Firda Podkast
By Firda Podkast
Firda PodkastAug 27, 2019
Helge Robert Midtbø (AP) - firdapodkast
Helge Robert Midtbø (AP) tapte ordførarvalet på målstreken for fire år sidan. No er planen å ta revansje. Spørsmålet er om han planen klar for å sitja att med ordførarklubba i Sunnfjord etter valet.
Valpodkast med Olve Grotle
I denne podkasten frå Firda får du høyre at Olve Grotle har eit brennande ønske om å bli ordførar i nye Sunnfjord kommune.
Vil bruke Førdefjorden i forhandlingar om makta i Sunnfjord
Åsmund Berthelsen (SV) seier han vil bruke framtida til Førdefjorden i forhandlingar om sentrale maktossisjonar i Sunnfjord kommune. - Kjenner eg Senterpartiet rett kan dei vere villege til å ofre prinsippa sine for å få makt, seier han til Firda i denne podkasten.,
Jenny Følling vil ha matfestival i Førde
Jenny Følling (SP) er favoritt til å bli den første ordføraren i Sunnfjord kommunen nokon sinne. Senterpartiet gjer det godt på meiningsmålingane, og Følling kan dermed bli ordførar i ein storkommune ho i si tid var imot å opprette.
FOr å gjere Førde til ein attraktiv by vil ho alt neste år ta initiativ til ein stor matfestival.
Slik vil Atle Hamar styre Sunnfjord
Han er ein politisk ringrev med eit stort nettverk. No tek han altså mål av seg til å bli ordførar i den nye storkommunen Sunnfjord med 22.000 innbyggjarar. Men meiningsmålingane er svake, og kanskje er Atle Hamar for kontroversiell på heimebane?
Ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, stiller spørsmåla i denne podkasten.
Trailer podkast Firda
Firda testar ut podkast og har laga ein liten reklame for kva som skal komme. Vi veit ikkje heilt kva dette skal bli til, men du vil etter kvart få høyre meir frå oss og andre i Firda.
Helsing Ole Johannes Øvretveit og Kai Aage Pedersen