Bibelpoden
By Jens Thoresen
Bibelpoden May 16, 2024
Salme 124
Israel har eksistert i 4000 år. Hadde ikkje Israels Gud verna Israels folk gjennom denne lange historien, hadde ikkje folket eksistert i dag. Men det gjer dei, og det til stor velsigning for alle.
Salme 123
Denne salma er ein heil liten bøneskule.
Salme 122,5-9
Alle skjønar me at det er kritisk viktig å be om fred for Jerusalem i desse dagar.
Salme 122,1-4
Dette avsnittet handlar om jordklodens aller finaste fellesskap: Den kristne kyrkja.
Salme 121,4-8
Israels Gud våker over Israels land og folk, særleg i desse tider då verda rasar mot både nasjonen og folket.
Kolossarbrevet 3,12-17. Tale i Kristkyrkja 21.april 2024
Kle dykk i inderleg medkjensle....
Salme 121,1-3
Nokre vil ha det til at Jesus av og til tek seg ein blund og ikkje følgjer skikkeleg med på kva som skjer i livet ditt. Ingenting kan vera meir feil.
Kolossarbrevet 3,1-11. Tale 14.april 2024
Kva betyr det å vera oppreist med Kristus?
Kva betyr det å strekka seg etter han?
Kva skjer med dei som gjer det?
1.påskedag 2024
Jesu oppstode markerer vendepunktet i historia. Gud hadde godkjent Jesu offer, og alle kan no koma til Gud og bli hans barn av nåde. Men som Guds barn har me også eit veldig kall kvilande over liva våre: Gå og fortell....
Langfredag 2024. Tale i Kristkyrkja på Stord
Korleis kunne eitt menneske døy for alle verdas menneske? Fordi dette eine menneske var Gud.
I Kristus har du alt
Som kristne har me lett for å måla oss sjølve for å sjekka om trua vår held mål, eller om ho vår ber gode nok frukter. Det skal me få sleppa. Den som er i Kristus er ein ny skapning, og det er ikkje noko fordøming for dei som er i han. Lytt til dene frigjerande forkynninga frå Ulf Magne Løvdahl under bibelhelga på Stord.
Ulf Magne Løvdahl: Bibelen sin veg til Noreg
Det tok nesten 2000 år frå Bibelens bøker var samla i ei bok til nordmenn kunne lesa han på sitt eige språk. Det var ein lang og smertefull veg Guds bok hadde bak seg før det kunne la seg gjera. Her fortel Ulf Magna Løvdahl levande og kunnskapsrikt om denne dramatiske historia.
Salme 120
Me startar i dag gjennomgang av dei såkalla "festreisesalmane", salmer israelittane song på sine årlege vandringar til tempelet.
Salme 119:173-176
Salmisten avsluttar Salme 119 med ei bøn om å bli funnen. Han føler seg som ein bortkomen sau. Korleis kan dette henga saman?
Salme 119,169-172
Salmisten ber om forstand. Han innser at utan Den heilage andens hjelp er det umogeleg å forstå Gud.
Sammen for å nå ut
Tale i Kristkirken 25.februar med hovedvekt på gateevangelisering
Kolossarbrevet 2,8-25
Grunnkreftene i verda er sterke. Folk flest er drivne av desse i liva sine. Det handlar om trong etter det gode liv, rikdom, makt og berømming og anerkjenning. Men kristne let seg motivera av noko som er sterkare: Den kraft Gud synte på Kristus då han reiste han opp frå dei døde. Denne krafta er å finna i einkvar sann kristen.
Tale om Salme 1 i Zoar på Halsnøy 11.februar av pastor Jens Thoresen
Denne salma handlar om kor enormt viktig Guds ord er i liva våre. Det skaper tru når me lyttar med positiv innstilling, det formidlar Andens kraft og liv og mykje, mykje meir.
Salme 119,166-168
Kva vil det seia å elska og å halda Guds bod, som forfattaren av Salme 119 påstår at han gjer?
Kolossarbrevet 2,16-23
Kyrkja har alltid vore plaga av tendensar til religionsblanding. Slik også i vår tid. I våre dagar blir yoga og andre meditasjonsformer introduserte i norske kyrkjelydar, og mange let seg også styra av den åndsrøyndomen som pregar LHBTQ+-rørsla. Dersom me prøver å integrera slike ting som ein del av trua vår, taper me Kristus og Guds frelse. Men Guds ord har ei bevarande kraft så lenge det blir forkynt.
Salme 119,161-165
Guds ord har større verdi for salmisten enn det største krigsbyte, og han elskar det høgare enn alt. Det gjer at han har ein djup fred i møte med livet sine mange utfordringar
Vekking i India
I Huderabad er det ei kristen kyrkje som har vakse frå 20-30 medlemmer i 2005 og til 350000 i dag. Det er eksepsjonelt. Her er har eg omsett ein CBN-reportasje frå Calvary Temple i Hyderabad
3.juledag 2023. Den store konflikten
Herodes var paranoid, og den gamle mannen såg på Jesusbarnet som ein rival og stod han etter livet. Det vart ein katastrofe.
Advent 2023. Dag 21. Rettferdssola
Rettferdssola er eit uttrykk som me finn om Jesus i Malaki 4,2. Det er eit beskrivande uttrykk. Han seier sjølv at han er verdas lys.
Advent 2023, dag 20
Job såg i si ånd 2000 år før Jesu fødsel at han skulle koma og løysa han ut frå synd, skuld og skam, og for å overvinna døden.
