Skip to main content
12 Poeng

12 Poeng

By 12 Poeng
Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!
Where to listen
Apple Podcasts Logo

Apple Podcasts

Breaker Logo

Breaker

Google Podcasts Logo

Google Podcasts

Overcast Logo

Overcast

Pocket Casts Logo

Pocket Casts

RadioPublic Logo

RadioPublic

Eurovision Song Contest 2021: Debrief
Bli med på ein lett og ledig peisprat om årets ESC-veke og våre reaksjonar. 
51:60
May 24, 2021
Bulgaria 2021: VICTORIA - growing up is getting old
Siste song ut i år (i vår tilfeldige rekkefølge) er ei dame utan respekt for store og små bokstavar og deira plass i konvensjonell ortografi. Men ho er desto meir GenX! Lars burde vere glad for at ballader er in, men desse nymotens balladene, er dei noko tess? Dessutan debuterer 12 Poeng med damekorrepertoaret sitt. Hugs å sende inn din profeti for årets topp 26 til podcast@12poeng.no innan 17. mai klokka 21! 
31:16
May 13, 2021
Portugal 2021: The Black Mamba - Love is on My Side
Portugal har tradisjonelt levert tradisjonelle portugisiske greier på portugisisk, og så sender dei altså sitt aller første heil-engelske bidrag i år. Med tekstinspirasjon frå ein nederlandsk sex-arbeidar. Wowza. Og til Hanne si store glede viser det seg at Lars produserer ei overtydande Macy Gray-etterlikning. Vi seier dessutan takk for i år til Kanne Kalse, takk for samarbeidet så langt og velkomen attende til henne.
28:44
May 10, 2021
Romania 2021: Roxen - Amnesia
Stemmer det at dette ikkje er første gongen vi brukar ein ikkje ubetydeleg del av podcasten til å snakke om den kortliva såpeserien Sunset Beach utan grunn? Føler det har skjedd før. Og Hanne har litt problem medd å skilje mellom Billy og Stomperud, noko som heller ikkje har så mykje med det rumenske bidraget å gjere. Kan det vere at bidraget ikkje stimulerer til sakleg samtale, eller ligg problemet hjå programleiarane?
25:41
May 9, 2021
Storbritannia 2021: James Newman - Embers
Men kvifor er United Kingdom og Great Britain begge oversett med Storbritannia?! 
18:01
May 7, 2021
Russland 2021: Manizha - Russian Woman (Русская женщина)
Hanne avslører at ho er Jevgenij Pljusjtsjenko-fan, vi kranglar litt om det er Lazarov eller Lazarev og lærer om Tajdsjikistan. Dessutan er vi woke SJWs som tek eit tydeleg standpunkt mot konebanking og for kvinners rettigheiter. 
33:04
May 5, 2021
Australia 2021: Montaigne - Technicolour
Den n-te 2020-artisten i årets finale sender noko ganske anna enn i fjor, og Hanne endeleg får den glimen i augo som antyder meir enn seks poeng. Men held det til toppscore? Pluss alle dei australske klisjeane framført med utruleg lite overtyding, sjølvsagt.
19:34
May 3, 2021
Sverige 2021: Tusse - Voices
Eks-mannen vår austanfor har surfa på ei årelang topp 10-bølge, og leverer årvisst glatte og lettlikandes låter som lurer seg inn i dei europeiske juryhjarte, men dei siste åra har tendensen vore svært låge publikumspoeng. Har vi som publikum fått nok av låtskrivarteam på storleik med ein middels ungdomsskule, og hjelper det å sende ein sjarmerande russ med underdog-historie når låta er så... svensk? Vi får sjå.
20:39
May 2, 2021
Nederland 2021: Jeangu Macrooy - Birth Of A New Age
Vi skal til vertsnasjonen, som tradisjonelt nok ligg i nedre del av bettinglistene, men fortener dei pes i år? Lars er forkjøla, så episoden er litt forseinka, og de får dessutan gleden av å høyre han slafse på ein Fribol. Neida. Det måtte klippast ut, så episoden er endå meir forseinka. Helsingvis er Hanne og Kanne i betre form, så vi får siste nytt pluss vill gjetting rundt beliggenheita til Surinam.
22:21
April 30, 2021
Slovenia 2021: Ana Soklič - Amen
Årets andre Amen kjem frå landet som har gitt oss klassikarane Sebi, Energy og Hvala, Ne!, men kan Ana måle seg med desse? Har gospel ein plass i ESC? Kjem Vasil til å grine av si eiga framføring av Here I Stand? (Garantert!) Bli med dine favoritt ESC-nesten-nerdar til Slovenia og omegn!
21:52
April 26, 2021
Israel 2021: Eden Alene (עדן אלנה) - Set Me Free
Kan det å omsetje ein song frå morsmål til engelsk samt fjerning av ein modulasjon i det heile tatt kallast ein revamp? Vil Eden greie ESC-historiens høgste tone? Kvar er Kanne Kalse to tredelar av tida? Kvifor alltid Simon Cowell? Velkomen til ei episode der tråden ikkje blir halden og vi tråkkar i mange politiske salatar, som tradisjonen er når turen kjem til Israel.
