

I denne episoden drøser me om frigjeringsdagen og om programmet for vår og sommar på Voss bibliotek. Helene tipsar om god lokallitteratur rundt okkupasjon og frigjering i 1945, Ritha fortel om den spenande nye arrangementsserien vår Lyrikk, lefser og livshistorier, Anne minner om frøbiblioteket og barnas hagedag og Kirsten informerer om sommarles. I tillegg får du som vanleg masse fine boktips.

Bøker denne episoden:

Fem år i krig og Fred og atterreising (Avisa Hordaland), Minne frå krigen og frigjeringa (Rongen skule), For fridom og fred (Rekve og Helleve), Gamalt frå Voss (Voss bygdeboknemnd, Voss sogelag, Voss Folkemuseum).

Lukta av svart av Ali Hayder, Å kysse en ørken, å kysse en myr (Johanne Fronth Nygren (red.).

Urtehagen på Knatten av Annemarta Borgen, Min egen kjøkkenhage av Bella Linde, Så et frø av Annelie Johansson, Hjelp småkrypene av Kristine Kujath Thorp.

May 11, 202221:46
Verdas bokdag, fabelprosa og boktips

Verdas bokdag, fabelprosa og boktips

23. april kvart år markeres Verdas bokdag, og i denne episoden av Vossabib - drøs får du vite kvar dagen har si opprinnelse. Du får også ei innføring i fantasy-litteraturen som står mange av våre hjarter nær, og fleire tips til dagsaktuell sakprosa.

Bøker: Jølster Hotell av Katrine Sele, Hitlers rus av Norman Ohler, The First Law-serien av Joe Abercrombie, Alma Freng og solfangfangerne av Ida Tufte Michelsen, Calypso av David Sedaris, Fallesjuke av Randi Fuglehaug. Det blir lest frå Kalypso av Åse Marie Nesse og Det eventyrlige av Tor Åge Bringsværd.

Apr 27, 202236:57
Gjenoppståingsmyta i litteraturen

Gjenoppståingsmyta i litteraturen

Påska er her, og i dagens episode drøser me om gjenoppståingsmyta. Helene leser frå gjenoppståinga i det nye testamentet, og me trekker fram nokre tekster og bøker som på ulike måter knyttar seg til temaet.

Bøkene det blir drøst om er Til troende av Ulla Svalheim, Ariel av Sylvia Plath, Harry Potter-serien av J.K. Rowling, Narnia-serien av C.S. Lewis og Ringenes Herre av J.R.R. Tolkien.

Apr 13, 202216:25
Krimtilrådingar

Krimtilrådingar

Det er eit gjetord som seier at "det er ikkje gull alt som glimar" og det samme kan kanskje seiast om noko av det me finn av bøker innafor krimsjangeren?

Treng du ei tilråding til påskekrim er dette episoden for deg! Me har dessutan med ein særskild belest gjest, nemleg Marianne Bakketun, som har med seg ei flott liste med favorittar innafor krimsjangeren.


Bøker det blir drøst om:

The End of Her av Shari Lapena

A Good Girl's Guide to Murder av Holly Jackson

Hendelser ved vann og Löpa varg av Kerstin Ekman

Norsk: Varg Veum-serien og Bergens-serien av Gunnar Staalesen, Ole Vik-serien av Jørgen Jæger, Mikael Brenne-serien av Chris Tvedt, Randi Fuglehaug og Ruth Lillegraven, Elskede Poona av Karin Fossum, Marions Slør av Roy Jacobsen

Barnekrim: Miljødetektivene av Ruth Lillegraven

Svensk: Millennium-triologien av Stieg Larsson, Henning Mankell, Haakon Nesser, Camilla Läckberg, Karin Alvtegen, Kristina Ohlsson, Vivieka Steen, Lars Kepler

Dansk: Jussi Adler-Olsen, København-serien av Katrine Engberg

Islandsk: Arnaldur Indridason, Yrsa Sigurdardottir

Britisk: Agatha Christie, Den lange søvnen av Raymond Chandler, P.D. James, Colin Dexter, Peter James, Ann Cleeves, Robert Galbraith

Mar 31, 202237:01
Håpet er lysegrønt! Grøne gleder i vente
Mar 15, 202217:19
Hjelp til sjølvhjelp

Hjelp til sjølvhjelp

I dagens episode drøser me om sjølvhjelpslitteratur – om sjølvtillit, sparing, rydding og forundring.