Advent 2023. DAG 18
I dag snakkar eg om betydninga av at Jesus vart fødd i Efrata, landskapet utanfor Betlehem, der gjetarane var med flokken sin.
Advent 2023. Dag 16
Dagens hovudtema: Jesu universelle herredøme
Advent 2023, dag 15. Fredsfyrsten
Jesus skapte fred mellom himmel og jord, og etablerer sin fred i alle truande sine hjarto.
Advent 2023, dag 14
Kva betyr det når Jesus vert kalla Evig Far. Det prøver eg å svara på her.
Advent 2023. Dag 12
Kva tyder det at Jesus er Veldig Gud? Det er dagens tema.
Advent 2023. Dag 11. Underfull rådgjevar
Jesus er den beste rådgjevar både når det gjeld personlege, private saker og i dei store politiske sakene, ja, innafor eitkvart samfunnsfelt.
Advent 2023. Dag 9
Maria sa ja til Guds kall om å bli Jesu mor. Med sitt ja endra ho heile verdshistoria. Det er sterkt å tenkja på kva godt som kan skje når eitt menneske seier ja til Guds kall.
Advent 2023. Dag 8
"Herreveldet kviler på hans skuldrar."
Advent 2023, dag 6
For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven
Advent 2023, dag 5
Kristus bur i alle som trur på han, slik at dei påverkar menneska dei har rundt utan å anstrenga seg for å vera påverkarar, og dei formidlar alltid lys og håp.
Advent 2023. Dag 4. Advent og misjon
Evangeliet kjem med frelse og framtidshåp til alle menneske i alle nasjonar.
Advent 2023, del 2
I Edens hage på den mørke dagen då Adam og Eva synda mot Gud, kom Gud til dei og tente ei stjerne av håp.
Advent 2023. Del 1
Adventstida er eit utdøyande fenomen for dei fleste. Men i den kristne kyrkja ventar me på at Jesus skal koma attende for å dømma levande og døde, og skapa ein ny himmel og ei ny jord. Advent handlar om håp.
Kven er Jesus?
Jesus er veldig Gud, evig Far, Fredsfyste, den førstefødde av dei døde, Guds ord, Livsens brød, Guds offerlam, Guds Son, Menneskesonen, verdas lys osv.osv. Historias mest unike person, det er det ingen tvil om. Og det store er, all sin personlege rikdom deler han med alle som vil ta imot.
Salme 119,149-152
Guds lover er livgjevande på den måten at når me lever etter dei, aukar me sjansane våre til å leva gode liv, og ikkje minst at me vil garantert gjera livet betre for andre.
Jødiske høgtider i kristent perspektiv
Svanhild Jakobsen går gjennom dei store høgtidene i jødedommen, og dreg linjer fram til evangeliet om Jesus og det kristne livet. Drivande interessant.
Sjå, eg gjer noko nytt. Tale i Zoar 29. oktober
I Kristus kom Gud som menneske. Det var nytt. Då Jesus døydde, vart syndene våre tekne bort for evig, det var nytt, då han stod opp att, var døden for overvunnen for alle, det var nytt, i den gamle pakt var Guds rike avgrensa til Israels folk, no var alle velkomen inn, det var nytt, og på pinsedag kom Anden og grunnla kyrkjelyden som eit splittert nytt fellesskap, og tok han bustad i kvar enkelt kristen og gjorde alle ting nye i og for Jesu vener.
Salme 119,145-148
Å ta vare på Herrens forskrifter er ikkje berre å forfekta dei, men å leva etter dei av eit villig hjarta.
Di rettferd er alltid rett
Sanninga og rettferda er objektiv. Det er ingenting som heiter mi sanning eller di sanning. Me kan ha ulike meiningar, men Sanninga er heva høgt over alle meiningar som folk har. Det handlar for den enkelte av oss å koma så nær sanninga som mogeleg når me formar meiningane våre, og Sanninga finn me i Bibelen.
Herrens ord er meir verdfullt enn det reinaste gull
Kva er det som gjer Guds ord så verdfullt? Det er den krafta det har til å frelsa menneske frå synd, skuld og skam, formidla liv frå Gud og løfta folk ut frå vondskapens maktområde.
Gjer mine steg faste
Livet er ei vandring, og målet er himmelen, og skal me nå fram må me følgja Jesus resolutt, og ikkje tillata urett å få makt over oss
Rikdomen som me har fått til forvaltning
Fordi Jesus og hans frelse har ein så høg verdi, også bodskapen som bringer oss inn i fellesskapet den største av alle skattar.
Denne rikdomen kom til oss utan at me hadde bestilt han, og har me teke imot han, er det vårt kall å dela han med våre medmenneske. Det er slik Guds rike breier seg ut over i verda.
Apostelen Peter del 2
Alv Magnus talar her om kven Peter var i utgangspunktet, og kva Jesus fekk gjort han til. Om oppturar og nedturar i Peters liv. Om korleis han reiste seg og vart ein kristen leiar av enormt format.
Fem talande møter mellom Jesus og Simon Peter
Simon Peter hadde sine "ups and downs" i kristenlivet. Men til slutt vart han ein tenleg reiskap for Jesus og Guds rike.
Fire måter å tilnærma seg Gud på, berre ein av dei fører fram.
Talen handlar om spirekrafta i Guds ord, og om ulike måtar me menneske tek imot Guds ord på. Dette relatert til såmannslikninga.