23:16
April 24, 2021
Hellas 2021: Stefania - Last Dance
Greier vi å presse inn ein Finn Schau-referanse i ein podcast om årets greske bidrag? Den som høyrer får... høyre! Og Kanne Kalse er ute av karantene igjen, så ver budd på siste nytt.
27:23
April 22, 2021
Sveits 2021: Gjon's Tears - Tout l'univers
Ein av mange andra chansen-artistar i år diskar opp med nok ein ballade større enn livet sjølv. Like stor som heile universet! Bli med på ei reise gjennom heile ESC-historia gjennom gleder og (dei siste 20 åra stort sett) sorger for konkurransens O. G. vinnar Sveits. Og kos deg med vår franskkompetanse som er, i mangel av betre skildringar, tres bien.
18:24
April 19, 2021
Island 2021: Daði og Gagnamagnið - 10 Years
Island sender ei to meter høg hipster som er glad i kona si og ungane sine, og det er ein god idé, for no ligg dei dæsken døtte oss heilt oppe i oddstoppen for andre år på rad. Får vi høyre årets vinnar og Islands første førsteplass i dag?
16:34
April 17, 2021
Austerrike 2021: Vincent Bueno - Alive
Mykje bra kjem frå Austerrike - Kommisar Rex, vals og etternamn med to konsonantar på slutten, for eksempel. Og Vincent er jo bueno, eller? Vi dykkar meir ned i det musikkteoretiske i dag, er det eit format vi burde gå vidare med? Lars er Udo, Hannelore er Liesl.
20:38
April 15, 2021
Aserbajdsjan 2021: Efendi - Mata Hari
Kva diskar dəi opp məd i år, dəssə asərbajdsjanaranə, som alltid har əin svənskə på lur og ər passələg ətniskə på əngəlsk? Å, dəi stillər məd samə song som i fjor? Spanandə!
24:31
April 13, 2021
Italia 2021: Måneskin - ZITTI E BUONI
Pastaen og mafiaen sitt heimland sender rock i år, og Europa seier tradisjonelt Italija. Blir dette eitt av få Italinei i styrkeoppvisninga som har vore dei ti siste åra? Pluss, kvar er eigentleg Kanne frå, og kvar er ho når ho ikkje sender frå 12P sitt nyheitsstudio?
29:45
April 11, 2021
Belgia 2021: Hooverphonic - The Wrong Place
Vi lærer mykje i denne episoden både om trip-hop og dagen derpå, men det mest sjokkerande er at i Flandern kallar dei brus "PREK". 
19:04
April 10, 2021
Tsjekkia 2021: Benny Cristo - Omaga
Lars har slipt den skarpe tunga si og Hanne imponerer med uventa tsjekkiske replikkar i aust og vest, eller, berre aust blir det vel. Tsjekkia leverer ung og frisk musikk, er det FOR ungt og frisk for eit aldrande podcastvertskapspar?
19:02
April 7, 2021
Noreg 2021: TIX - Fallen Angel
Heimekamp! Lars kjenner seg ekstra generøs og Hanne avslører mistenkjeleg djuptgåande kjennskap til Paradise Hotel. Og Kanne Kalse kjem med gode nyhende frå Rotterdam Ahoy!
25:59
April 5, 2021
Latvia 2021: Samanta Tīna - The Moon Is Rising
THE REEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEED... Klar for litt god gammaldags ropedame? Leit ikkje lenger, her er ein stor porsjon. 
17:41
April 3, 2021
Estland 2021: Uku Suviste - The Lucky One
Vi fortset turneen i det sentrale nordaust-Europa og landar i dag i Estland, songens og strikkekunstens land. All grunn til å vere positiv altså! Men greier dei å leve opp til klassikarar som Rändajad og Kuula i år? Og held det å heite noko Åge-liknande for at Hanne skal like songen din?
21:06
April 1, 2021
Polen 2021: Rafał - The Ride
Den polske ESC-historia toppa seg tidleg og har vore jamnt under middels ei stund. Kan årets bidrag løfte landet opp frå den evige 17.-plassens dal? Også i denne episoda: Kanne Kalse viser seg å ha fleire sider enn vi trudde.
26:46
March 30, 2021
San Marino 2021: Senhit ft. Flo Rida - Adrenalina
"Ntåå, dei er no søte" plar vere reaksjonen til resten av Europa kvar gong San Marino slepp ESC-bidraget sitt. I år, derimot, var det mange som fekk seg ei overrasking, for sammarineserane er svoltne på finaleplass og topp 10-plassering. Hanne blir kursa i Ramazotti-stemme og kjem med endringsforslag, men denne gongen til vårt eige format.
22:32
March 28, 2021
Malta 2021: Destiny - Je Me Casse
Vi prøver oss på maltesisk, det går dårleg. Ikkje bruk oss som maltesisk-kurs. Malta prøver seg på seier i år, mange veddemålsekspertar held det for sannsynleg. Kva seier ekspertane i 12 Poeng?
20:34
March 26, 2021
Serbia 2021: Hurricane - Loco Loco
Det viser seg gang på gang at Lars berre delvis veit forskjellen på OL og fotball-VM. Hanne kjem med stadige reformasjonsidear til ESC-formatet, nokre dårlegare enn andre, og har bihuler som ikkje spelar på lag med hjernen i dag. Og så snakkar vi om Serbia sitt bidrag. Ikkje så mykje, kanskje, men meir enn det fortener, kanskje.