Bøker det blir drøst om: Forstå stress av Greg Wilkinson, Pengesnakk av Lise Vermelid Kristoffersen, Pengeplanen av Lene Drange, Godt nok for de svina av Anita Krohn Traaseth, Kunsten å gjøre ingenting av Lena Katarina Swanberg, Förundranseffekten av Katrin Sandberg og Sara Hammarkrantz, Sitt ned og hold kjeft av Knut Nærum, Du leder! av Mia Törnblom, Det er innover vi må gå av Ole Jacob Madsen, Gå glipp av Svend Brinkmann, Tolv regler for livet av Jordan B. Peterson, Magisk opprydding av Marie Kondo.

Mar 04, 202230:29
Kjærleikslitteratur

Kjærleikslitteratur

På alle hjarters dag drøser me om kjærleikslitteratur – og kjærleik kan vere så mangt.

Bøker det blir drøst om: Fuglane av Tarjei Vesaas, Emma av Jane Austen, Eleanor Oliphant har det helt fint av Gail Honeyman, Andre mennesker av Sally Rooney, Kalde føtter, varme hjerter av Bjørn Arild Ersland og Tråder av Torill Kove

Feb 18, 202222:43
Dei mest populære bøkene i 2021
Feb 03, 202252:29
Fine leseopplevingar frå 2021

Fine leseopplevingar frå 2021

I denne episoden drøsar Ritha, Anne, Lene, Helene og Kirsten om bøker som gjorde inntrykk på oss i 2021 og litt om kva me gleder oss til å lese i 2022.


Jan 18, 202223:16
Haustlesing

Haustlesing

Sommaren er over og hausten er her, begge årstidene er fine til lesing og i denne episoden drøsar Anne og Ritha om kva dei har lest i sommar, kva dei les no og kva dei gler seg til å lese i haust!

Bøker og forfattarar det blir drøst om er:

  • Ekko av Lena Lindgren
  • Digital revolusjon av Hilde Nagell
  • Gut, Jente, juni, juli av Frode Grytten
  • Halve kongeriket - Arvingen bok 1 av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug
  • Svarttrosta syng om natta av Tone E. Solheim
  • Hva skjedde egentlig med deg av Jenny Jordahl
  • Vassbygdi-triologien av Arnfinn Kolerud
  • Dammyr og Mine menn av Victoria Kielland
  • Amuletten av Kazu Kibuishi
  • Dragens øye av Charlotte Sandmæl
  • Penger på lomma av Asta Olivia Nordenhof
  • Om livet på jorda av Tormod Haugland
  • Kunsten å feike arabisk av Lina Liman (omsett av Olaug Nilsen)
Oct 01, 202119:40
She Hunts - Om kvinnelege jegerar med Ingerid Jordal
Aug 20, 202121:04
RagnaHelene Soldal med 10 lesaropplevingar!

RagnaHelene Soldal med 10 lesaropplevingar!

Me har fått besøk av biblioteksjefen i Kvam, RagnaHelene Soldal! Ho skal ta oss med inn i si bokverd, der ho engasjert fortel om 10 bøker som har betydd mykje for ho gjennom tidene. Her får me boktips i alle sjangrarar, alt i frå biletbøker som Hugo og gressklipperen, ungdomsboka om Agnes Cecilia til magiske Vindens Skygge av Carlos Ruiz Zafòn. Kanskje du vert inspirert til å låna? Kom innom biblioteket og spør!

Jun 04, 202143:15
På tur med bokbussen!

På tur med bokbussen!

I dagens episode blir me med bokbussen til Gjernes skule.

Bokbussen spreier leseglede og det er tydeleg at borna set pris på det gode utvalet av bøker bokbussen har.

Å finne den rette boka kan skape leseropplevingar ein ber med seg heile livet og då er det å ha ein bokbuss gull verdt.



May 21, 202120:42
Om psykisk helse - Ingen må vite det

Om psykisk helse - Ingen må vite det

Dagens episode handlar om psykisk helse - og korleis skrive om eigne erfaringar. 

Metha i Lida kom ut med boka Ingen måte vite det på Selja forlag i 2019. Her får du eit djupdykk i Metha si eiga historie. Du får lese om depresjon, sjølvmordsforsøk og korleis det kjennest å få ein diagnose. For kva skjer eigentleg med ein når ein får svar på kvifor ein har vore gjennom tunge tider i mange år? Korleis kan ei reise seg att etter å ha gjennomgått eit traume? For ingen må jo vite det. Theresa ryngjer Metha, busett i Førde. 