29:15
March 24, 2021
Nord-Makedonia 2021: Vasil Garvanliev - Here I Stand
Korleis få ei lang episode om deg sjølv i 12 Poeng? 1) Skriv din eigen Wikipediaartikkel og ikkje spar på detaljane. 2) Lag ein song som, skal vi seie det slik, vekker sterke kjensler. NB: Språket i denne episoden ber preg av ein lang kveld med opptak og er NSFW. (Og manglar kanskje noko av nyansen de er vane med frå oss...)
30:49
March 22, 2021
Moldova 2021: Natalia Gordienko - Sugar
Ein suggererande song frå Moldova i år, og den mest sexy sendinga av 12 Poeng på lenge, kanskje nokonsinne! Se bildene! I hovudet ditt, dette er ein podcast.
21:34
March 21, 2021
Georgia 2021: Tornike Kipiani (თორნიკე ყიფიანი) - You
Hanne er litt av ein spøkefugl i dag (også)! Korleis trur de Lars reagerer? Og kva med Georgia, då, dei som alltid sender noko annleis og spanande, kva har dei funne fram til oss i år? Litt sånn lotto med land som liker å skilje seg ut... Pluss sjokkerande nyhende frå Europas (mellombels) siste diktatur, Kviterussland.
27:45
March 18, 2021
Kroatia 2021: Albina - Tick Tock
Bli med Hanne og Lars både inn i ein draum og ut på ein jomfrutur!
21:12
March 16, 2021
Danmark 2021: Fyr og Flamme - Øve os på hinanden
I god dansk stil er det feststemning i 12 poeng i dag. Her snakkar vi klassisk Grand Prix med glitterjakke og heile pakka, men er det det vi vil ha? Tradisjonen tru leverer vi også avskyeleg dårlege parodiar på språk. Ja, men du veit kva du får no etter alle desse episodene, og det er faktisk ikkje vår feil at du trykte play.
22:03
March 14, 2021
Irland 2021: Lesley Roy - Maps
Trudde du at vi var ferdige med kleine aksentar etter episoden om Frankrike? ÅNEIDA, her kjem det meir! Vi skal til smaragdøya og Eurovisionnasjonen Irland, og førebu øyregangane på våre vakre røyster i song, tale og irsk-ish herming.
19:35
March 12, 2021
Finland 2021: Blind Channel - Dark Side
Vi kan tilrå, viss du har lyst til å føle at du går i første klasse på Form og farge men ikkje har innflytelse over CD-spelaren på tegnesalen, å høyre på årets finske bidrag. Eller viss du har eit generelt ønske om å føle at det verste med årtusenskiftet er tilbake. Spoiler alert: Vi er ikkje begeistra. Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/ Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/ Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss
20:43
March 10, 2021
Spania 2021: Blas Cantó - Voy a quedarme
Morsmålpoeng ja, velproposjonerte trekk ja, bra falsett ja, men held dette for den lengsttapande nasjonen i Europa? Bør Spania setje inn eit ekstra gir snart, eller er 62+ år mellom kvar siger greitt nok for eit land som ikkje treng å delta i semifinaler? 12 Poeng tør å stille dei vanskelege spørsmåla. Og snakke dei vanskelege språka.
19:27
March 8, 2021
Ukraina 2021: Go_A - Шум
Vi blir litt forvirra rundt namn, band og songar frå austeuropa. Pali się = Hvala, ne! = Соловей? 2018 = 2019 = 2020? Kva vart avlyst? Kven deltok? Kvar var dei frå?  Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/ Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/ Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss
27:06
March 7, 2021
Litauen 2021: The Roop - Discoteque
Følg 12 Poeng på Facebook: https://www.facebook.com/12poeng/ Eller Instagram: https://www.instagram.com/12poeng/ Og hugs å abonnere i din podcastspelar så dei siste episodene kjem direkte til ditt høyreapparat: https://anchor.fm/s/9dbc26c/podcast/rss Kva song er det eigentleg denne minner oss om? Lars er rekonvalesent etter sin første koronatest (som var negativ, slapp av, denne podcasten er smittefri) og vi møter den første reelle konkurrenten i år: Baltikums attpåklatt Litauen og fjorårets vinnarhåp The Roop. Drikkeleik: Ta ein shot kvar gong Hanne seier "kult" i denne episoden. Nei, ikkje gjer det, vi er ikkje økonomisk, juridisk eller moralsk ansvarlege for det.
23:46
March 5, 2021
Frankrike 2021: Barbara Pravi - Voilà
Håper de liker dårleg fransk aksent! Her får de både ein og to porsjonar anten de vil eller ei. Og denne gongen faktisk litt ferske nyhende til dykk, og som "ekte" trønderar er vi så og seie åleine om å like barten. Special appearance by Rein Alexander.
24:12
March 3, 2021
Tyskland 2021: Jendrik - I Don't Feel Hate
"Overraskande" nok har vi også denne gongen mykje å seie på artistnamnet - Tyskerane har i år tydelegvis sendt ein artist frå Moltustranda. Hanne har meiningar om nasjonale finaler. Lars er så og seie Justin Timberlake.
19:29
March 2, 2021
Kypros 2021: Elena Tsagrinou - El Diablo
Vi mimrar over bryllaupsreisa til Kopar-øya, dreg ein god del overtydelege parallellar til Lady Gaga og undrar oss over at alle kypriotar heiter Eleni, tydelegvis. Og viss du lurte er Hanne IKKJE ferdig med Tix-kontroversen.
25:29
February 27, 2021
Albania 2021: Anxhela Peristeri - Karma
Endeleg tid for Europa! Klinten er skild frå kveiten, fløyten er skumma av, dei skarpaste knivane er tekne ut av skuffen, no er det storegutta og -jentene som står for tur! Og Albania får som alltid vere først, i år med eit førenamn som er... albansk. Morsmålspoeng og ur-saksofon, her er det noko for einkvar som lagar denne podcasten. Kanskje for enkelte lyttarar òg? Pluss: Ny kommentator som trass nært slektskap med programleiarane er kortfatta og brydd av å høyre si eiga stemme.
23:52
February 24, 2021
MGP 2021 Oppsummering
Vi blir kjent med det siste finalebidraget i år og diskuterer om Dagsnytt 18-formatet er noko som vurderast også til den internasjonale finalen. Billig! Dette blir den siste episoden om norsk MGP for i år, gjer dykk klare for å bli kjente med utlendingane! 
32:15
February 17, 2021
MGP 2021 delfinale 5
12 poeng kan avsløre etter grundige undersøkingar at Carina Dahl ≠ Steinar Albrigtsen. Dessutan går vi vidare i føljetongen om Telemark og Grenland. Spanande greier. Og for første gong litt jazzprat, det var på tide... Skal tru om desse delfinalene er ferdige snart?
01:06:43
February 11, 2021
MGP 2021 delfinale 4
Diskusjonen går frå norske komiseriar via Grenland til Rune Rudberg sin tiss. Journalistikk på sedvanleg høgt niveau frå 12 poeng denne veka, fire nye semifinalistar og ei lokal finaleklar dame. Dette er grunnen til at vi tener dei ingen pengane på dette!
01:13:33
February 4, 2021
MGP 2021 delfinale 3
Ein kan no seie så mangt om årets MGP, og det gjer vi jo, men at botnpunkta er låge i år er det ingen tvil om. Lat oss samle oss rundt det denne veka, og bruke det som eit møtepunkt for å utvikle samhald og forståing i det norske folk.
58:23
January 27, 2021
MGP 2021 delfinale 2
Gjensyn med ein (veldig) gammal kjenning, og møte med ein ny venn. Gjensyn med tre unge kjenningar og jammen ein kjenning til, nei dette var triveleg! Og kosestund i koselegaste laget. Te. Ullgensar. Hettegensar i mange fargar. Wow.
01:15:32
January 21, 2021
MGP 2021 delfinale 1
Lars har gløymt korleis ein snakkar. Ver budd på nærare ein time med frasene "kva skal ein seie" og "det kan ein seie". Hanne har gløymt korleis ein ler, men prøver seg likevel fleire gongar i løpet av denne første episoden i sesong 3 av 12 poeng. Ver budd på røykedamelatter av høg kvalitet og ein god del ufortent negativitet retta mot dei fire første artistane i MGP 2021. Vel møtt tilbake!
56:42
January 14, 2021
The Grand Final Part 2: Voting
Finally: The 41 jurors get their say in who will win the 12 Poeng Inaugural and Hopefully Last Makeshift Replacement Contest Audio Only Version 2020! And a very special guest, completing our great Norwegian Legends Interval Act Triad. Enjoy!
01:43:17
May 16, 2020
The Grand Final Part 1: The Songs
Stand (or sit, whatever suits you better, really) in awe before our great knowledge of European geography and the length of our podcast episodes! We take on each and every song of the big final, thus creating a perfect and judgy atmosphere for you to disagree with! Also up for discussion, apparently, is the location of several countries and oceans. 
03:05:29
May 16, 2020
Semi Final 2 of The 2020 Grand 12 Poeng Special Replacement Extravaganza
10 more countries must through to the Grand Final, and the road ends here for 8 songs. Which will be which? We bring, as always, our mostly unfounded opinions and heavy Norwegian accents. Now with even less research!
02:28:06
May 14, 2020
Semi Final 1 of The 2020 Grand 12 Poeng Special Replacement Extravaganza
We listen to the first 17 songs of this year's contest and determine, with the help of an entire continent and more, which ten songs will advance to the final. And for the first time in English! Come for the excitement, stay for the heavy accents and lack of research!
02:13:36
May 12, 2020
Ukraina 2020
Vi ynskjer vår gamle ven og nye podcasttema Ukraina tilbake til konkurransen med fleire nittitalsreferanser, meir eller mindre planlagde songinnslag og utruleg dårlege vitsar.
21:07
March 17, 2020
Belgia 2020
Sjangerfest med 90-talstema inspirert av ein song som tek oss både opp og ned  - dette er Belgia i år. Lars får sjansen til å namedroppe halv-obskure walisiske band og Hanne minnest vår kjære dreadlock-pupp Rona.