Metha i Lida (f.1993) er frå Førde. Foreldra er frå Danmark og Færøyane. Ho studerer til å verte sosionom, medan ho skriv og målar på fritida. 

Ingen må vite det har me tilgjengeleg for utlån på biblioteket.

May 07, 202130:43
Verdas bokdag 2021

Verdas bokdag 2021

Visste du at me i Noreg har markert verdas bokdag den 23.april sidan 1997?

I denne episoden drøsar Anne og Ritha om både boka i fysisk form og kva ei bok kan gjere med oss.

Me har med oss gamle og nye bøker og du får vite litt meir om kva handtverk som ligg bak ei godt innbunden bok.

Lesetips får du også, frå skikkelig hardbarka krim til Karl Ove Knausgård!

Apr 23, 202136:04
Merkedagar i mars

Merkedagar i mars

Viste du at ei åttandemarsmarkering var opptakten til den russiske revolusjonen? 

Ritha drøsar om bøker om feminisme og feministisk litteratur med fokus på to essaysamlingar av Rebecca Solnit.

Ein annan merkedag i mars er verdas poesidag, 21.mars. Ritha er særleg glad i antologiar og har tatt med seg nokre favorittar i studio.

Mar 26, 202120:43
Samtale med Erika Alnæs

Samtale med Erika Alnæs

Erika Alnæs er bibliotekar i Kinsarvik. Ho er ein dreven formidlar av litteratur til lesere i alle aldersgrupper og gjer oss tips frå si eigen katalog av leseopplevingar. Litteratur: Ulf Löfgren: Det forunderlige treet, Sigrid Undset: Jenny, George Simenon: Mairget, Gert Nygårdshaug: Drum-serien, Ruth Lillegraven: Urd, Marit Eikemo: Samtidsminner, Heidi Sævareid: Longyearbyen, Simon Stranger: Barsakh-trilogien.

Mar 12, 202131:09
Det spirer! Frøbiblioteket og bøker med grønt i.

Det spirer! Frøbiblioteket og bøker med grønt i.

Anne og Ritha drøsar om kva eit frøbibliotek er og korleis ein kan nytte seg av det. Frøbiblioteket er ei ny teneste frå Voss bibliotek og i denne episoden får du kjennskap til kva det går ut på. Og med vårmånaden mars finn me inspirasjon og kunnskap i bøker med planter, blomar og frø i fokus.

Bøker som vert omtala i podcasten:

  • Så et frø! av Annelie Johansson

  • Alt jeg vet om planter : en fortelling om vitenskap og kjærlighet av Anne Hope Jahren

  • Late hager : din guide til en lettstelt hage av Tor Smaaland

  • Gro : en håndbok om grønne inneplanter av Jenny Leite-Vikra, Kathrine Winther Løkke, Marte Espevik

  • Dyrking i pallekarm : grønnsaker, bær, blomster, urter av Eva Robild
Mar 05, 202123:08
Nye ungdomsbøker

Nye ungdomsbøker

Theresa snakkar om eit utval nye bøker for ungdom og kva tendensar som rører seg i ungdomslitteraturen for tida.   


Romanar: 

Arvingen - Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug  

Hør her'a - Gulraiz Sharif 

Dette blir mellom oss - Alexander Kielland Krag  

Helt ute - Maria Sand  

Ser du dette? - Sigrid Agnethe Hansen 

Fra du såg meg - Eldrid Johansen   

På vei mot toppen - Angie Thomas  

Tre meter med kniv - Eilie Harboe  

Dette er ikke oss - Neda Alaei  

Høgspenning Livsfare - Helene Guåker  

Mot stjernene er vi ingenting - Lars Mæhle  

Aleksander den store - Peter F. Strassegger  

Ally_Trip - Katrine Lekang  

Dødens spill - Anne Elvedal  

Jernulven - Siri Pettersen


Dikt:   

Ingenting usagt - Sabina Store-Ashkari  

Jeg vil bare at det skal være oss - Kristian Berquist.