19:46
March 15, 2020
Frankrike 2020
Dette nydelege dropset frå Frankrike har det kanskje meir i fjeset enn i halsen, men med god svenskehjelp og rikelege modulasjonar må det jo bli ein innertiar, eller? Hanne og Lars viser sine skjønnheitshatande sanne ansikt og laderer stakkars Tom i eit solid kvarter berre fordi han er dødspen. Eller ligg det meir bak? Følg med og sjå.
17:06
March 13, 2020
Litauen 2020
I ei av våre meir friassosiative episoder er vi innom det meste, frå The Julekalender til den gongen vi ufrivillig øydela karrieren til eit lovande danseband. Alt dette dannar ramma rundt Litauen sitt beste forsøk i ESC på... vel, alltid, kanskje?
25:18
March 9, 2020
Norge 2020
Ei internasjonal superstjerne, ein tidlegare topp 10-finalist i ESC og ein knakande god vokalist har skrive den norske songen i år. Er dette oppskrifta på suksess, eller gjorde stemmerotet i MGP at det blir umogleg for Norge å hevde seg internasjonalt?
22:34
March 6, 2020
Armenia 2020
Hanne skulle ønske at Lars var freestylerappar. Lars skulle ønske han var litt meir prinsippfast. Athena skulle ønske ho var Beyoncé, men alle kan ikkje få viljen sin heile tida.
16:46
March 4, 2020
Jahn Teigen til minne
Vi prøver på vårt fattige vis å oppsummere og samanfatte karrieren til den største norske MGP-artisten gjennom tidene. Vi ser på alle bidraga til Jahn Teigen og minnest ei kjempe i norsk musikkliv.
01:31:53
February 29, 2020
Italia 2020
Synst DU at MGP er for lite komplisert? Saknar du ein todelt folkejury samt to juryar til? Pluss tre månader med delfinaler for å kåre bidrag som ikkje er med i konkurransen? Synst du det norske demokratiet fungerer for godt? Likar du å bytte statsminister kvar fjortande dag? Då er Italia landet for deg*! *Tilbodet inkluderer innbarka misogynistisk kultur samt ein god del høgreekstremisme!
23:50
February 28, 2020
Latvia 2020
Kva får du viss du klistrar godterilepper på ei ung Anastacia og skrur volumet til maks samt tida tilbake åtte år? Svaret får du i dagens 12 poeng!
16:30
February 24, 2020
Australia 2020
Blått hår... Kva blir det neste? 
16:51
February 19, 2020
Tsjekkia 2020
Hanne avslører sin mørke fortid som karatestjerne og Lars avslører løyndomen bak sin imponerande fysikk. Og Tsjekkia har hatt Tidenes Mest Kompliserte nasjonale finale. Klar for litt angolesisk pop? Here we go!
17:10
February 17, 2020
Spania 2020
Spania har internutvalgt eit drops av ein mann til årets ESC (lurt), og slepp deretter songen på TikTok (ikkje lurt, det var jo berre flaks at nokon over 14 fekk det med seg). Er Universo bra, eller har Blas Cantó det berre i eksteriøret? Følg med for å få svaret. Spoiler alert: Usemje internt i 12 poeng om kvaliteten på låta! Kven trur du seier bu og kven seier puh?
14:03
February 13, 2020
Albania 2020
Vi startar for alvor på 2020-sesongen med eit ganske typisk bidrag frå Albania: Ropedame i lakk og lær. Det ryktast at songen skal omsetjast til engelsk, så sans mormålspoeng, er det då noko positivt å seie om Arilena?
14:00
February 9, 2020
MGP 2020 Delfinale 5: Nord-Norge
Lars byrjar bli trøytt av det som har vist seg å vere ein underveldande MGP-sesong, medan Hanne heltemodig prøver å sjå det positive i "melodiane" frå Nord-Norge. 
53:04
February 7, 2020
MGP 2020 Delfinale 4: Vestlandet
Vi ynskjer vår første gjest velkommen til 12 poeng og snakkar om nok ei delfinale i MGP 2020. Er denne litt meir nyskapande enn dei førre tre? Hugs å kome med tilbakemeldingar til podcast@12poeng.no eller i talepostkassen vår på https://anchor.fm/12poeng/message
41:06
January 31, 2020
MGP 2020 Delfinale 3: Midt-Norge
Det er utfordrande å vere vittige podcastvertar med glimt i augo og friske fråspark når det vi har å jobbe med er så inderleg middels. Høyr oss mjaae og njooe oss gjennom dei fire bidraga frå Trøndelagsområdet, akkopagnert av hylande kattar og grinande ungar og send oss gjerne svar på spørsmålet "Kvar finn Sie Gubba kleda sine?" Det er forresten lov å skrive til oss med ris, ros og elles det ein måtte ynskje: podcast(a)12poeng.no
39:42
January 22, 2020
MGP 2020 Delfinale 2: Østlandet
Til Østerland vill jag fara Där bor allra kärestan min Men det jag inte förtält dig det er att han heter Rein. PS: Vi jobbar med lydkvaliteten, og veit at han framleis er suboptimal. 