Teikneserieromanar: 

Laura Dean driver og dumper meg
- Mariko Tamaki

Sabotør - John Sigvart Jamtli

Ragnarok: Fenrisulven: Odin Helgheim

Magnus Carlsen og sjakkmorderen - Aleksander Kirkwood Brown/John S.Jamtli


Fakta:

Før øya synker - Theresa Grøtan

#vågåvære - Tale Maria Krohn Engvik

Hva er greia med meg - deg og alle andre? - Vilde Vollestad

9. april 1940; 8.mai 1945: Jon Ewo





Feb 05, 202129:01
Fascinerande fuglar

Fascinerande fuglar

Anne og Ritha drøsar om fuglar, fuglebøker, årets fugl og den store hagefugltellingsdagen.

Helga 30.–31. januar blir Hagefugltellinga gjennomført i heile Norden. Då er det berre å rigge seg til med kikkert, penn & papir og sjølvsagt ei fin fuglebok frå biblioteket. I denne episoden får du dessutan vite kva som er årets fugl og du får høyre songen den syng! Lytt til episoden og la deg fascinera av fuglar du også!


Jan 22, 202117:00
Nytt år og nye boktips frå oss!

Nytt år og nye boktips frå oss!

Då er me i gang med sesong 2 og me opnar årets fyrste podcast med å snakka om kva me har lese i jola 2020.   

Kva har du lese i jola? Me ynskjer oss nemleg lesetips frå lyttarane våre. De er velkomne til å sende oss inn kva de har lese, og kom med gjerne med ei bokmelding. Då vil me bringa det vidare til andre lyttarar! 

Boklista vår:  


Matilda Voss Gundersen: Klubben   

Lotta Geffenblad: Prikk og Flekk snør ned  

Nina Lykke: Full spredning   

Jeanine Cummins: Amerikansk jord 

Ivan Krastev: Framtida er her nå : hvordan pandemien forandrer verden  

Sayaka Murata: Døgnåpent   

Anders N Kvammen: Jobb.

Jan 08, 202128:22
Adventskalender luke 24: Joleevangelium, ordføraren og gledeleg jol!

Adventskalender luke 24: Joleevangelium, ordføraren og gledeleg jol!

Dagens gjest er sjølvaste ordføraren, Hans Erik Ringkjøp, og innleiingsvis får du høyre bibliotekar Ritha lese Joleevanglium
Dec 24, 202014:11
Adventskalender luke 23. Humor

Adventskalender luke 23. Humor

Det er lille julaften og "heile" Norge gjer seg klar for den store, tradisjonsrike dagen som kjem i morgon - ved å sjå Grevinnen og hovmesteren. Nokon ler av hovmesteren, nokon ler av dei som ler av hovmesteren. Uansett er humor godt å ha med seg inn i jula, og me drøser (og ler) om to gode bøker som får oss begge til å le. Barneboka Julefuten av Bjørn Rørvik gir oss flere lag med moro for både liten og stor, og Vestlandet av Erlend Nøtvedt er gøy for vestlendinger og lite nærtakende østlendinger.
Dec 23, 202013:31
Adventskalender luke 22: Jolesongbøker, sild & blokkfløyte

Adventskalender luke 22: Jolesongbøker, sild & blokkfløyte

I dagens luke får vite kva som er dagens gjeve gjest, Linda Eide, sine adventstradisjonar.
Og du får også tips til jolesongbøker du kan låne på biblioteket!
Dec 22, 202015:09
Adventskalender luke 21: Ut på tur med Voss Utferdslag

Adventskalender luke 21: Ut på tur med Voss Utferdslag

I dagens episode med Theresa får du vite litt om ulike hendingar og merkedagar 21. desember, og dagens gjest er leiar i Voss Utferdslag Siri Flatlandsmo.

Siri fortel om kva Voss Utferdslag er for noko, og me har plukka fram litt turguidar og andre bøker som me skal sjå nærmare på.Siri er 30 år, busett på Voss og har fartstid i Avisa Hordaland. Ho har studert i utlandet, og til og med jobba som turguide i Tyrkia. Visste du at Siri og har jobba på biblioteket?
Bli med oss på tur!
Dec 21, 202020:05
Adventskalender luke 20: Lytte og lesetips!

Adventskalender luke 20: Lytte og lesetips!