47:47
January 16, 2020
MGP 2020 Delfinale 1: Sør-Norge
Velkommen tilbake til 12 Poeng og denne noko underproduserte hastig laga episoden. Vi skuldar på NRK som PLUTSELEG SKULLE HA MGP I JANUAR og det utan å spesifikt åtvare Noregs beste, fremste og eldste ESC-podcast.  12 Poeng kjem no med enda betre lydkvalitet, men det virtuelle miksebordet vårt har dessverre kutta oss litt av i starten av setningane av og til. Ha tålmod med oss amatørar, det kjem seg etterkvart.
35:33
January 9, 2020
Lugano 1956
Hanne og Lars prøver seg i langformat med ny mikrofon! Åtvaring til audiofile: Episoden er full av gamle opptak som er dårleg digitaliserte og er dessutan redigert av, etter klippinga og miksinga å dømme, ei full steinkobbe.  
01:32:57
September 22, 2019
Bonusepisode: Avreagering 2019
Vi legg ei kontroversiell ESC-utgåve bak oss og reagerer på jurybråk, Feil Låt Vant-påstandar, politiske stunts og eldgamle popstjerner.
34:32
June 7, 2019
Miniepisode: Aserbajdsjan 2019
Kvifor er Lars misunneleg på Chingiz? Kor gammal er Hanne eigentleg? I denne siste semifinaleminiepisoden får vi svar!
20:45
May 16, 2019
Miniepisode: Nord-Makedonia 2019
Er alle gode ting tre i ESC? Den Nord-Makedonske artisten har lenger fartstid enn dei fleste andre konurrentane, men er ikkje trommer obligatorisk?
19:60
May 15, 2019
Bonus: Reaksjon første semifinale 2019
Vår umiddelbare reaksjon etter første semifinale. Kva er det med folk? Estland?
10:08
May 14, 2019
Miniepisode: Nederland 2019
Nederlands håpefulle prøver å skjule at han har det mest nederlandske namnet sidan Trintje Oosterhuis. Kan han likevel greie å bringe pokalen tilbake etter 44 år?
21:00
May 14, 2019
Miniepisode: Noreg 2019
12 poeng er på heimebane! Fjorårets fiasko rystar oss til denne dag, har det norske folk gjort same tabben i år?
27:35
May 13, 2019
Miniepisode: Albania 2019
Ragnhild Sælthun Fjørtoftane i Albania er ikkje heilt som våre. Lars "gleder" publikum med facts som er fun for veldig få. Hanne gjer eit forsøk på å kondensere lange wikipediaartiklar.
22:56
May 12, 2019
Miniepisode: Russland 2019
Vi presenterer den hittil lengste miniepisoden med det hittil første lyttarspørsmålet! Kontroversielle utsegn står i kø i denne storpolitiske episoden som dessutan inneheld uventa og upassande caps lock.
29:14
May 11, 2019
Miniepisode: Litauen 2019
Extra extra read all about it: Underdogen i Baltikum sender smukkas til ESC. Hanne har ikkje lært noko så langt, men har gode idear til t-skjorter. Lars har gode råd for å overleve i naturen.
18:51
May 10, 2019
Miniepisode: Malta 2019 🇲🇹
Vi besøker det vesle landet som så gjerne vil, og har funne motstridande informasjon om tidlegare bidrag. Klarer vi å bli einige? Klarer Hanne å finne sjangeren? Veit Lars forskjellen på Montenegro og Makedonia? Den som høyrer får svar!
19:59
May 9, 2019
Miniepisode: Kroatia 2019
Er englevengjer til hjelp eller ulempe i ESC? Kva med bleika tenner? Ei viss usemje råder i 12 Poeng-redaksjonen. Hanne avslører sin eigentlege identitet, og Lars blørtar ut namnet på sin eigen anonyme son og må fram med sensurpipet for første gong.
20:32
May 8, 2019
Miniepisode: Austerrike 2019
Vi får ta del i den via dolorosa som er Austerrike si mistrøstige ESC-karrière. Lars kjem ikkje på namnet Přiklopil. Hanne har meiningar om tatoveringar. Ein rånar køyrer forbi.
20:27
May 7, 2019
Miniepisode: Sverige 2019
Söta Bror er ei stormakt i ESC, men går vi mot slutten av ein æra? Vi vurderer Caråla sine merittar, Lars kremtar ein del (beklager) og Hanne har lagt ein plan som vil gjere denne podcasten umogleg å gjennomføre.
18:59
May 6, 2019
Miniepisode: Danmark 2019
Vi helser på dei pølsespisande og bitterdrikkande naboane våre i sør. Lars fortel om ein surpomp og gledesdrepar av ein TV-sjef, og Hanne deler danske kraftuttrykk ho har lært på Matador. Bonus: Sesam Stasjon-referanse.
20:58
May 5, 2019
Miniepisode: Romania 2019
Vi tek mykje av æren for Romanias beste resultat heim til Noreg. Lars har uttalte problem med rumensk ortografi. Hanne har sansen for å samle makt hjå få heller enn mange.
20:35
May 4, 2019
Miniepisode: Latvia 2019
Er Latvia sitt bidrag omfatta av Genevekonvensjonen? Likar Lars borrelåsklede? Kan Hanne mykje om Internett? Svaret på dette og meir i dagens miniepisode!