I dag er det på dagen 96 år sidan den første sendinga av lørdagsbarnetimen vart sendt på radio. Dette programmet gleda tusenvis av born og gjorde blant anna Alf Prøysen og Anne Cath Vestly til kjendisar og høgt verdsette stemmer frå eteren.
Dagens gjest, Martha Norheim, har både gode lyttetips og lesetips. Ho er jo i tillegg til å være kulturjournalist og litteraturkritikar forfattar av ikkje mindre enn to røffe guidar til samtidslitteraturen.
Her er nokre av tipsa du får i episoden:
Juleoratoriet av Johann Sebastian Bach
MariaVespers av Monteverdi
Das neugeborne Kinderlein av Dietrich Buxtehude
Rosa frå Betlehem av Sondre Bratland
Hekneveven av Lars Mytting
Søsterklokkene av Lars Mytting
Eit praktisk menneske av Kjersti Rorgemoen
The mirror and the light av Hilary Mantel
Ulvetid av Hilary Mantel
Dec 20, 202018:12
Adventskalender luke 19. Foreldreskap

Adventskalender luke 19. Foreldreskap

Det er akkurat på dagen 5 år sidan ein av oss blei mor for fyrste gong på Voss sjukehus. No har både Anne og Silje erfaringar og leseopplevingar om foreldreskap, og vil gje deg innblikk i nokre av dei finaste. Me drøser om En moderne familie av Helga Flatland, Karl Ove Knasgård sine årstidbøker - særlig Våren og Anna Fiske sin barnebok Hvordan lager man en baby?.
Dec 19, 202015:51
Adventskalender luke 18: Aviser og Jolatre!

Adventskalender luke 18: Aviser og Jolatre!

Visste du at biblioteka i Voss har mange aviser og tidsskrift/magasiner? På hovudbiblioteket har me ikkje mindre enn 7 dagsaviser og 6 vekeaviser, over 30 magasiner og tidsskrift i tillegg kjem det digitale tilbodet ein får gjennom tenesta pressreader.
Her kan du velje mellom over 6000 aviser og tidsskrift frå meir enn 125 land på 60 ulike språk. På nettsida vår, vossbibliotek.no; finn du informasjon om korleis du får tilgang til pressreader heimifrå, Gjesten i dag er også avismann og ein godt kjend Vossing, ofte er det han som set andre i søkeljoset som journalist- men i dag er det Nils Kvamsdal sin favorittadventstradisjon me skal få høyre om.
Dec 18, 202014:57
Adventskalendar luke 17: Knut fortel om sine barnebokfavorittar

Adventskalendar luke 17: Knut fortel om sine barnebokfavorittar

I dag skal du få høyra litt om digitale og ressursar på biblioteket og vidare helsa på gjesten vår Knut Djønne! han er 6 år og bur på Djønno. Han elskar å lese bøker og vil visa fram eit utval av sine favorittar til oss!

Knut er glad i å gå på biblioteket i Granvin og på Voss. Han både les og høyrer på lydbøker.
Vi drøser om dinosaurar, miljødetektivar og spillolje, store maskiner og katten Tippi! Her får me høyra om kva Knut likar best.
Vekomen til Knut!
Dec 17, 202016:44
Adventskalender luke 16: Jolehøgtid og tradisjonar

Adventskalender luke 16: Jolehøgtid og tradisjonar

Funfact: i dag er det 245 år sidan Jane Austen vart født, bibliotekaren snakkar om kokebøker og med ein kjend gjest frå Voss som har gitt ut kokebok i år - Arne Hjeltnes!
Dec 16, 202014:23
Adventskalender luke 15. Film

Adventskalender luke 15. Film

Anne og Silje informerer om FilmBIB som kan brukast av alle med nasjonalt lånekort. Me gjer deg også nokre tips om kva som er kjekt å sjå på i vintermørket,
Dec 15, 202011:37
Adventskalender luke 14: Eventyrlege eventyrarar

Adventskalender luke 14: Eventyrlege eventyrarar

I dag, den 14.desember er det 109 år sidan Roald Amundsen nådde Sørpolen som første mennesket som gjorde nett det. I dag snakkar bibliotekar Ritha om eventyrarar og polferder, med boktilrådingar for store og små. Dagens gjest er sjølv ei som driv med eventyr, i form av paragliding, nemleg Hildegunn Pettersen.
Dec 14, 202019:03
Adventskalender luke 13: Charles Dickens spesial

Adventskalender luke 13: Charles Dickens spesial

I denne episoden tek Theresa dykk med inn i Charles Dickens si eventyrlege verd. Charles Dickens er ein sentral skikkelse i britisk litteratur på 1800-talet. Blant dei meste kjende bøkene er Pickwick-klubbens etterlatte papirer/the Pickwick papers, Oliver Twist, David Copperfield og Store Forventninger/Great Expectations.