22:09
May 3, 2019
Miniepisode: Sveits 2019
Vi diskuterer den kulturhistoriske signifikansen til Lou Bega. Hanne gløymer atter sitt store idol Céline og Lars drøymer om utviding av ESC nok ein gong.
18:03
May 2, 2019
Miniepisode: Moldova 2019
Vi trur Moldova sin artist har lete seg inspirere av ein aldrande Eurovision-favoritt. Hanne finn ut at ho nærast er kollega med henne. Lars lærer litt om utbrytarstatar i aust-Europa.
19:28
May 1, 2019
Miniepisode: Irland 2019
Hanne illustrerer korleis det irske bidraget burde vere, og Lars lengtar litt tilbake til Europas mordhovudstad Dublin.
21:01
April 30, 2019
Miniepisode: Armenia 2019
Vi besøker Hajastani hanrapetutjun AKA Armenia AKA det første transkaukasiske landet i ESC. Vi har også fått e-post! Det vil vi ha meir av til podcast@12poeng.no!
23:21
April 29, 2019
Miniepisode: Tyskland 2019
Vi vurderer det lengst deltakande (ikkje samanhengande!) men ikkje mest suksessrike landet i ESC. Den nye poengutdelinga blir forklart, og vi reiser spørsmålet om tyskundervisninga i Norge er for dårleg.
23:02
April 28, 2019
Miniepisode: Storbritannia 2019
Hanne har litt problem med begrepet "i strekk" og forskjellen på tiår og år, og Lars er i mansplainingsmodus. Ja, og BBC har gøymt seg under bordet og skrapa til seg smulane til SVT. @12poeng på Twitter og Instagram, og podcast@12poeng.no er måtar du kan kontakte oss på.
21:32
April 27, 2019
Miniepisode: Italia 2019
Elleve minutt ute i denne episoden er vi halvvegs gjennom bidraga i 2019! Nesten litt vemodig, eller? Neida, med 12 poeng er det uansett alltid Eurovisionsesong! Vi konstaterer nok ein gong at daddy issues er ei greie i ESC i år. Har du daddy issues eller andre problem? Vi er på Twitter og Insta @12poeng, klare til å hjelpe. Elles kan vi nåast på podcast@12poeng.no
22:45
April 26, 2019
Miniepisode: Spania 2019
Panelet er for ein gongs skuld litt usamde. Lars har gløymt eit trekvart akademisk år. Hanne har meiningar om tenåringskomedier og riktig bruk av korps.
21:40
April 25, 2019
Miniepisode: Israel 2019
Israel byr som vanlig på eit vanskeleg språk og endå vanskelegare utanrikspolitiske spørsmål. Hanne har tenkt på noko igjen. Lars viser stor entusiasme for det. Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller Instagram, eller nytt deg av langformatet e-post. Adressen er podcast@12poeng.no.
23:42
April 24, 2019
Miniepisode: Frankrike 2019
Vi byrjar på dei seks førehandskvalifiserte landa, Lars med nedsylta stemme og Hanne med eit 20 år gammalt seksvekerskurs i fransk. Dette MÅ jo bli bra. Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Instagram eller Twitter, eller e-post podcast@12poeng.no.
19:48
April 23, 2019
Miniepisode: San Marino 2019
Vi vurderer sjansane til middelaldrande programleiarar i ESC, Hanne avslører mellomnamnet til Lars og vi er generelt usamde. Siste miniepisode i Semi 1, vi kjem tilbake over påske med meir glam og glitter!
20:14
April 14, 2019
Miniepisode: Hellas 2019
Vi diskuterer likørar, Lars gjer sitt beste for å imitere Elena Paparizou, og Hanne vil at Svalbard skal bli med i ESC, men gløymer kvar Celine Dion kjem frå. Kontakt oss gjerne på Twitter eller Instagram @12poeng eller på e-post podcast@12poeng.no.
12:51
April 13, 2019
Miniepisode: Portugal 2019
Kvifor seier Lars "på Portugal"? Kva har ein sexsjappeekspeditør til felles med Björk? Kva land har Hanne ikkje vore i, eigentleg? Denne episoden gir kanskje fleire spørsmål enn svar. Spørsmål og svar til oss kan rettast til Instagram eller Twitter @12poeng eller til podcast@12poeng.no
23:19
April 12, 2019
Miniepisode: Estland 2019
Forventningane er alltid litt høgare til landet som gav oss Rändajad og Kuula. Greier estarane å innfri? Grunna tekniske problem er dagens episode både litt forseinka og har dårlegare lyd. Skjenn kan sendast til @12poeng på Twitter eller Instagram, evt pr. post podcast@12poeng.no.