I dag er det kortromanen Et julekvad eller mest kjend som En julefortelling som står i fokus. Orginaltittelen er A Christmas Carol og vart skrive og utgitt i 1843. Visste du at romanen opprinneleg kom ut i form av 18 hefter?
Theresa les utdrag frå utgåva frå 1990 Eit Julekvad, omsett Torstein Bugge Høverstad med orginale illustrasjonar frå Roberto Innocenti.

Ellers får du kanskje vite litt meir om Lucia-dagen enn du ellers visste? For kva har Lucia med den falne engelen Lucifer eigentleg å gjere?
Dec 13, 202023:48
Adventskalender luke 12: Krans og Juleroser

Adventskalender luke 12: Krans og Juleroser

Finurleg fakta om dagens dato er at ein i dag feirar Mexico sin skytshelgen og at det dessutan er 199 år sidan ein kjend forfattar vart fødd. Dagens gjest er i frå Hardanger og har gleda mange med å gje nytt liv til dei litterære julehefta, nemleg Herborg Kråkevik.
Dec 12, 202015:18
Adventskalender luke 11: Kjærleik!

Adventskalender luke 11: Kjærleik!

Silje og Anne drøser om kjærleik i bøker! Charlotte Bronte: Stormfulle høgder, Helle Helle: Hus og hjem, Rune Belsvik: Verdas mest forelska par (Tøddel Blisterplytt og Verdas søtaste turist.)
Dec 11, 202011:17
Adventskalender luke 10: Nobelfavorittar

Adventskalender luke 10: Nobelfavorittar

Nobels litteraturpris deles ut til Louise Glück idag, men ho er så populær at bøkene alltid er utlånt. Derfor drar Silje og Anne fram nokre godbitar frå tidlegare vinnare av prisen. Bøker som me har til utlån og som garantert er på hylla.
Earnest Hemmingway - den gamle mannen og havet. Thomas Mann - Trolldomsfjellet, William Faulkner - Stig ned Moses.
Dec 10, 202009:56
Adventskalender luke 9: Jolabøker for born - eit utval

Adventskalender luke 9: Jolabøker for born - eit utval

I denne episoden formidlar Theresa eit utval jolabøker for små og store born av nyare dato. Her er bøker i alle sjangrar og variantar, alt i frå fantasi, spenning til magi og humor. Ho har valt seg ut eit knippe favorittar og alle er velkomne til å låne frå dei på biblioteket. Bøkene kan lesast både av born og vaksne og er fine til høglesing i førjuls- og romjulstida. God reise!

Bokliste:

Kalendarbøker

Adventsstjernen
Snøsøsteren
Jul på bukken hotell
Klokkerens evangelium

Romanar

God dag, herr Jul
Jenta som reddet julen
Gutten som ble julenissen

Biletbøker

Nisseforeningen
Snømannens jul
Jul i Storskogen


Dec 09, 202019:36
Adventskalender luke 8: Ein festival å glede seg til!

Adventskalender luke 8: Ein festival å glede seg til!

I dag er gjesten Trude Storheim, festivalsjef for Vossajazz, som fortel om sin ynglingsadventtradisjon og om neste års Vossajazz.
Dec 08, 202013:30
Adventskalender luke 7: Musikk i litteraturen

Adventskalender luke 7: Musikk i litteraturen

Anne og Silje drøsar om musikk i litteraturen og tilrår både bøker og cd-ar.

Bøker og musikk i episoden: Nick Hornby - High Fidelity, Vernon subutex 1, 2 og 3 Trilogi Virginie Despentes, Vi er fem - Mathias Faldbakken (Metallica) Eleanor og Park - Rainbow Rowell (The Smiths, Joy divisionm The Cure, Duran Duran, Alphaville og Elvis Costello) Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip av Roald Kaldesta.
Dec 07, 202016:45
Adventskalender luke 6: Finske vibber

Adventskalender luke 6: Finske vibber

6. desember 1917 ble Finland uavhengig nasjon. Vi drøser om svart humor, Erlend Loe, Arto Paasilinna og Mummi.
Dec 06, 202010:53