18:23
April 11, 2019
Miniepisode: Island 2019
Hanne har tenkt på noko, og det fører jo aldri til noko bra. Lars prøver seg på đ og þ, og vi blir så himmelfalne over eit ålreit nordisk bidrag at vi tøyer begrepet "miniepisode" til bristepunktet. Kontakt oss gjerne på Instagram eller Twitter @12poeng, eller på e-post podcast@12poeng.no
24:43
April 10, 2019
Miniepisode: Australia 2019
Vi slenger ein shrimp on the barbie og besøker heimlandet til salties, livsfarlege insekt og Kate Miller-Heidke: Irland? Nei, Hanne, Australia. Klagene på kor teite me er i denne episoden kan leverast på Twitter eller Instagram @12poeng eller på e-post podcast@12poeng.no
20:29
April 9, 2019
Miniepisode: Georgia 2019
SoMe-ansvarlig Hanne vurderer å logge på Twitter for første gong. Lars rettar på georgisk uttale. Og dessutan: Er Sør-Ossetia eit eigna feriemål? Svaret får du i dagens episode. Vi er på Twitter og Instagram @12poeng. Vi har også e-post: podcast@12poeng.no
19:41
April 8, 2019
Miniepisode: Belgia 2019
Vi lurer på namnekonvensjonar i Benelux og let oss imponere av Generasjon Prestasjon. Tips og triks kan sendast på Instagram eller Twitter @12poeng eller smell til med ein e-post til podcast@12poeng.no
19:02
April 7, 2019
Miniepisode: Tsjekkia 2019
Djupe nedturar og ein ganske høg opptur pregar Tsjekkia si ESC-historie. De får gleda av å høyre Lars recappe eit utval av tidlegare bidrag med ikkje-vekk-ungane-stemme, og Hanne lærer om ein ny musikksjanger. Vi vurderer òg britiske aksentar. Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Prøv dei nye og freshe appane Instagram eller Twitter @12poeng eller send elektronisk post til podcast@12poeng.no
15:44
April 6, 2019
Miniepisode: Polen 2019
Lars minnest ei av dei meir obskure syngedamene han var oppteken av i puberteten. Hanne får bruk for erfaringar med bulgarsk damekormusikk. Og kva er det motsette av Aretha Franklin si stemme? Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller, som ungdommen seier, Insta. Eller send oss eit lite brev på podcast@12poeng.no.
20:40
April 5, 2019
Miniepisode: Serbia 2019
Vi lanserer eit heilt nytt system for å optimalisere ESC-opplevingane til folk flest, og kjem dessutan nærmare prompehumor enn vi har vore nokon gong tidlegare. Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller Instagram, eller smell til med ein e-post til podcast@12poeng.no
15:12
April 4, 2019
Miniepisode: Ungarn 2019
Lars drøymer seg bort i den fagre finsk-ugriske språkfamilien når vi i dag helser på ein gammal kjenning frå Ungarn. Vi anar eit paternalistisk tema i årets konkurranse. Hanne er framleis veldig redd for det nye mediet Twitter. Ta gjerne kontakt med oss der eller på Instagram @12poeng. Eller send oss ein e-post på podcast@12poeng.no
18:02
April 3, 2019
Miniepisode: Finland 2019
Det viser seg at vi har lite positivt å seie om naboane i aust. Lars prøver å banne minst mogleg, Hanne prøver gjentatte gongar å seie Rejman. Spørsmål? Tilbakemeldingar? Prøv Instagram eller Twitter @12poeng eller ta steget fullt ut og send ein e-post til podcast@12poeng.no
16:04
April 2, 2019
Miniepisode: Montenegro 2019
Vi mimrar tilbake til studenttida då vi levde korlivets glade dagar, og stiller det vanskelege spørsmålet: Er all vokalgruppemusikk kleint, eller berre det Montenegrinske bidraget til ESC 2019? Kontakt oss gjerne på Twitter eller Instagram @12poeng, eller skriv eit e-brev til podcast@12poeng.no
15:24
April 1, 2019
Miniepisode: Slovenia 2019 \uD83C\uDDF8\uD83C\uDDEE
Semifinale 1 rullar i sakte fart vidare, denne gongen med Slovenia bak rattet. Hanne slår på noise-cancelling på øyretelefonane og Lars kjem med opptil fleire unøyaktige opplysningar om Jugoslavia. Kontakt oss gjerne via Twitter eller Instagram @12poeng, eller send ein e-post til podcast@12poeng.no
15:11
March 31, 2019
Miniepisode: Kypros 2019 \uD83C\uDDE8\uD83C\uDDFE
Vi snakkar om barnebruder og unge mødre, Lars blir satt ut av tanken på å måtte vere med i ESC og får tårer i augo av å tenke på fjorårets bidrag, og Hanne får pressa inn ein liten Celine Dion-referanse og legg fram planane sine for GP-diktatur. Tankar og tilbakemeldingar? Ta kontakt på Twitter og/eller Instagram @12poeng eller på e-post podcast@12poeng.no
17:31
March 30, 2019
Miniepisode: Kviterussland 2019
Vi byrjar første semifinale i landet som gav oss Alexander Rybak. Her er det kvite bukser og lave forventningar til engelsk uttale, dessutan suspekt oppførsel i nasjonale finaler. Følg oss på Instagram og Twitter @12poeng eller skriv eit brev til podcast@12poeng.no
18:56
March 29, 2019
12 Poeng: Pilotepisode
Hanne og Lars dukkar opp og førebur seg på å dominere Eurovision-debatten i lang tid framover. Første episode er prega av ordsnubling, blanding av personlege pronomen, Celine Dion-beundring og dissing av Sverige og Finn Kalvik. Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller Instagram, eller på podcast@12poeng.no.
13:43
March 29, 2019